Virusinfeksjon for Lund Svindal

Aksel Lund Svindal har fått ein virusinfeksjon og måtte på sjukehus i Austerrike. - Men eg kjenner meg mykje betre no, skriv han.

Aksel Lund Svindal
Foto: Samuel Kubani / Scanpix/AFP

Det norske alpin-esset skriv i bloggen sin at han kjende seg sjuk under opphaldet i Innsbruck-området, og fekk ikkje trena så mykje som han ville. Magen slo seg vrang, høgre beinet tok til å verke, og han fekk feber.

- Dagen etter kjende eg meg litt betre. Men då eg reiste til Altenmarkt, kjende eg meg dårlegare att, så det var ikkje noko anna å gjere enn å oppsøke sjukehus i Schladming, skriv han.

Der viste det seg at han hadde fått bakterieinfeksjon i magen og virusinfeksjon i resten av kroppen.

- Men no er eg ute av sjukehuset, og kjenner meg mykje betre, skriv Lund Svindal i bloggen.

Siste nytt

Sendeplan

Kl. Program Kanal
VM svømming kortbane
VM svømming kortbane