NRK møter LA Galaxys superstjerne i Los Angeles. Zlatan sit avslappa med hestehale og i lysegrå genser.
Svensken smiler når han snakkar om Premier League.
– Eg har spela i så mange ligaer at eg veit kva eg pratar om, seier svensken, som har blitt ligameister både i Italia, Spania og Frankrike.
Men han makta det ikkje for Manchester United i England.
– Premier League er det er den mest hypa og ligaen med det mest intense tempoet. Kan du ikkje makte det tempoet, klarar du deg ikkje, sjølv om du er verdas beste, seier Zlatan i intervjuet med NRK i Los Angeles.
– Åt dei til lunsj
Han seier at han likevel hadde ei fantastisk tid i United.
– Men no som eg har vore i PL, kan eg seie at basiskvaliteten på spelarane er oppskrytt. Eg har sett betre spelarar i andre ligaer, men som ikkje kan handtere tempoet i England. Spelarar med mindre kvalitet, men som greier tempoet, klarer seg betre. Derfor har eg sagt at Premier League er oppskrytt.
Ibrahimovic er aktuell med ny bok i desse dagar. Her skriv svensken at han hadde «ete dei til frukost».
– Ja, om eg hadde kome dit ti år tidlegare. No åt eg dei til lunsj i staden, ler 37-åringen.
– Hadde eg vore der ti år før, var det ein heilt annan situasjon, hevdar «Ibra».
Morten Gamst Pedersen er ikkje heilt samd med Zlatan i det.
– Vi ser døme både på teknisk gode spelarar som har lykkast der, og som har mislykkast Så kva som er den beste ligaen, er vanskeleg å seie, seier Gamst Pedersen. Han spela sjølv 260 kampar for Blackburn i Premier League frå 2004 til 2012.
– Eg trur Premier League i alle fall er den jamnaste ligaen når du ser på skilnaden mellom topp og botn, seier Tromsø-spelaren. – Men at det er ein oppskrytt liga, vil eg ikkje seie.
– Om han hadde ete dei til frukost, er eg ikkje sikker på. Då hadde han iallfall blitt mett, ler Gamsten.
– Kjende meg som Supermann
I den nye boka har også den stygge kneskaden hans fått stor plass.
– Eg var på toppen av min karriere. Eg kjende meg som Supermann og verdas beste. Så fall eg brått heilt til botnen og kjende meg hjelpelaus, seier Zlatan.
– Eg kom i ein situasjon eg aldri hadde vore i før. Ein dag orka eg ikkje eingong å gå med krykker. Eg sa til fysioen min: «Hent ein rullestol og køyr meg rundt».
Han svara: «Ingen i verda skal få sjå deg i rullestol. Du tar krykkene, og du skal lide. Akkurat no er du i ein situasjon der du skal lære deg å gå gjennom det du gjer».
– Skaden skulle normalt sett stopp for ein karriere. Men ikkje for meg. Eg kom tilbake, seier Zlatan.