Hopp til innhold

Vart sett ut av Noreg-beskjeden: – Trudde eg hadde gjort noko gale

Emil Breivik (23) var den store overraskinga då Ståle Solbakken tysdag tok ut landslagstroppen. Martin Ellingsen meiner lagkameraten leverte «noko av det sjukaste han har sett» mot Galatasaray seinare same dag.

Første playoff kamp til UEFA Champions League i fotball 2023: Molde - Galatasaray (2-3)

TEKE UT: Emil Breivik skal for første gong vere med A-landslaget på samling.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Det var ei god kjensle, såpass kan eg seie.

Emil Breivik gliser på sedvanleg vis då han får spørsmål frå NRK om korleis det er å bli teken ut i ein A-landslagstropp for første gong.

Breivik fekk beskjeden allereie måndag kveld, på spelarhotellet til Molde i Istanbul, der han lada opp til den avgjerande playoffkampen til Mesterligaen tysdag.

Solbakken ville ikkje forstyrre førebuingane til kampen. Derfor gav han Molde-trenar Erling Moe beskjed om å formidle vidare nyheita allereie kvelden før uttaket vart offentleggjort.

– Det var godt å få vite det då, slik at det ikkje vart fullt køyr på kampdag, fortel Breivik.

Andre runde i kvalifisering til UEFA Champions League i fotball 2023: Molde - HJK Helsinki (2-0)

Emil Breivik har storspelt for Molde i lang tid. Tysdag kom påskjønninga.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Trudde eg hadde gjort noko gale

Breivik står frå før av med berre éin U21-landskamp i beltet.

– Korleis var det å få beskjeden?

– Erling ringde meg då eg åt kveldsmat, og eg skjønte jo ingenting. Eg trudde eg hadde gjort noko gale. Men han fortalde det, og var spent på korleis eg kom til å reagere. Det var ein fin samtale, fortel midtbanespelaren.

– Fekk du sove?

– Det vart litt utsett, eg måtte ta nokre telefonar heim og til nære. Men eg fekk sove godt til slutt, smiler han.

Då han i juli vart spurd om landslagsambisjonar av Nettavisen, svarte han avvisande med: «Kanskje om eit par år».

– Ja, det skjedde kjappare enn eg hadde forventa. Men eg skal ta sjansen no som eg får han. Eg veit ikkje om det er for mykje å be om speletid, men det blir i alle fall kult å sjå korleis det er å vere på A-landslaget, seier han.

e3QpZC3jmI8

– Noko av det sjukaste eg har sett

Lagkamerat Martin Ellingsen får ikkje fullrosa Breivik nok. Han meiner 23-åringen var den store spelaren i kampen i Istanbul, der Molde var best, men tapte 1–2.

– Emil Breivik i dag, det er noko av det sjukaste eg har sett. Han gjekk på vatnet der ute, for å vere heilt ærleg. Ein sinnssjuk kamp av Emil. Viss han berre kan bli teken ut på landslaget kvar einaste gong vi speler kamp, hadde det vore fint, seier Ellingsen til NRK.

Molde-trenar Erling Moe er glad for at midtbanespelaren blir lagd merke til og påskjønt av landslagssjefen.

– Det er fortent at han blir teken ut, han har vore god over tid. No får han reise på samling og vise det same motet som han gjorde utpå her mot Galatasaray. Då blir det heilt sikkert tøft for Ståle å halde han utanfor laget, seier Moe til NRK.

– Kan han bli den neste store Molde-eksporten?

– Det håpar eg ikkje, svarer Moe med eit glimt i auget, fullt klar over at det blir vanskeleg å behalde spelarar av dette kaliberet om utviklinga og prestasjonane held fram.

Vart vraket til U21-EM

Breivik har denne sesongen storspelt for Molde. I løpet av 18 eliteseriekampar har han notert seg for seks mål og fem målgivande frå sin midtbaneposisjon.

Sjølv beskriv han dei store styrkane sine som at han er ein spelar som plukkar mykje målpoeng, at han spring mykje og er god med ball.

– Når du presterer som no, og blir påskjønt med A-landslagsplass, kva gjer det med motivasjon og ambisjonar for karrieren vidare?

– Det gir meirsmak, eg har berre lyst til å halde fram og bli betre. Det viser at det er mogleg å spele på landslaget når du er i Molde, det er eit fantastisk utstillingsvindauge. Eg har lyst til å vere i Molde også i haust, seier han.

Uttaket til A-landslagstroppen skjer berre to månader etter at Breivik vart vraka til Leif Gunnar Smeruds U21-tropp til EM-sluttspelet i sommar.

I Solbakkens tropp var også Markus Solbakken og Osame Sahraoui, som berre vart avfeia med nokre få minutt under U21-EM.

Solbakkens aha-augneblink

Solbakken seier følgjande om kva han tenkjer om at fleire spelarar er med på A-landslaget kort tid etter at dei vart vegne for lett for startplass på U21-landslaget.

– Det er ulike trenarar, ulike inngangar og ulike lagkomponeringar. Vi har reist rundt og sett mange ulike spelarar i det siste. Dette gjeld jo Antonio Nusa og Osame Sahraoui òg, dei spelte heller ikkje mykje i den meisterskapen, seier Solbakken til NRK.

