– Det vi gjer no, er at vi ber IOC om å setje i verk tydeleg respons, seier Linda Hofstad Helleland. Den norske kulturministeren er også visepresident i WADA.
– Betyr det at WADA i realiteten tilrår IOC å stengje Russland ute av OL?
– Vi har dessverre ikkje verkemiddel til å iverksetje sanksjonar i dette tilfellet. Men det har vi fått seinare, så om den russiske hendinga hadde skjedd no, hadde vi kunne kome med tydelegare reaksjonar, seier Helleland.
Det er to krav dei meiner Russland ikkje har imøtekome:
- Å offentleg akseptere McLaren-rapporten som meiner å ha påvist omfattande systematisk russisk doping-juks, ikkje minst under vinter-OL i Sotsji i 2014.
- Og å nekte full tilgang til urinprøver og datafiler frå dopinglaboratoriet i Moskva.
– Forventar passande reaksjonar
McLaren-rapporten blei lagt fram i november 2015, og WADA reagerte med å suspendere den russiske antidopingbyrået RUSADA, og å stille ei rad med krav før RUSADA igjen skulle bli godkjend.
RUSADA har seinare imøtekome mange av desse krava, men ikkje to av dei viktigaste. Derfor vil ikkje WADA godkjenne organisasjonen enno.
Før OL i Rio i 2016 bad WADA i klartekst IOC om å stenge ute Russland. Det har ikkje skjedd denne gongen.
– Det er IOC som må reagere, og vi har vore tydeleg på at vi forventar passande reaksjonar. Som mange andre avventar vi konklusjonane i dei to komiteane IOC har i arbeid, og som skal legge fram sine rapporter med det aller første, seier Helleland.
STRIDENS KJERNE: RUSADA er det russiske antidopingbyrået, men det blir enno ikkje godkjent av WADA
Foto: Alexander Zemlianichenko / ApMå innfri alle krava
Komiteane skal ha sine rapportar klar før IOC-styremøtet 5.–7. desember. Då skal også IOC ta stilling til reaksjonane overfor Russland.
– Vi har sagt klart frå til Russland om kva kravet vårt er.
– Har Russland sagt klart frå om at dette er noko dei ikkje vil eller kan?
– Ja. Det er framleis to krav som Russland er nøydd til å innfri før WADA kan godkjenne det russiske antidopingbyrået. Det har dei enno ikkje gjort, og det er beklageleg.
Den russiske sportsministeren var til stades og fortalde om arbeidet som er gjort på russisk side.
– Mykje viktig arbeid blir gjort for å få tilbake tilliten. Men dei har likevel ein veg å gå før dei er komne langt nok.
– Kva trur du blir konsekvensen dersom Russland faktisk blir utestengd frå OL?
– Det vil eg ikkje spekulere i.
Skal trekke styresmaktene tettare inn
På initiativ frå Helleland vedtok WADA tysdag å innføre One Voice, ei ordning som skal sørgje for at ressursane blir samla.
– Det skal samordne arbeidet med alle lands styresmakter slik at WADA-møta er godt førebudd og har klare ambisjonar for å styrke antidopingarbeidet og kampen for ein rein idrett.
– Hittil har det i stor grad vore opp til idrettsorganisasjonane sjølve å sjå til at dopingreglementet blir følgt. Så ser vi dessverre at det ikkje er nok, seier Helleand.