Hopp til innhold

Spissjuvelen til AaFK er ikkje uroa over høge forventningar

Mange års leiting, utan hell, men i februar signerte AaFK endeleg den segnomsuste «superspissen». Måndag bestod han dei medisinske testane. – Eg tek utfordringa på strak arm, seier 22-åringen frå Marokko.

Abderrazak Hamdallah

Abderrazak Hamdallah, det dyraste spelarkjøpet til Aalesunds FK noko sinne, er 100 prosent klar for AaFK. Måndag glei han forbi dei medisinske testane, før han møtte pressa etter AaFK-treninga.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Med to tolkar troppa Abderrazak Hamdallah opp på Color Line Stadion måndag. Administrerande direktør og pressesjef i AaFK følgde framfor og bakom.

22-åringen frå Marokko kosta AaFK nærmare éin million euro, eller over sju millionar norske kroner.

Han blei kjøpt frå den marokkanske klubben Safi i februar.

Søndag landa han i Ålesund. Måndag bestod han alle dei medisinske testane.

Abderrazak Hamdallah

Med eigne tolkar blei Abderrazak Hamdallah losa gjennom intervju måndag.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Eg takkar for tilliten

Spelaren sjølv omtalar seg som allsidig, god i bakrom og som ein god avsluttar. Han skal ha vere glimrande teknisk og ha god fysikk.

– Han vil passe godt inn i norsk fotball. No veit eg at han er sugen på å få kome seg ut på treningsfeltet i morgon, seier AaFK-trenar Jan Jönsson.

Hamdallah er den dyraste spelaren dei oransje og blå nokon gong har kjøpt. Forventningane er enorme, noko spelaren sjølv lev godt med.

– Eg håper å tilfredsstille det behovet Aalesund har. Eg takkar for tilliten, og gler meg veldig til å kome i gong, seier 22-åringen til NRK.

– Eg er ikkje uroa over forventningane til meg, og eg tek utfordringa på strak arm.

Kan få debuten allereie måndag

I dag, måndag, formiddag blei klart at kampen mellom Sandnes Ulf og AaFK skal spelast.

Hamdallah og Jönsson

Abderrazak Hamdallah saman med AaFK-trenar Jan Jönsson.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Trenar Jönsson fortel at debuten fort kjem då.

– Han skal vere kampklar, så får vi sjå kor mykje speletid det blir. Kvalitetane er derimot så store at han skal vere veldig aktuell allereie måndag mot Sandnes Ulf.

AaFK sin svenske trenar er derimot klar på at han skal få tid på seg, trass i den svimlande prislappen.

– Det er «skjønt» at han endeleg er på plass, og det aukar konkurransen. Men han skal få tid, sjølvsagt.

– Likevel trur eg det er såpass stor klasse over han at han vil konkurrere om ein plass allereie måndag, seier Jönsson til NRK.

Rett på engelskkurs

Spelaren sjølv er veldig klar for å opne scoringskontoen i AaFK. Å prestere er derimot berre éi utfordring 22-åringen frå Marokko møter.

Hamdallah pratar knapt engelsk, sjølvsagt ikkje norsk, og skal inn i eit lag med svensk trenar, mange norske dialektar og ulike nasjonalitetar.

– Det er sjølvsagt ei utfordring, men eg vil lære meg språket raskt, slik at kommunikasjonen kan bli god, seier marokkanaren.

– Det skal gå med fotballspråk. Men han skal på skulebenken å lære seg engelsk, så dette skal gå bra, fortel trenar Jönsson.

– Han pratar arabisk og fransk, og vi har éin spelar som pratar fransk. Vi har opplevd dette før, då Barrantes kom utan å kunne eitt ord engelsk. Desse gutta pratar med føtene, gliser Henrik Hoff.

Saka held fram under bildet.

Tor Hogne Aarøy

Tor Hogne Aarøy fekk ny AaFK-kontrakt i byrjinga av mars. Med Hamdallah på plass blir konkurransen på spissplass desto tøffare.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Køyrer opp forventningane sjølv

Medan trenar Jönsson kom til AaFK i januar, har spissleitinga pågått i mange år.

Administrerande direktør Hoff har vore med gjennom heile prosessen, med presseskriveri og feilslått leiting.

Henrik Hoff

Administrerande direktør i AaFK, Henrik Hoff, saman med bror til Abderrazak Hamdallah.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Media har hausa ekstra opp dette med spissen, men vi er nok delvis skuld i det sjølve. Vi har ikkje fått tak i den typen vi leita etter, men no er han på plass.

– Det er den mest kostbare overgangen i AaFK-historia, og forventningane er heller store til denne spissen. Veit han om desse forventningane sjølv?

– Ja, og han er faktisk med på å køyre opp forventningane sjølv.

– Han er klar på at han vil ta steget vidare etter kvart, og er svært lysten på å prestere i Tippeligaen. Forventningane er han veldig førebudd på, slår Hoff fast.

Og spissen sjølv, han vil til ...

– Eg håper å få spele i ein av dei største ligaene etter kvart.

– Og draumeklubben er?

– Draumen min er å spele for Manchester City, avsluttar Abderrazak Hamdallah.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal