Hopp til innhold

Norsk 1. divisjon for menn 2022

  • Heltne Nilsen til Åsane

    Ola Heltne Nilsen (21) har signert for Åsane, melder klubben på sine nettsider. Heltne Nilsen kjem frå Hødd, som er nyopprykka i 1.divisjon, og har signert ei kontrakt på tre år. Midtstopparen er veslebror til Brann-kaptein Sivert Heltne Nilsen og son til Aalesund-trenar Lars Arne Nilsen.

  • Sein straffe sende Kongsvinger vidare mot eliteserien

    Kongsvinger spela i over ein time med ti mann, men slo likevel Start 1-0 i Kristiansand. KIL er dermed eitt steg nærmare eliteserien, medan Start er slått ut.

    Målet kom på straffe etter 88 minutt. Keeper felte Ludvig Langrekken som var på veg gjennom, og Lars Krogh Gerson scora sikkert på straffen.

    KILs Trace Murray fekk raudt kort etter 28 minutt, og etter det var det Start som pressa. Dei hadde sjanse på sjanse, inkludert eit tverrliggartreff. Men fekk ikkje mål.

    10 minutt på overtid blei Kongsvinger redusert til ni mann då Fredrik Holmé fekk sitt andre gule kort.

    Kongsvinger vann sin tredje strake bortekamp i kvalifiseringa - 1-0 over Sandnes-Ulf, 2-1 over KFUM og no altså 1-0 over Start.. No ventar heime- og bortekamp mot Sandefjord i kamp om den siste plassen i eliteserien komande onsdag og søndag.

    Kongsvinger, som spela i 2. divisjon i fjor, blei nummer 6 i årets 1. divisjon.

    Start - MKongsvinger
    Foto: Geir Egeland / NRK
  • Brann avslutta med stil og poengrekord

    Brann slo KFUM 4-1 framfor nesten 13.000 tilskodarar i sesongavslutninga i 1. divisjon, og sette dermed poengrekort for divjonen med 81 - to fleire enn Aalesunds rekord frå 2019.

    KFUM tok leiinga ved Petter Nosakhare Dahl, men så var det berre Brann. Felix Horn Myhre gav Brann 2-1 ved pause, og Niklas Castro og Bård Finne sette dei to siste på overtid.

    Stabæk slo Mjøndalen 2-0 og sikra seg den andre opprykksplassen, heile 23 poeng bak Brann.

    Start, KFUM, Sandnes Ulf og Kongsvinger tar kvalikplassane. Første kamp i kvaliken blir Sandnes Ulf - Kongsvinger.

    I botnen var alt avgjort før siste runde. Grorud og Stjørdals-Blink rykkjer ned, men begge avslutta med siger - Stjørdals-Blink med 1-0 over Skeid, Grorud med 3-1 over Åsane.

    Andre resultat i serieavslutninga: Bryne - Sandnes Ulf 0-2, Kongsvinger - Fredrikstad 0-1, Raufoss - Sogndal 0-3, Start - Ranheim 2-1.

    Skeid er på kvalik-plass, og møter Arendal i kamp om ein plass i neste års 1. divisjon.

    Niklas Castro
    Foto: Javad Parsa / NTB
  • Stabæk nær opprykk

    Med ei scoring i siste minutt sikra Kornelius Normann Hansen Stabæk 3-2 over Ranheim og nesten opprykk til eliteserien, saman med forlengst opprykksklare Brann.

    Grift Orban sende Stabæk i leiinga etter ei halv time. Men med mål av Ruben Alte sekund før pause og Vegard Erlien tre minutt ut i andre omgang snudde Ranheim kampen.

    Så slo Stabæk tilbake og utlikna ved Nicolas Jenssen etter 63 minutt, før Hansen avgjorde.

    To rundar før slutt har Stabæk seks poeng ned til Start å tredjeplass, og klart betre målskilnad. Men KFUM kan legge seg fem bak Stabæk når dei møter Raufoss måndag.

    Start slo Åsane 4-1 og sikra plass i omspelet seinare i haust. Tapet gjorde omspel-plass vanskelegar for Ranheim. Også Sogndal snubla stygt i kamp om omspel, ved å tape 2-0 for nedrykksklare Grorud.

    Kornelius Nortmann Hansen
    Foto: Rodrigo Freitas / NTB