– Kva er det du har sett av Breivik dei siste månadene som gjer at du trur han no er klar?

– Eg har sett på han ganske lenge, men eg synest at det han gjorde mot Galatasaray no ... Han tok med seg det beste han har gjort frå Eliteserien inn i den Galatasaray-kampen, der det er fullt trykk og annleis type motstandarar. Han kom til dei same situasjonane: Han fekk brukt skotet sitt, fekk brukt målnasen sin, fekk brukt fysikken sin. Han var ikkje redd for å halde i ballen i dei rette situasjonane. Så det var liksom: «Fader, han gjer det same no som han gjorde mot Sarpsborg», fortel Solbakken.

Breivik blir glad når han høyrer den attesten.

– Eg kjenner jo sjølv at eg har same tankegang inn mot ein kamp som dette (Galatasaray) som i ein eliteseriekamp. Det er berre fotballspelarar. Det går an å dra av ein mann sjølv om du møter Galatasaray eller eit eliteserielag, seier han.

Siste nytt

  • Engelsk dommersjef ønsker VAR-endring: – Vil være nyttig

    Dommerforeningen i England jobber for at VAR-avgjørelser skal forklares over høyttaleranlegget på arenaene i Premier League.

    Det sier PGMOL-sjefen Howard Webb til Sky Sports.

    – Vi ser på det og er åpne for at det kan være noe vi kan ta i bruk. Det vil være veldig nyttig for dommeren å kunne snakke til alle på stadion.

    I dag får tilskuere kun se en tekstplakat på storskjermene. Der står det om det sjekkes for offside, straffe eller rødt kort, men de får ikke flere detaljer. Bilder av situasjoner blir ikke vist.

    – Her er det rom for en forbedring, medgir Webb.

    Fotballens internasjonale lovkomité (Ifab) har klare retningslinjer på at diskusjoner mellom dommere ikke kan kringkastes direkte. Av den grunn ser den engelske dommerforeningen for seg at kamplederne forklarer avgjørelsene når de har vurdert situasjoner på VAR-monitoren.

    En slik kommunikasjon ble benyttet i fjorårets fotball-VM for kvinner. Det er også blitt introdusert i MLS. (NTB)

    VAR
    Foto: AP
  • Nytt angrep på Wada i kinesisk dopingsak: – Hvor lenge må vi se dem danse rundt sannheten?

    Det har stormet rundt Verdens antidopingbyrå (Wada) siden det for snart tre uker siden ble kjent at 23 svømmere fra Kina hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i tester avgitt før Tokyo-OL i 2021. Saken stoppet dem ikke fra å konkurrere.

    Spesielt USAs antidopingbyrå (Usada) har vært kritiske til Wada. Onsdag gikk de til nok et angrep.

    – Det er dypt urovekkende at Wada står fast ved halvsannheter og oppfatninger som passer dem etter å ha mislyktes med å følge sine egne regler. Alle som verdsetter rettferdig konkurranse, er fortsatt utilfredse med svarene Wada har gitt, skriver det amerikanske antidopingbyrået i en uttalelse på hele 16 sider.

    – Hvor lenge må vi se dem (Wada) danse rundt sannheten og unngå ansvar? står det videre.

    Kinesiske antidopingmyndigheter frikjente svømmerne fordi de mente testene var utsatt for såkalt kontaminering. Forklaringen er at de fikk i seg det forbudte stoffet i mat under et stevne.

    Wada godkjente Kinas vurdering og gikk aldri ut offentlig med saken. Usada-sjefen Travis Tygart har anklaget byrået for å dekke over for kineserne.

    I et forsøk på å belyse fakta i saken har Wada lagt ut et såkalt FAQ-dokument (svar på ofte stilte spørsmål). Innholdet blir hardt kritisert av Usada.

    En talsperson fra Wada sier at antidopingbyrået står fast ved at «alle forskrifter er blitt fulgt i undersøkelsen av saken». (NTB)

    Kina
    Foto: AP
  • TV-gigant fortsetter å presse på – ønsker å flytte Premier League-kamper til USA

    Ideen om å spille Premier League-oppgjør på amerikanske arenaer har blusset opp igjen. TV-selskapet NBC jobber for at det blir en realitet.

    Det sier NBC-toppen Jon Miller i et intervju med The Athletic.

    – Vi har hatt samtaler med Premier League. De har vært veldig åpne og mottakelige for å høre på meg.

    Miller er øverste ansvarlig for rettighetskjøp i NBC Sports. Den amerikanske TV-giganten har sendt engelsk toppfotball siden 2013 og skal fortsette å gjøre det i minst fire år til.

    – En gang i framtiden ville jeg elsket å se Premier League starte sesongen her med noen kamper. Dette er noe vi vil fortsette å presse på for å få til. Her er det et amerikansk publikum som gjerne vil se tellende kamper, sier Miller.

    Så sent som i forrige uke sa Premier League-direktør Richard Masters at «døra er på gløtt» når det kommer til å flytte seriekamper til utlandet, men understrekte at det for tiden ikke er noen planer om å gjøre det. (NTB)

    arsenal
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal