Hopp til innhold

VIF-spelaren kjente at noko var gale etter hard trening. ​​No må ho kanskje legge opp.

Sigrid Heien Hansen (25) hadde store smerter i leggen, men ho ville helst ikkje vite svaret. Så fekk ho den nedslåande beskjeden.

Sigrid Heien Hansen

TØFF TID: Sigrid Heien Hansen prøver å halde tårane tilbake når ho snakkar med NRK om dei tunge vekene ho har hatt.

Foto: Sindre Murtnes / NRK

13. desember 2020: Heien Hansen og Vålerenga kronar gullsesongen med å slå LSK Kvinner 2–0 i cupfinalen.

1. februar 2021: Heien Hansen får påvist rabdomyolyse for andre gong, noko som gjer skaden verre. For jo fleire gongar ein får skaden, jo meir sårbar blir muskelen. No kan det setje ein stoppar for fotballkarrieren hennar.

Vi møter ho på Vålerengas heimebane. På kunstgraset trenar lagvenninnene som vanleg, men for Heien Hansen har kvardagen blitt snudd på hovudet.

Teikna byrja å kome i fjor haust. Ho merka at ho var stiv i leggen, men no var det så ille at ho ikkje kunne starte cupfinalen.

Den enda med ein ny tittel for Vålerenga, men smertene nekta å gi seg for Heien Hansen.

– Eg ante jo faren i cupfinalen, men eg ville ikkje akseptere den, seier ho til NRK.

No, nokre månadar seinare, må ho sitje å sjå på medan lagvenninnene førebur seg til ein ny sesong.

Trening
Foto: Sindre Murtnes / NRK

Den tunge beskjeden

For over på nyåret sa det ordentleg stopp på trening, og Heien Hansen drog på sjukehuset for å få testa seg. Og dagen då ho fekk svaret på blodprøva hugsar ho godt.

– Eg tenkte den kvelden at der rauk karrieren min, at eg måtte slutte. Så det var ein ganske trist kveld for meg, fortel ho.

Også legane har fortalt ho at ho må vere førebudd på at ho kanskje ikkje kjem tilbake på fotballbana igjen.

For blodprøvene fortalde at ho hadde fått rabdomyolyse, ein tilstand som øydelegg musklane ved tøff fysisk belastning.

Også i 2017 sette tilstanden ho ut av spel. Då var ho ute i to sesongar. Men det at ho har hatt det før gjer det ikkje lettare denne gongen. Snarare tvert imot.

Sigrid Heien Hansen
Foto: Sindre Murtnes / NRK

– Når du går gjennom det ein gong, så tenkjer ein litt sånn at dette er noko ein må gjennom i løpet av karrieren si. Men når det skjer gong nummer to, og du i utgangspunktet var redd når det skjedde den første gongen, så blir det tyngre å ta, fortel Heien Hansen.

Men med seg denne gongen har ho både cupgull og serietittel med seg frå fjorårets sesong.

– Eg fekk føle personleg at eg fekk vise det eg har i meg. Så med fjoråret har eg kanskje akseptert det litt betre.

Jobbar mot comebacket

Det var i podkasten ho har med lagvenninne Andrine Tomter, «#hunpresterer» at Heien Hansen først fortalde om den tunge tida ho har hatt i det siste, slik at ho kunne kome med nyheita på sin eigen måte.

No fortel ho historia si for å vise at dette også er ein del av toppidrettslivet. Men sjølv om ho møter motgang no, så nektar ho å gi opp fotballkarrieren.

Sigrid Heien Hansen

TO TITLAR: Her er Sigrid Helen Hansen (t.v.) i løpeduell med LSK Kvinners Justine Vanhaevermaet under cupfinalen før jul. Heien Hansen kom inn etter ein times spel og markerte seg med ein målgjevande pasning. Vålerenga vant til slutt 2–0 etter ekstraomgangar.

Foto: Jil Yngland / NTB

– Eg jobbar som om at eg skal tilbake, og eg trur det. Eg har tru på at det her er noko eg vil kome meg gjennom. Så det eg har i hovudet kvar dag eg joggar dei 20 minutta, at det er 20 minutt som skal få meg tilbake, seier ho.

Og i klubblaget Vålerenga har ho fått beskjed om å ikkje uroe seg for framtida, og ho fortel også om lagvenninner som har vore fantastiske.

– Sigrid er her så mykje, og kan ikkje trene. Men ho er her med humør og sprer glede. Vi veit samtidig at ho har det tøft, men ho er utruleg sterk. Vi kjenner at vi saknar å ha ho på bana, seier lagvenninne Synne Jensen.

No jobbar Heien Hansen mot comebacket. Ho er i gang med opptrening igjen, og får no lov til å springe 20 minutt på mølle, annankvar dag for å unngå stor belastning på beinet. Dermed ser ho no framover og håpar å kome sterkt tilbake.

– Eg håpar at det kan gjere meg sterkare. Og eg trur det, eg trur at eg kjem til å bli betre av det. Men det må berre vere litt tungt først.

Sigrid Heien Hansen

VED GODT MOT: Sigrid Heien Hansen må trene oftare enn ønska på treningssenteret, men snart håpar ho å vere tilbake på fotballbanen.

Foto: Sindre Murtnes / NRK

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal