Hopp til innhold

VM-sensasjonen avslørte juksemakarar på direkten

Det siste året har stjerneskotet Nodirbek Abdusattorov komme som ein komet inn i verdstoppen. Samtidig har han avslørt ei rekkje juksemakarar på nett.

Nodirbek Abdusattorov

HERJAR: Nodirbek Abdusattorov intervjuast av NRK etter eit av partia i VM.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Abdusattorov er frå Usbekistan, og på grunn av kronglete flysamband og pandemi har han dei siste åra teke store steg gjennom spel på internett.

Med nettsjakken har juks i sjakk vakse seg stor som ei vondarta cyste. Tidlegare i haust er det avslørt omfattande juks både på topp- og botn-nivå i sjakken.

– Det er eit stort problem, og tiltaka for å hindre det bør vere strenge. Problemet kjem til å bli større og større, fordi juks er veldig lett, seier Abdusattorov til NRK.

Nodirbek Abdusattorov

IMPONERER: Nodirbek Abdusattorov har feia motstanden av brettet i Reykjavík.

Foto: Jørund Wessel Carlsen / NRK

Juks-oppvask

Ifølgje chess.com er fire av dei 100 beste sjakkspelarane i verda teke i juks. Det kom fram i Niemann-rapporten utarbeidd av den største sjakknettstaden i verda.

Sidan Abdusattorov har spelt mykje på internett, har han møtt mange spelarar på feil side av regelverket.

– Eg har møtt mange juksarar online. Eg kan sjå det på trekka deira, fortel han.

Han seier det er rimeleg lett å avsløre, særleg når han møter ukjende spelarar som speler ekstraordinært.

– På nett er det vanskeleg å sjå om spelaren er rein. Sjølv stormeistrar er ikkje alltid reine, seier han.

– Eg har vorte juksa mot i eit langsjakkparti, og veit korleis det kjennest. Det er ikkje bra, så eg håpar dette er bra for sjakken i lengda, seier Hjörvar Steinn Gretarsson.

Blir samanlikna med kvelarslange

Så langt i VM har usbekiske Nodirbek Abdusattorov feia motstanden av brettet. Med ti av tolv poeng i gruppespelet var han suverent best av dei åtte VM-deltakarane.

– Eg trudde ikkje han var sterk, seier regjerande verdsmeister Wesley So.

Abdusattorov vart oppdaga tidleg av russiske Dmitrij Kajumov, ein erfaren trenar frå Russland. Kajumov var raus med rosen då han beskreiv unge Abdusattorov til media i heimlandet:

Gjennom 40 år som trenar i ulike land har eg sett mange stormeistrar, men eg har aldri sett eit talent som han, sa Kajumov.

Den tidlegare trenaren døydde i fjor, men før han døydde garanterte han at Abdusattorov kom til å bli verdsmeister.

Merk mine ord, sa han.

Då usbekaren vann VM i hurtigsjakk på nyåret måtte sjakkpressa i verda hente fram superlativa.

Nodirbek Abdusattorov

PÅ VEG MOT GULL: Abdusattorov tok VM-gull i hurtigsjakk i fjor. Her frå hurtigsjakkturneringa.

Foto: CHRISTIAN KRAKENES

Han spesialiserer seg på å seigpine motstandarane og minner meg om legenda Anatolij Karpov, skreiv amerikanske John B Henderson.

Indiske Express døypte han til «kongeboaen som kveler motstandarane».

Passerte magisk grense

Sjølv er usbekaren avmålt om eigen karriere, men sakte har han teke steg nærare verdstoppen. No er han rangert som nummer 31 i verda, og nummer fire som junior. Etter tre år «i stampe» tok han nyleg eit stort steg mot verdstoppen.

No er han ein «2700-spelar», ein spelar med over 2700 i rating.

Endeleg!, seier Abdusattorov.

Dermed håpar han å fokusere på å nå neste draumegrense, framfor å avsløre juksemakarar på nett.

Eg er veldig optimistisk på vegen vidare, og no skal eg gjere mitt beste for å nå 2800, seier Abdusattorov til NRK.

Siste nytt

  • Luton misset seiershattrick mot Everton

    Luton prøvde å slå Everton for tredje gang denne sesongen, men måtte nøye seg med 1-1 og er fortsatt på nedrykksplass i Premier League.

    I en kamp med mange store sjanser til begge lag tok Everton ledelsen på et VAR-straffespark midt i første omgang, men Elijah Adebayo utlignet da han knuste Ashley Young i en duell ved lengste stolpe, tok ned ballen og knallet den i mål.

    Luton måtte vinne for å klatre forbi Nottingham Forest og ta seg over nedrykksstreken, men er i stedet bak på målforskjell med en kamp mer spilt.

    Everton kom fra seier i tre strake hjemmekamper og har tross sine poengstraffer berget plassen. Likevel ville laget gjerne fortsette seiersstimen.

    UZxSU_N9CXo
    Foto: AP
  • Schjelderup-perle hjalp Nordsjælland til seier

    En frisparkperle fra Andreas Schjelderup ble vinnermålet da Nordsjælland slo AGF 3-1 borte. Laget henger med i gullkampen i dansk fotball.

    Farum-laget inntok 2.-plassen tre poeng bak Brøndby, men ett foran FC København og Midtjylland før de tre andre topplagene skal i aksjon søndag.

    Halvparten av målene i kampen ble scoret av banens to nordmenn, for på overtid reduserte Magnus Knudsen for AGF, som torsdag spiller cupfinale mot Silkeborg.

    Søndag er det storkamp mellom Midtjylland og Brøndby, mens FC København gjester nettopp Silkeborg. (NTB)

    Z9MpMJjlMEg
    Foto: NTB
  • Stian Solberg ga ishockeylandslaget 1-0-seier over Latvia i forlengning

    Stian Solberg vant pucken, gikk fra egen halvdel og ga Norges ishockeylandslag 1-0-seier over Latvia etter 37 sekunder i forlengningen fredag.

    Det skjedde etter tre målløse perioder i Riga.

    Det norske laget gikk rett i strupen på bronsevinneren fra fjorårets VM og dominerte den første perioden. Norge vant skuddstatistikken i de første 20 minuttene 13-2, og supertalentet Michael Brandsegg-Nygård hadde to stolpetreff.

    Solberg er svært ettertraktet og kan i juni bli den første norske spiller som velges i første runde i NHL-draften.

    Lagene møtes igjen lørdag i generalprøven før elite-VM. Mandag offentliggjør landslagssjef Tobias Johansson troppen til mesterskapet i Tsjekkia. Norge spiller sin første kamp mot Sveits fredag 10. mai. (NTB)

    x0J7YQ1S8hE
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal