Hopp til innhold

Måtte laste pasienten over i ny ambulanse på motorvegen

Over heile landet er det trøbbel med leveringa av nye ambulansar.

I mai i år var ein ambulanse på oppdrag i Oslo-området.

Det hasta å få pasienten til sjukehus. Dei sette på blåljos og sirener.

Så mista bilen motorkrafta.

Ambulansepersonellet stansa bilen. Starta den på nytt.

Dei kom opp i 80 km/t. Så mista den krafta igjen.

AMK vart kontakta, står det i varselet til Statens helsetilsyn.

På motorvegen måtte pasienten bli lasta over i ein ny ambulanse.

Dette kunne enda alvorleg. Pasienten måtte rekke ein transplantasjon.

Det hadde dei ikkje gjort, hadde det ikkje vore ein annan ambulanse tilgjengeleg.

Sånt som dette har skjedd fleire gonger, i heile Noreg.

Som her i Førde, da dei merka at bilen ikkje fungerte slik den skulle:

Bilen lugga heile tida, og hadde redusert motorkraft. På vegen fekk vi ikkje bilen i høgare fart enn 80, trass at gasspedalen var heilt inne.

Helse Førde Rapportert, uønska hending i 2023

Får ikkje nye ambulansar

Ola Borstad er leiar ved ambulanseavdelinga på Oslo Universitetssjukehus.

Ambulansen er eit av dei viktigaste verktøyet dei har. Og dei er avhengige av at dei er driftssikre, forklarar han.

– Men både høg kilometerstand og alder gjer sitt til at driftssikkerheita blir redusert.

Kvart år bestiller dei, og alle andre helseføretak i Noreg, nye ambulansar.

Men dei får ikkje alle ambulansane dei har bestilt.

Ola Borstad

Ambulansesjef Ola Borstad fortel at dagen før han møter NRK, skulle ein av ambulansane på verkstad. Bak den køyrde ein reserveambulanse. Før dei kom fram stoppa reserven, slik at den måtte køyrast til verkstaden på henger i staden.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Ei av årsakene er at dei blir produsert i mellom anna Ukraina.

Ei anna er koronapandemien, da det vart problem med transport over heile verda.

Etterslep over heile landet

Ambulansane køyrer på grusvegar, motorvegar og i snirklete bygater. Korte og lange turar. Roleg, eller med gassen i botn og blåljos på.

Det gjer at dei blir raskare utslitne enn vanlege bilar.

Ambulansetjenesten ved Oslo universitetssykehus (OUS)

Veka før NRK møtte Borstad på Ullevål i Oslo, stod to ambulanseteam utan bil. Ikkje eingong reservebil var å oppdrive.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

NRK har kontakta alle helseføretak i landet.

Fleirtalet fortel at dei har fleire gamle bilar, der driftssikkerheita er lågare og utgiftene høgare enn dei burde vere.

Sjekk ditt sjukehus her:

Oslo universitetssjukehus HF og Akershus universitetssjukehus HF

Bestilte 18 ambulansar i 2022, og 18 i 2023.

Åtte fra 2022 blir levert i november/desember 2023. Ein blei mottatt tidlegare i år. Dei resterande blir forhåpentlegvis levert i løpet av 2024.

Sjukehuset Innlandet HF

Bestilte 14 biler i 2022. Elleve av desse blei levert, tre er anslått levert i desember 2023.

I 2023 bestilte dei elleve nye ambulansar. Berre ein av dei er levert. Resten har ukjent leveringsdato, men det er anslått at dei blir levert i 2024.

Vestre Viken Helseforetak

Har bestilt nye ambulansar i 2022 og 2023, men ikkje oppgitt antal.
—Vi tek til etterretning at våre kollegaer har utfordringar. Så langt erfarer vi at vårt samarbeid med direktør for økonomi og Sjukehusinnkjøp bidrar til stabil drift, seier ambulansesjef Lillian K. Solbakken.

Helse Midt-Norge

Bestilte 21 ambulansar i 2022. To av desse er ikkje levert, men er venta i løpet av dei neste månadane.

I 2023 bestilte dei og 21 ambulansar. Ingen av desse er levert enda, men sju av dei skal produserast dei neste månadane.

