Hopp til innhold

Ut mot regelendringar i Premier League: – Ein forferdeleg idé

Britiske styresmakter tek grep for å «sikre framtida» til engelsk fotball etter at storklubbar blir kopla til nye eigarar. Det kan få store konsekvensar.

Britain Soccer FA Cup

NYE REGLAR: Ein uavhengig regulator skal sjå nøye på kven som eig Premier League-klubbane og kva for krav som blir stilt til eigarane. Menneskerettar blir ikkje nemnde i regelverket. Her Arsenals Martin Ødegaard i samtale med Manchester Citys Erling Braut Haaland.

Foto: Dave Thompson / AP

Nyleg stadfesta den britiske regjeringa at det blir innført eit strengare regelverk for eigarskap av engelske fotballklubbar. Tanken bak er å bidra til meir økonomisk tryggleik.

Amnesty hadde håpa på meir.

Dessverre nemner ikkje forslaget, per dags dato, menneskerettar, og vil dermed ikkje angripe det store problemet som er at regime frå autoritære statar kjøper Premier League-klubbar for å byggje eige omdømme og avleie merksemda vekk frå menneskerettsbrota dei gjer.

Det seier Frank Conde Tangberg, politisk rådgivar i Amnesty International Noreg, til NRK.

Han kallar forslaget frå dei britiske styresmaktene for «skuffande».

Styresmaktene vil innføre ein uavhengig regulator for engelsk fotball, og kallar det «Ein djerv plan for å verne den langsiktige framtida til engelsk fotball».

Forslaget kjem i kjølvatnet av at klubbar som Liverpool og Manchester United blir kopla til moglege oppkjøp frå delar av verda som ikkje vinn kåringar når det gjeld menneskerettar.

Nyleg blei Newcastle kjøpt opp av Saudi-Arabia sitt statlege investeringsfond.

Frank Conde Tangberg
Foto: Tom Balgaard / NRK

Vidare beskriv dei det som ei radikal forandring for regelverket.

I praksis betyr innføringa av ein uavhengig regulator:

  • Klubbeigarar må kunne bevise kvar formuen deira kjem frå, og eventuelle nye eigarar må kunne bevise og dokumentere at dei har skaffa formuen sin på lovleg vis.
  • Strengare testar og kriterium som må oppfyllast når potensielt nye eigarar skal vurderast om dei er skikka til å ta over ein Premier League-klubb.
  • Unngå drastiske endringar av tradisjonane til klubbane, som å endre på ein klubblogo, namn eller draktfarger.
  • Supporterar og supporterorganisasjonar skal få ei større rolle i klubbane.
  • Sørge for at klubbar er økonomisk berekraftige.
  • Hindre eit nytt forsøk på å etablere ein ny Superliga.

Det er ingenting i denne testen som ekskluderer menneske som har gjort seg skuldig i krigsbrotsverk eller tortur. Det er ingen menneskerettsbrot som er grove nok til å ekskludere eigarar for ein Premier League klubb. I 2021 presenterte Amnesty International eit forslag for Premier League, som ville introdusere menneskerettskriterium som ein del av denne eigarskapstesten. Det framlagde forslaget ser ikkje ut til å endre dette, seier Tangberg.

– Ganske radikalt

Han peikar på at fleire land med eit skittent rulleblad på menneskerettar allereie er eigarar av Premier League-klubbar, og trekker fram at Dei sameinte arabiske emirata eig Manchester City, medan Newcastle er eigd av Saudi-Arabia. I tillegg planlegg Qatar eit oppkjøp av Manchester United.

Regulatoren skal òg sørge for at pengane som kjem inn til Premier League på ein meir rettferdig måte blir fordelte utover fotballpyramiden.

Ordninga vil gjelde frå Premier League (øvste nivå) og ned til nivå fem i det engelske ligasystemet.

Jan Petter Saltvedt

SPORTSKOMMENTATOR: Jan Petter Saltvedt.

Foto: Martin Leigland / NRK

– Det er eit ganske interessant grep, og ganske radikalt å byrje og blande politikken så tydeleg inn i drifta av den største fotballigaen i verda. Det viser òg at det openbert har utvikla seg til det ein synest er ein uheldig kultur. Og det er ikkje ubetydelege Robin Hood-element i dette: Det kjem først og fremst for å verne dei mindre klubbane og sørge for at dei får sin del av ein stadig meir kraftig, økonomisk kake. Og så er det for å verne det fotballen mest av alt lever for: Nemleg fansen, seier NRK sin sportskommentator Jan Petter Saltvedt.

Les også Solbakken ut mot Haaland-kritikerne: – De mest surrealistiske meningsløse diskusjoner

Haaland

Pengar over menneskerettar

Men menneskerettsbrot er altså ikkje nemnt med eit einaste ord i den nye lovgivinga. Saltvedt meiner det viser kor politisk dette er.

– Når ein først skal ha eit organ som dette hadde ein håpa at dei òg skulle ta for seg og passe på denne typen spørsmål. Men der kjem òg grensene for kor langt politikarane har lyst til å gå. Regjeringa vil vise handlekraft, men ikkje så mykje at det går utover forholda til handelspartnarar, inkludert Qatar, Saudi-Arabia og andre gulf-nasjonar, seier han, og legg til:

– Fotballen er viktig i England, men pengane er viktigare. Dette er eit steg i rett retning, og så må ein håpe at å sjå på menneskeretts-historikken til eigarane blir neste steg. Men det er all grunn til bekymring frå Amnestys side.

Britain Soccer Premier League

STOR LIGA: Erling Braut Haaland er berre éin av ei mengd stjernespelarar i Premier League.

Foto: Kin Cheung / AP

– Heilt klart ei stor forbetring

Ray Tørnkvist, leier i Supporterunionen for britisk fotball, seier som Saltvedt at han gjerne skulle sett at menneskerettar var nemnde i den nye lovgivinga, men trur framleis dette er eit steg i rett retning.

– Det blir heilt klart ei stor endring, og forhåpentleg for det betre. Det er tydeleg at dei aller fleste i England ønsker denne endringa. Men eg synest menneskerettar burde vore nemnt samtidig. Det burde vere eit viktig element. Men alt dette er veldig nytt, så det står att å sjå, seier Tørnkvist til NRK.

Ifølge fleire britiske medium, blant dei The Independent, skal fleire Premier League-klubbar vere imot innføringa av ein uavhengig regulator då dei fryktar det vil gjere dei mindre attraktive for investorar og for eit globalt publikum.

Women's FA Cup Semi Final - Reading v West Ham United

EIGAR: David Sullivan.

Foto: MATTHEW CHILDS / Reuters

West Ham-eigar David Sullivan er ikkje begeistra for det nye forslaget frå styresmaktene.

– Det er ein forferdeleg idé. Regjeringa er elendig på å styre noko som helst. Sjå på kaoset landa er i. Premier League er den best drivne og suksessfulle ligaen i verda. Kvifor trur ei inkompetent regjering at ho kan forbetre noko? seier Sullivan til Sky Sports.

– Kanskje det er på tide at ein set grenser for kven som skal eige klubbar med heilt andre hensikter enn fotballen og kva som er det beste for fansen og deira interesse? Fansen har føla seg makteslause. Det finst ingen grenser for kva eigarar kan finne på, og no har ein eit organ som kan stoppe dei mest ekstreme planane. Ein vil ikkje ha eit blått Liverpool eller eit raudt Manchester City, seier Saltvedt.

Han trekker fram dømet på Cardiff City-eigar Vincent Tan, som blei møtt med kraftige reaksjonar då han vedtok å endre Cardiff City sine klubbfargar frå blått til raudt.

Sports Failed Ventures

Grådigheit: Dette raude flagget hang på utsida av Anfield Stadion kor Liverpool spelar sine heimekampar.

Foto: Jon Super / AP

– Eigeninteresser og grådigheit

Det nye regelverket har blitt jobba med i lang tid, men har blitt utsett fleire gonger. Den blei først utsett då Boris Johnson-regjeringa kollapsa i fjor og blei igjen utsett då Premier League sikta Manchester City for over 100 regelbrot mellom 2009 og 2018.

Initiativet for reformer og regulering kjem som ein konsekvens av fleire ting som har skjedd. Koronapandemien fekk store, økonomiske konsekvensar for fleire engelske klubbar, og fleire tradisjonsrike klubbar, som Bolton Wanderers, var på randa av konkurs. Bury gjekk faktisk konkurs, og forsvann heilt.

Våren 2021 kunngjorde tolv klubbar frå England, Spania og Italia at dei hadde starta ein privat liga – Superligaen. Det blei møtt med kraftige reaksjonar, som protestar frå supporterar og fordømming frå store delar av fotballverda. Brorparten av klubbane trekte seg innan kort tid, men Real Madrid, Barcelona og Juventus ønsker framleis ein Superliga.

SOCCER-ENGLAND-WHU-BRH/

EKSPERT: Gary Neville.

Foto: STRINGER

Ein «fan-led review» - Ei undersøking med supporterar og supportergrupper, gjennomført av tidlegare idrettsminister Tracey Crouch, konkluderte med at engelsk fotball er i «stor fare» med mindre reformer blir innført.

Ein av dei store forkjemparane for ein uavhengig regulator i engelsk fotball er tidlegare Manchester Untied-spelar og noverande fotballekspert for Sky Sports, Gary Neville. Han har skrive ei bok (The People's Game) som i stor grad tek for seg det, og han har ikkje nølt med å dele sine meiningar i intervju eller på Twitter.

– Dei aller, aller fleste vil ha ein uavhengig regulator av fotballen. Det er berre eliten i Premier League som ikkje vil ha det. Og det speglar på ein måte samfunnet vårt. Eigeninteresser og grådigheit vil prøve å styre der pengane går, har Neville uttalt.

Nyheita om den nye lova kjem berre nokre dagar etter at den første fristen for å legge inn bod på Manchester United gjekk ut. Der har britiske milliardæren Sir Jim Ratcliffe og Sjeik Hassim bin Hamad Al Thani frå Qatar lagt inn bod.

Sportsnyheter

Sydde ti sting etter stempling i ansiktet: – Halve hodet hans var åpent

Bård Finne satte knottene rett i ansiktet på KFUM-keeper Emil Ødegaard, som endte på legevakten. Men om det var rødt kort var ekspertene rivende uenige om.

Ben White

Oppsiktsvekkjande Arsenal-grep felte rivalen: – Idiotisk av Spurs

Arsenal senka Tottenham i jakta på ligagull. Eit oppsiktsvekkjande daudballgrep frå «The Gunners» blir hylla av NRKs ekspert.

Siste nytt

  • Thorstvedt-mål ikke nok for Sassuolo

    Kristian Thorstvedts scoring hjalp lite da Sassuolo tapte 1-5 borte mot Fiorentina i Serie A søndag kveld.

    Grønntrøyene fortsetter dermed på 19.-plass og har fem poeng opp til Empoli på trygg plass når det gjenstår fire kamper av sesongen.

    Thorstvedt skapte fornyet håp for gjestene da han banket inn 1-2-scoringen etter 57 minutter.

    Dessverre for siddisen og resten av Sassuolo-laget økte Nicolás González til 3-1 det påfølgende minuttet. Vertene var imidlertid ikke ferdig der, for bare ni minutter etter Thorsvedts scoring hadde Fiorentina satt inn ytterligere to mål.

    Dermed begynner det å se fryktelig skummelt ut for Thorstvedt & co. I kampen om å beholde plassen skal Sassuolo opp mot Inter (h), Genoa (b), Cagliari (h) og Lazio (b).

    Emil Konradsen Ceide startet kampen på benken, men kom inn etter 73 minutter. Marcus Holmgren Pedersen så hele oppgjøret fra sidelinjen. (NTB)

    Kristian Thorstvedt
    Foto: AP
  • Daland reddet uavgjort for Cercle Brugge – Vetlesen med mål og assist i Brugge-seier

    Jesper Daland berget 1-1 for Cercle Brugge hjemme mot Anderlecht, mens Hugo Vetlesen herjet i Brugges 3-0-seier borte mot Genk i belgisk fotball søndag kveld.

    Den belgiske ligaen har gått over i sluttspillsfasen, hvor Anderlecht topper mesterskapsgruppen. Det er imidlertid bare målforskjell som skiller Brugge på 2.-plass.

    Søndag gjestet Vetlesen & co. Genk, som har falt av i toppkampen etter 0-3-tapet.

    Kyriani Sabbe sendte gjestene i ledelsen etter 38 minutter, før Vetlesen doblet halvveis inn i andre omgang. Fire minutter senere gjorde nordmannen seg tellende igjen da han spilte opp Igor Thiago på 3-0-målet.

    Antonio Nusa startet også for gjestene, men ble byttet ut til pause.

    Cercle Brugge er også hektet av i gullkampen, men Daland ga imidlertid en håndsrekning til landsmann Vetlesen i kampen om ligagullet da han sikret 1-1 etter 51 minutter.

    Kristian Arnstad satt hele kampen på benken for Anderlecht. (NTB)

    Hugo Vetlesen
    Foto: AP
  • Elleville overtidsminutter da Odd reddet uavgjort

    Tre sene scoringer sørget for 3-3 mellom Odd og Viking i Skien.

    Viking-kaptein Zlatko Tripic trodde han hadde avgjort det hele da han scoret fire minutter på overtid. Men Odd ville det annerledes. Mikael Norø Ingebrigtsen scoret seks minutter på overtid og reddet ett poeng for hjemmelaget.

    Harald Tangen Nilsen scoret kampens første mål etter 25 minutter. Kun ti minutter senere var kampen snudd. Først med et skudd fra Odds Tobias Svendsen via en Viking-spiller og i mål, så med en ny fulltreffer fra sammen mann etter en pasning ut 45 grader og inn i feltet.

    Viking presset på for utligning i andreomgang, og lyktes fire minutter før fulltid med et skudd fra Peter Christiansen.

    Så scoret Tripic etter et godt forarbeid fra Lars-Jørgen Salvesen, før Ingebrigtsen ga Odd ett poeng med et vakkert skudd.

    Odd ble i tillegg redusert til ti mann like før Ingebrigtsen 3-3-utligning, da Mihajlo Ivancevic fikk sitt andre gule kort på overtid.

    Hjemmelaget befinner seg dermed på 8. plass, med Viking to plasser bak etter henholdsvis seks og fem spilte kamper.

Sendeplan

Kl. Program Kanal