Hopp til innhold

Kritiserer manglande pengar til Bredtveit

Venstre kritiserer SV for at det ikkje ligg meir pengar til Bredtveit fengsel i revidert nasjonalbudsjett.

Bredtveit kvinnefengsel i Oslo.

I mars i år blei det sett inn fleire strakstiltak i Bredtveit kvinnefengsel. Sivilombodet meinte soningsforholda var kritiske.

Foto: Anders Fehn

Regjeringa har varsla 15 millionar kroner meir til kvinnefengsla, men det er uvisst kor mykje Bredtveit kvinnefengsel får.

No gir Venstre krass kritikk til SV for at dei ikkje gjorde meir for å sikre pengar dit.

– SV har vore svært tydelege i media på at forholda på Bredtveit er skammelege. Likevel har dei svikta dette totalt i forhandlinga med regjeringa, seier Venstres justispolitiske talsperson, Ingvild Wetrhus Thorsvik.

Les også Sivilombudet slår alarm om Bredtveit fengsel

Fengselsgangene i Bredtveit fengsel.

– Seier noko om prioriteringane

Thorsvik peikar på at SV har gått hardt ut og bede regjeringa om å ta tak i saka.

Ho meiner SV no sjølv valde å ikkje gjere nødvendige utbetringar i fengselet, sjølv om dei hadde moglegheita og meir pengar til rådvelde denne gongen.

Ingvild Wetrhus Thorsvik

Ingvild Wetrhus Thorsvik, justispolitisk talsperson i Venstre. Ho meiner SV burde gjort meir for å sikre pengar til Bredtveit.

Foto: Per Kåre Sandbakk

– Det å da ikkje finne pengar til Bredtveit seier noko om kva prioriteringar ein har gjort seg i denne budsjettrunden, seier Thorsvik.

I Venstres alternative budsjett bevilga dei 30 millionar kroner til fengselet.

Freidig kritikk

SV meiner Venstre sjølv har vore med på årlege kutt i kriminalomsorga.

– Dette er freidig kritikk frå Venstre, som årleg kutter i kriminalomsorga og i stor grad er ansvarlege for situasjonen kvinnene på Bredtveit og andre i kriminalomsorga står i, seier SVs justispolitiske talsperson, Andreas Sjalg Unneland.

Andreas Sjalg Unneland

Justispolitiske talsperson i SV, Andreas Sjalg Unneland, kallar Venstres kritikk «freidig».

Foto: Olav Døvik / NRK

Han seier at det blir sett av 45 millionar kroner i budsjettavtalen for å styrkje kriminalomsorga.

15 av desse skal gå til å betre kvinner soningsforhold.

– Det er positivt, men på ingen måte nok. Vi vil halde fram med å kjempe for at kvinnene på Bredtveit skal få betre soningsforhold, seier Unneland.

Les også Flere ble vitne til at innsatt tok livet sitt i kvinnefengsel: – Dypt tragisk og trist

FENGSEL: Bredtveit fengsel blir ofte kalt kvinnefengselet. Her er det plass til 64 innsatte. NRK møtte én av dem som soner her.