Sjukehuset Østfold

Bestilte seks ambulansar i 2022. Tre av desse blir levert i 2023, tre tidleg i 2024.

I 2023 bestilte dei seks bilar. Desse er planlagt levert siste halvår av 2024.

Sjukehuset i Vestfold

Har bytta ut ambulansar både i 2022 og 2023.

Forventar fire nye ambulansar levert innan utgangen av 2023.

Sjukehuset Telemark

Bestilte fire nye ambulansar i 2022/2023.
To av desse vart levert i oktober. To av dei skulle vore levert innan utgangen av året, men blir ikkje levert før i 2024.

Sørlandet sjukehus

Har 35 ambulansar i drift, og 12-15 reservebilar. Nokre har køyrd over 750.000 kilometer.

Dei har bestilt nye bilar både i 2022 og 2023. Halvparten av dei fra 2022 er levert, halvparten blir montert dei neste ukene. Ukjent leveringsdato på bilane fra 2023-bestillinga.

Helse Stavanger HF

Skal ta imot tre ambulansar i 2023, som er etterslep fra 2021 og 2022.

I 2022/2023 bestilte dei fire nye bilar, desse blir levert så snart som mogleg.

Helse Bergen HF

Bestilte seks nye ambulansar både i 2022 og 2023.

Fem av desse kom i 2022. Tre er forventa i november til desember 2023, og ein tidleg i 2024. Det er usikkert når dei siste tre kan leverast.

Helse Førde

Dei fekk åtte bilar i 2022, etter eit opparbeidd utskiftingsbehov tidlegare år.

I desember 2022 bestilte dei fire ambulansar til. Dei er forventa levert i starten av 2024.

Helgelandssjukehuset

Bestilte to bilar i 2023.

Desse er berekna levert i april 2024.

Universitetssjukehuset Nord-Norge HF

Bestilte åtte ambulansar i 2023.

Det er usikkert når desse blir levert, men dei kjem kanskje i første kvartal i 2024.

Nordlandssjukehuset

Dei bestilte fem nye ambulansar i 2022. Tre av dei er levert, dei to siste forventast levert før jul 2023.

I 2023 bestilte dei fem nye. Alle desse er levert og sett i drift.

Finnmarkssjukehuset

Fekk fem nye ambulansar i 2022, men ingen i 2023, trass at dei skifta ut fire-fem bilar.

Dei har bestilt nyare, men brukte ambulansar for å demme opp for etterslepet.

I 2024 ynskjer dei å bestilte åtte til ni nye bilar.

Nokre stader, som Innlandet og Oslo, har dei opplevd å ikkje ha nok ambulansar til vaktlaga på jobb. Det skjer på grunn av teknisk svikt eller uventa verkstadbesøk.

Ambulansetjenesten ved Oslo universitetssykehus (OUS)

OUS har 19 ambulansestasjonar i Oslo, Akershus og Glåmdalen.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Ved Universitetssjukehuset i Nord-Noreg fryktar dei at det vil bli problematisk å halde ambulansar i drift viss situasjonen ikkje betrar seg.

Men det kan den gjere i 2024.

Ole-Magne Kleven er avdelingsleiar i Sjukehusinnkjøp. Det er dei som bestemmer kven som skal få levere utstyr til sjukehusa i Noreg.

Han har fått tilbakemelding om at produksjonen er tilbake til normalen.

No blir det jobba med å ta igjen etterslepet.

– Men vi snakkar nok om ei forsinking på opp mot eit års tid, så vi vil bruke månadar på å ta det igjen.

Ole-Magne Kleven

Ole-Magne Kleven, avdelingsleiar i Sjukehusinnkjøp, seier dei kan kjøpe inn ekstra bilar på visse vilkår, for eksempel viss ein bil absolutt ikkje kan brukast lenger. Dei har fått to slike førespurnader i år.

Foto: Knut-Sverre Horn

– Det blir levert ambulansar i jamn takt no, så da kan helseforetaka sjå på kvar behovet er størst, og sette dei i drift der.

Rundt ein fjord eller over eit fjell

Viss bilane stansar kan det i aller verste fall få alvorlege konsekvensar for pasienten.

Det har det heldigvis ikkje gjort til no.

Ambulansetjenesten ved Oslo universitetssykehus (OUS)

Fleire helseføretak fortel at dei fryktar for pasientsikkerheita. Situasjonen skaper og påkjenningar for dei tilsette som har ambulansane som sin arbeidsstad.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Men det er ein vesentleg forskjell på osloområdet, og resten av Noreg, påpeiker Borstad.

Andre stader er det ofte lenger til neste ambulanse.

– Nokre stader må ein må køyre rundt ein fjord eller over eit fjell for å komme til. Det er det mindre av i vårt område, seier ambulansesjefen.

Ein av dei som er bekymra er Trond Carlson. Han er klinikksjef for prehospitale tenester ved Finnmarkssjukehuset.

– Der det eigentleg skulle vore berre ein ambulanse på grunn av for eksempel folketal, har vi to på grunn av avstandane.

Her kan eit oppdrag vare så lenge som 10–12 timar. Og da er det langt å nå fram viss ambulansen må bytes ut.

Trond Carlson, klinikksjef for prehospitale tjenester ved Finnmarkssjukehuset

Trond Carlson ved Finnmarkssjukehuset seier dei ikkje har hatt store driftsavbrot på bilane, slik at dei har blitt teke ut av drift over tid. Men bekymringa er der heile tida, fordi fara aukar dess eldre bilane blir.

Foto: Eirik Palm / Finnmarkssykehuset

Får ikkje kjøpe tilgjengelege bilar

I Oslo har dei brukt fleire millionar kroner på å halde dei gamle bilane ved like.

– Mest bekymra er vi for pasientsikkerheita, og for våre tilsette. Vi er òg bekymra for ei utfordring i økonomien, seier Borstad.

Ambulansetjenesten ved Oslo universitetssykehus (OUS)

Ambulanseavdelinga ved OUS utfører om lag 185.000 oppdrag og køyrer ca. 5,5 millionar kilometer i året.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Andre helseføretak bekreftar det same – dei ser ei betydeleg auke i utgiftene.

Alle passar på at bilane får dei servicane og reparasjonane dei treng, og gamle bilar kostar meir.

Dei pengane hadde dei kanskje spart om dei hadde fått dei nye ambulansane til riktig tid.

Og det finst nye ambulansar, som kunne blitt levert.

Ola Borstad

Ambulansesjef Ola Borstad seier dei har meldt inn at dei ynskjer seg meir fleksibilitet, og håpar det blir endra i nye avtalar.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Sjukehusa bestiller nemleg bilar i ulike kategoriar.

Dersom akkurat den bilen i den kategorien dei har bestilt ikkje kan leverast, kan dei ikkje bestille ein annan.

Borstad forklarar det enkelt:

– Viss du kjøper ein TV i butikken, men ikkje får han på mange månadar, kan du seie: «eg vil ikkje kjøpe hos deg, men hos ein annan». Det kan du ikkje med ambulansar.

Ambulansetjenesten ved Oslo universitetssykehus (OUS)

OUS: 27 bilar har gått mellom 300.000 og 400.000 km. Åtte har gått mellom 400.000 og 500.000 km, og éin meir enn 500.000 km.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Kan løyse seg i 2024

Kleven, avdelingsleiaren i Sjukehusinnkjøp, seier det blir gjort ei endring når dei nye innkjøpsavtalane skal tre i kraft fra januar.

Der vil det vere to ulike kontraktar til to ulike produsentar.

– Det betyr at viss det blir for eksempel produksjonsstopp av ein type bil, kan ein kjøpe ein annan type i staden.

Ambulansetjenesten ved Oslo universitetssykehus (OUS)

Denne bilen har firehjulstrekk, som er det OUS helst vil ha.

Foto: Rolf Petter Olaisen / NRK

Det vil gje ein meir robust tilgang, dersom ein av produsentane får leveringsproblem.

Han seier dei har lært mykje av situasjonen vi har vore i dei siste åra.

– Ein kan aldri gardere seg heilt for store globale hendingar, som krig og pandemi.

NRK har vore i kontakt med dei to leverandørane som har avtale i dag. Dei ynskjer ikkje å kommentere saka.

Hei!

Har du nokon tankar eller innspel etter å ha lese denne, eller tips om andre saker eg burde sjå på? Da vil eg gjerne høyre fra deg!