Hopp til innhold

Aksel klar for premiere

Etter fleire utsettingar er kinofilmen om Aksel Lund Svindal endeleg klar for premiere. Filmskaparane lovar eit nært portrett og spektakulære skibilder.

Aksel-film

AKSEL OG «AKSEL»: Aksel Lund Svindal er spent før premieren på kinofilmen om seg sjølv.

Foto: Arne Sørenes / nrk

Vi er i ein kinosal på Lillehammer. Lyden på filmen «Aksel» blir justert ein siste gong. Mellom regissørar og lydfolk sit han alt dreier seg om.

Aksel Lund Svindal.

Berre namnet kan få idrettsinteresserte verda over til å rette seg litt ekstra i kinosetet.

Mannen er ei legende.

Ein av dei mestvinnande i alpinsirkuset gjennom alle tider.

Aksel-film

PÅ KINO: Snart kan du treffe Aksel Lund Svindal i ein kinosal nær deg

Foto: Arne Sørenes / nrk

No ser han utvalde scener for fyrste gong. Med full lyd, på stort lerret:

– Det er rart! Dette er jo ting eg hugsar veldig godt, så det er mange minner som kjem tilbake.

Tett på

Dei to filmskaparane Filip Christensen og Even Sigstad har fulgt Svindal tett sidan vinteren 2017.

Eller, eigentleg starta det lenge før. Alt i 2007 var Svindal med i den andre skifilmen til den då purunge Christensen. Selskapet hans, Field Productions, har sidan produsert ei rekkje skifilmar.

I 2013 laga Field Productions skifilmen «Supervention». Alt då var Svindal eitt av namna på plakaten

Frikøyraren Even Sigstad har vore med heile vegen. Som skikøyrar, redigerer og etter kvart regissør.

Even Sigstad

SKISTJERNA OG REGISSØRANE: Aksel Lund Svindal saman med Filip Christensen (til venstre) og Even Sigstad.

Foto: arne sørenes / nrk

– Unik idrettsmann

Planen no var å lage ein dokumentar der dei kunne kombinere gamle opptak av Svindal med nye.

Men då dei starta å filme, forstod dei at dei var i posisjon til å følgje ein unik idrettsmann heilt på tampen av karriera:

–Då var det berre å køyre på, seier regissør Even Sigstad. Vi kunne ikkje slutte før han gav seg. Det ville vore for dumt.

Gjennom to lange år var dei tett på den skadeplaga alpinisten som vinteren 2017 kjempa ein knallhard kamp for å komme tilbake etter nok ein kneskade.

– At dei kom så tett på er eg litt ukomfortabel med for å vere heilt ærleg. Men eg har stor tillit til filmskaparane. Og skal ein først gjere dette, så må ein jo gjere det skikkeleg, seier Svindal.

trailer til kommende film om Aksel Lund Svindal

Sjå traileren til dokumentaren «Aksel» som snart kjem på kino. Foto/produksjon: Field Productions

Spektakulær dronefilming

I filmen får vi sjå Aksel Lund Svindal køyre ned utforløypa i Kvitfjell filma på ein helt ny måte.

– Nærare verkeleg utforkøyring enn dette kjem du ikkje om du ikkje står på skia, seier Lund Svindal. Vi har brukt nokre teknikkar som aldri har blitt brukt før.

Ein engelsk dronepilot vart hyra inn, og med ei lita racingdrone flaug han etter toppalpinisten ned OL-løypa i over 100 kilometer i timen.

– Han engelskmannen er best i verda på dette, og filminga er heilt rå, fortel ein entusiastisk Christensen.

Det er kult å kunne lage ein dokumentar som også pusher det visuelle så hardt som det vi prøver på.

Aksel Lund Svindal vann årets utgåve av NRK-suksessen «Mesternes mester». Han får også ei stor rolle når programserien rullar vidare:

Vanskeleg å slutte

Filmskaparane lovar eit tett portrett der ein føl Aksel Lund Svindal både gjennom opp- og nedturar. Og dei lovar eit heilt spesielt innblikk i livet på innsida av det som då var det beste alpinlandslaget i verda.

– Vi fekk tilnærma fri tilgong, og det var spennande å sjå kor tett toppalpinistar som Lund Svindal og Kjetil Jansrud jobba. Dei var både venner og konkurrentar, men hjalp kvarandre både før, under og etter konkurransar, seier Christensen.

Aksel Lund Svindal fortel at nettopp tilhøvet til Jansrud og dei andre på laget gjorde det ekstra vanskeleg å legge opp:

– Du gir deg jo ikkje berre med å køyre utfor, men også med å vere saman med dei menneska som har vore den største delen av livet ditt i tillegg til familien. Og det å gje slepp på dette var veldig vanskeleg. Og akkurat det synest eg filmen får fram på ein veldig fin måte.

«AKSEL» har verdspremiere laurdag 2. oktober i skibygda Oppdal.

15. oktober kjem filmen på kino over heile landet.

Sjå Aksel Lund Svindal i Mesternes Mester på NRK TV