Trenaren Andrea Fuentes såg eleven byrja å søkke mot botnen av bassenget, og tok umiddelbart grep.
Ho stupte uti og fekk amerikanaren til overflata og opp av bassenget.
– Det var skremmande, eg såg at ho ikkje pusta, sa Fuentes til den spanske avisa Marca.
Ifølgje trenaren svima utøvaren av på grunn av all anstrenginga ho hadde lagt inn i programmet.
Heldigvis gjekk det bra med utøvaren, men no er trenaren skaka over den manglande hjelpa i symjehallen under verdsmeisterskapet.
Bad om hjelp
Alvarez fekk legehjelp i symjehallen og skal vere i god form no. Det skriv det amerikanske laget i ein pressemelding. Ho skal bruke torsdagen til kvile, før ho skal konkurrere fredag i friøvinga for lag.
– Ho hadde berre fått vatn i lungene og er ok no, men det kjendest ut som ein heil time før vi kom dit, sa trenar Fuentes, ifølgje AS.
GJEKK BRA: Anita Alvarez er bevisst og i form.
Foto: APDei utsegna kjem etter at ho sjølv måtte steppe inn og redde utøvaren ut av vatnet.
Ifølgje trenaren, som sjølv har fire OL-medaljar, var det ingen av vaktene i symjehallen som reagerte då Alvarez fekk problem.
– Eg sa at ting ikkje var som det skulle, eg ropte til dei og sa at dei skulle kome seg i vatnet, men dei oppfatta ikkje kva eg sa, eller så forstod dei ikkje, seier trenaren vidare.
SKAKA: Amerikanske fans reagerte umiddelbart då dei blei vitne til hendinga.
Foto: Anna Szilagyi / APDet er visst ikkje første gong Alvarez har svima av i vatnet. Ho skal ha mista bevisstheita under symjerutinen i Barcelona i fjor. Det var fyrste gong det skjedde i konkurranse. Ifølgje mor skal ho ha svima av på trening tidlegare, men ikkje i konkurranse.
Likevel var det ein skremmande oppleving, ifølgje trenaren.
– Ho hadde ein skikkeleg høg puls, og kjeven var lukka. Ho pusta ikkje og det kom vatn ut av munnen hennar. Heldigvis kom ho seg kjapt, seier ho og legg til at dei begge ler av hendinga no.
Overraska over situasjonen
NRKs synkron-kommentator Anniken Skiebe Heiland kan fortelje at ho har vore vitne til slike episodar tidlegare, men at ei endring i regelverket har ført til at det skjer mindre hyppig.
– Det er heilt forferdeleg at slikt skjer. Det har faktisk skjedd nokre få gonger før, men dei har endra sporten for at utøvarane skal sleppe å vere så lenge under vatn. Før var det meir viktig å vere lenge under vatn, seier Heiland til NRK.
– Opererer dei framleis i grenseland av kva som er trygt?
– Ja, det kan jo virke slik, då, når slikt skjer, seier ho.
Skiebe Heiland er særleg overraska over at Alvarez svima av i solokonkurransen.
– I lagkonkurransen kan det skje at utøvarane pressar seg hardare, for viss du stoppar opp i programmet, så øydelegg du for alle. I solokonkurransen kan ein stoppe opp dersom ein kjenner seg uvel, eller kjenner at noko er i ferd med å skje, seier ho, og legg til:
– Så dette hadde eg aldri trudd.
Alvarez har delteke i artistisk symjing under symje-VM, som går føre seg i Ungarns hovudstad Budapest. I 2016 og 2019 blei ho kåra til årets synkronatlet i USA.