NRK Meny
Normal

Vil gi rekordsigneringa Hamed-Allah meir tid

Aalesund punga ut over sju millionar kroner for Abderrazak Hamdallah. Etter to innhopp og fem kampar frå start har marokkanaren framleis litt å bevise.

Abderrazzaq Hamed-Allah

Hamed-Allah prøver seg mot Molde-back Knut Olav Rindarøy. Mot Molde blei det berre nesten for den 22 år gamle marokkanaren.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB scanpix

– Vi jobbar med det. Vi jobbar med samspelet for å få han betre med i spelet, seier AaFK-trenar Jan Jönsson til NRK.

For Abderrazak Hamdallah, eller Hamed-Allah, som er fotballnamnet til 22-åringen har ikkje vore meir enn heilt grei så langt.

Han landa i Ålesund 24. mars med håp om å imponere frå første spark. Og med ein høg prislapp var forventningane nærmast astronomiske.

Etter sju seriekampar, to av dei innhopp, er éi scoring og to gule kort det den marokkanske spelaren har notert seg for.

Glapp i muren, ufin mot veteran

Men det har vore ein litt treig periode for Aalesund òg, etter den glimrande sesongstarten. Mot Molde torsdag blei det tap 4–1.

Sikret 0-1 for Aafk i Sarpsborg

Hamed-Allah var svært glad etter å ha scora 1-0 då AaFK møtte Sarpsborg 08 borte. Det er spelaren si einaste scoring så langt i Eliteserien.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

– Vi sprekk opp for første gong denne sesongen som lag, sa Jönsson etter kampen.

To frispark snudde kampen til Molde sin fordel, og på frispark nummer to frå Hamed-Allah kjeft.

– Han sprekk opp i muren på andremålet, og det er ein situasjon vi har vore gjennom. Vi må informere han betre. I førre heimematch gjekk vi gjennom det positive og negative. Han fekk kritikk for mange balltap, samstundes som der er ein del situasjonar som ikkje blir utnytta godt nok, meiner AaFK-trenaren.

Mot Molde torsdag kom Hamed-Allah òg i fokus då han viste finger til Daniel Berg Hestad.

– Pluss og minus

Jönsson er klar på at det er ein tung AaFK-periode generelt, noko Molde-kampen viste.

Svensken meiner Hamed-Allah må få meir tid.

– Mot Molde var det pluss og minus, slik det har vore så langt. Vi jobbar med å få han til å forstå betre, avsluttar Jönsson.

Neste kamp for AaFK er heime mot Lillestrøm førstkomande måndag klokka 18.30.

Siste nytt

  • VAR kan innføres i Eliteserien

    Norges Fotballforbund mener VAR kan bli aktuelt i Eliteserien etter VM-suksessen. – Vi ser at det innføres internasjonalt og må nok på et tidspunkt også følge etter, sier konkurransesjef i Norges Fotballforbund, Nils Fisketjønn til NTB.

    VAR
    Foto: Luis Acosta / AFP
  • Islands trener slutter

    Heimir Hallgrímsson gir seg som islandsk landslagstrener. Forbundet ønsket å ha med Hallgrímsson videre.

    – Etter sju gode år med det islandske laget har jeg bestemt meg for å gi meg nå, sier treneren.

    Hallgrímsson tok Island til landets første VM.

    Heimir Hallgrimsson
    Foto: Ueslei Marcelino / Reuters
  • Knudtzon til Molde

    Molde har hentet Erling Knudtzon fra Lillestrøm, det melder Molde på sine nettsider. Knudtzon har fått en treårskontrakt med de blåkledde fra Romsdal. Kontrakten gjelder fra 1. januar 2019.

    Ërling Knudtzon
    Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB scanpix

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Tour de France: 10. etappe
Sport i dag