– Eg ser desse managerane driv og kranglar og har ein litt sånn pissekonkurranse om kven som kan pisse høgast på stolpen. Så har eg den fantastiske mor mi som sit heime og ikkje kunne brydd seg mindre, og vi gjer greia vår, seier Warholm til NRK.
Spørsmålet handlar om openheit rundt kontraktar i friidrettsverda.
Noah Lyles gjekk høgt ut i intervjusona under innandørs-VM i Glasgow og sa han «ville bli sjokkert» om nokon hadde ein betre avtale enn han. Han fornya nettopp utstyrsavtalen med Adidas.
Som regjerande verdsmeister på 100 meter, 200 meter og 4x100 meter stafett er kontrakten naturlegvis bra. Teamet hans hevda det er snakk om summar på høgde med rekordsummane Usain Bolt tente frå Puma, rundt 20 millionar kroner i året.
Adidas nektar han å avsløre talet. Han har spurt fleire gonger.
Skulda for lureri
Daniel Wessfeldt meinte utspela var eit marknadsføringstriks utan substans i VG. Han representerer Armand Duplantis og Jakob Ingebrigtsen, to av dei best betalte utøvarane til friidretten.
Warholm skjønner ikkje kvifor dei kranglar om dette – og heller ikkje kvifor det må offentleggjerast.
– Eg tenker, kva skal ein få ut av å dele? Skal folk like deg betre fordi du fekk betre betalt eller skal folk tenke høgare om deg fordi du får betre betalt? Eg tenker at folk kan halde kontrakten sin for deg sjølv, seier sunnmøringen, og ristar lett på hovudet:
– Viss dei er så store som han seier at dei er, så har ein ikkje så stort behov for å «flashe» det, tenker eg.
Wessfeldt: – Warholm uttrykker seg på ein god måte
NRK kontakta Wessfeldt rundt Warholms utspel om «pissekonkurranse». Den svenske agenten svarer:
– Eg synest Karsten uttrykker seg på ein god måte. Det har ikkje tidlegare vore så mykje snakk eller spekulasjon om kva ein spesifikk kontrakt inneheld. Det var først når Noah Lyles saman med agenten sin, Mark Wetmore, verkeleg ville få merksemd rundt størrelsen på Noahs nye kontrakt, seier han til NRK.
Wessfeldt fortel at han har vore i kontakt med Wetmore for å høyre om bakgrunnen, der den amerikanske agenten skal ha svart at han meinte det var viktig å vise fram at friidrett er ein attraktiv sport, med høg kommersiell verdi.
– Han (Wetmore) meiner det aukar interessa frå andre potensielle sponsorar. Han vil ikkje at vi (friidretten) skal oppfattast som ein amatøridrett, som faktisk friidrett framleis blir sett på i USA, seier svensken.
Ifølge Wessfeldt er det mykje enklare for utøvarar frå land som Noreg og Sverige å få personlege sponsorar utover skoavtalar.
– Friidrett er stort i Europa, men ganske lite i USA samanlikna med amerikansk fotball, basketball eller baseball. Noah Lyles vill sikkert prøve å forandre det.
Lyles: – Idretten må tilpasse seg
Noah Lyles spekulerer i grunnen til at han ikkje får offentleggjere tala.
– Det er same grunnen til at ein ikkje gjer det i arbeidslivet, slik at dei kan ha overtaket på arbeidstakaren. Det er noko som har soge sidan begynninga i friidretten, seier Lyles.
Den amerikanske stjerna er frustrert over den manglande openheita.
– Agenten min meiner det først handla om at dei som ikkje tente pengar skulle kjenne seg utanfor. Nå er vi på eit punkt der dei fleste får betalt. Da må idretten tilpasse seg det, meiner Lyles.