– Dette er faktisk den første skikkelege kaka eg et etter VM-gullet, smiler Karsten Warholm.
21-åringen prøvar å «lande» etter VM-gullet, og er tilbake i Oslo. Laurdag formiddag var han gjest i radioprogrammet Ukeslutt i NRK.
Midt under sendinga fekk han servert kake frå Ukeslutt-redaksjonen, den første etter VM-gullet, ifølge han sjølv.
Pante flasker
Og Norges nye idrettshelt får meir enn god nok råd til å finansiere nok kake i framtida.
Ifølge ekspertane kjem marknadsverdien til gullgutten til å auke kraftig. Sponsorekspert Lasse Gimnes meiner verdien vil stige til opp mot 10 millionar kroner, ifølge VG.
Sjølv er hovudpersonen oppteken av å halde på sitt folkelege preg.
– Eg synest alltid det er like morosamt å sjå at slike tema kjem opp. Foreløpig har vi ikkje satt igang med så mykje «sånt», seier Warholm til NRK.
– Eg må berre prøve å kose meg. Eg likar ikkje å bruke pengar. Og det kjem eg ikkje til å like no heller. Det kjem ikkje til å endre seg.
– Eg er sunnmøring, og eg skal halde fram med å pante flasker for å seie det sånn, smiler mannen frå Ulsteinvik.
Surrealistisk
Norge gjekk «bananas» då han sprang inn til VM-gull onsdag kveld. 1,1 millionar nordmenn var benka føre TV-skjermen då 21-åringen knuste Kerron Clement og dei andre konkurrentane på 400 meter hekk.
I sosiale media hagla videoane frå nordmenn som hylte og skreik føre TV-skjermen.
– Det har vore surrealistiske dagar. Min store frykt er at nordmenn skal bli dritlei meg før eg har kome i gang. Får berre håpe at folk set pris på det, og at dei synest at eg er ein ok type. Det likar eg, seier Warholm.
For det er framleis to Diamond League-stemner igjen av sesongen. Der har Warholm har planar om å prestere.
Ta av trykket
Men først skal han ein tur til heimbygda Ulsteinvik. Og ellers prøve å sove og slappe av.
– Eg må møte litt vener og gjere dei tinga. Eg skal berre prøve å gjere det som eg har gjort før, seier Warholm, som skal køyre «business as usual».
– Det handlar om å finne dei tinga som gjev deg energi. Og ikkje det som tar bort energi. Eg håpar eg kan tråkke i dei samme fotspora som før, seier Karsten Warholm.
– Trykket på deg kjem til å auke, korleis vil du handtere det?
– Eg har lyst til å møte mest muleg folk. Men det handlar om å «ta av litt av trøkket» også, slik at eg kan fokusere på prestasjonane, for det er prestasjonane som gjer at vi er der vi er, seier Karsten Warholm.