– Eg tek til å bli litt nervøs, og det er vanlegvis eit godt teikn, seier Warholm på ein pressekonferanse tre dagar før Bislett Games.
– Det kjem til å bli ein frekk duell, seier han om løpet mot Abderrahman Samba. – Men no er det ein som er betre enn meg, så då må eg prøve å slå tilbake.
I tillegg til å slå attende, vil no Warholm prøve seg på 400 meter flatt att. I fjor droppa han- all satsing på 400 meter flatt, fordi det ville ha vore ein skam for alt arbeidet han hadde lagt ned på hekkane.
– Det er noko eg skal prøve, men eg veit ikkje heilt kva tid enno, seier Warholm på spørsmål om han skal springe 400 meter flatt.
– Det er jo høgt nivå på dei aller beste der, men han kan jo vere ein som er med og matchar dei beste der også, seier NRKs friidrettsekspert Vebjørn Rodal.
– Ein må jo springe fort på 400 meter flatt om ein skal springe fort med hekkar. Det er liksom ei nødvendigheit, legg han til.
NORSK MEISTER: Karsten Warholm vart norsk meister på 400 meter flatt i 2014, 2015, 2016 og sist i Sandnes i 2017.
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpixLiten forskjell
– Det er litt meir hurtigheitskrevande med 400 meter flatt, men han har jo vist at han har gode fartsressursar, meiner Rodal.
VEBJØRN RODAL: – Han kan jo vere ein som er med og matchar dei beste der også
Foto: Anders Skjerdingstad / NRKHan er glad for å høyre at verdsmeisteren på 400 meter hekk frå 2017, no au vil prøve seg på den same distansa utan hekkar.
– Karsten har jo oppnådd veldig gode resultat på 400 meter flatt tidlegare, så han kan jo vere med å dominere internasjonal friidrett på fleire område. Og 400 meter med og utan hekkar er jo ganske likt, seier NRK-eksperten.
44,87
Den 10. juni i fjor senka Karsten Warholm den norske rekorden på 400 meter flatt med over eitt sekund - med 44,87. Til sammenligning har ni utøvere i verden løpt under 44,60 hittil i år, så han har en vei å gå.
– Kva er du god for på 400 meter flatt?
– Det er umogleg å seie. Rekorden min frå Florø i fjor er jo veldig bra. Viss eg forbetrar den så skal eg vere veldig «happy», seier Warholm.
REKORD: Karsten Warholm senka sin eigen rekord på 400 meter flatt frå 46,10 til 44,87 på eit stemne i Florø i fjor.
Foto: Truls Kleiven– Kan du kjempe i verdstoppen på 400 meter flatt?
– Altså, verdstoppen er enormt hard å nå. Så eg skal vere forsiktig med å påstå at eg kan slå meg inn i verdstoppen. Men eg trur nok at eg kunne sprunge inn på respektable tider på det nivået.
Rodal trur Warholm ville opplevd 400 meter flatt som enklare enn med hekkar.
– Karsten kan finne både glede og motivasjon i å prøve seg på andre øvingar enn 400 meter hekk. Og så vil det nok faktisk opplevast enklare å springe utan hekkar. Då slepp han å tenke på stegrytme mellom hekkane og alt det der.
– Hekkepasseringane har blitt betre, der har eg kutta litt. Men eg har også blitt ein del raskare, seier Warholm. – Det er ofte ein samanheng mellom 400 meter flatt og 400 meter hekk.
VERDSMEISTER: Karsten Warholm vann VM-gull på 400 meter hekk i 2017.