Her blir United redda av den yngste blant dei unge

Manchester United stilte med eit svært ungt lag mot Astana i europaligaen, og det var den yngste av dei alle som skulle bli matchvinnar.

Mason Greenwood

UNGT HÅP: Mason Greenwood spela berre sin andre kamp frå start, men var den som redda Manchester United frå fiasko i europaliga-opninga

Foto: Dave Thompson / AP

Laster innhold, vennligst vent..

Men det spørst om det er nok til å stogge kritikken mot United og Ole Gunnar Solskjær. For kampen var alt anna enn overtydande for Manchester-klubben.

– Vi gjorde det vanskeleg for oss sjølve. I kampar som dette vil vi gjerne score tidleg og avgjere i løpet av dei første 20 minutta, og deretter nyte det, sa manager Ole Gunnar Solskjær.

United stanga mot Astana-muren i over 70 minutt. Frustrasjonen tok til å bli synleg. Astana var i ferd med å finne rom til kontringar.Mørkett og tungsinnet heldt på å feste seg over Old Trafford.

Yngstemann tok ansvar

Det var Uniteds yngstemann som tok ansvar då det gjaldt som mest. United trilla ball lenge langt oppe på Astanas halvdel. Fred leverte til Mason Greenwood ute til høgre, 17-åringen finta bort sin mann og smelte ballen mellom beina på Astana-keeperen og inn i lengste hjørne. 1-0, og kvelden var resultatmessig redda for Solskjær og United.

Ole Gunnar Solskjær

SIGER: Ole Gunnar Solskjær var neppe nøgd med alt han såg i kveld, men kan iallfall halde tommelen opp for siger og tre poeng

Foto: Jason Cairnduff / Reuters

United starta kampen med eit ungt mannskap. Seks av spelarane iUniteds startoppstilling var 21 år eller yngre, og snittalderen 24 år og 124 dagar.

– Dagen i dag var ein god sjanse for dei unge. Vi hadde ikkje kasta dei utpå om dei ikkje var klare, sa Solskjær, som likevel såg at nokon av dei hadde i minste laget med kamptrening.

– Men Mason vann kampen for oss, og Angel (Gomes) og (Tahith) Chong viste gode takter.

– Framtida for klubben

Matchvinnar Greenwood spela berre sin andre kamp frå start for United. Han fyller 18 år om snaue to veker og var den einaste på bana som er fødd i dette årtusenet, og også den første frå 2000-talet som har scora for A-laget til United.

– Dei er framtida for klubben, sa veteranen Nemanja Matic til BT Sport. – Det er stort av klubben å gi dei denne sjansen. Dei er unge og ønskjer å bevise at dei fortener å bere klubbtrøya, seier Matic.

Rutinerte folk som Paul Pogba, Anthony Martial og Luke Shaw var ute, det var også Daniel James.

Den første omgangen blei ingen høydare. United var klart best og skapte sjansar. Men avslutningane svikta totalt. Fred skaut i tverrliggaren frå langt hald, og Marcus Rashford missa på tre-fire gode sjansar.

Andre omgang heldt fram i same spor. Astana spela etter kvart på seg sjølvtillit, og både før og etter scoringa var dei på visittar framfor Uniteds-keeper. Men det heldt til siger og tre poeng i opninga av gruppespelet.

– Det var ein tøff kamp. Vi prøvde å gå hardt ut for eit tidleg mål, men dei hadde eit solid forsvar. Vi får vere nøgde med at det blei tre poeng til slutt, seier Matic.

Siste nytt

  • Enige om overgang for Trondsen

    Rosenborg og Trabzonspor er enige om en overgang for Anders Trondsen. Det melder Rosenborg på sine hjemmesider.

    I den tyrkiske klubben vil han bli lagkamerat med Alexander Sørloth.

    25-åringen slutter seg ikke til tyrkerne helt enda og skal være med når trønderne møter Sarpsborg 08 på lørdag.

    Anders Trondsen
    Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix
  • Nesten for Moseby

    Håvard Moseby ledet lenge 15-kilometer intervallstart for herrer under Blinkfestivalen i Sandnes. Men Johannes Høsflot Klæbo tok sterkt innpå til slutt og vant.

    Dette er første gang Klæbo vant et distanserenn under Blinkfestivalen.

    Klæbo vant med 0,2 sekunder foran Moseby. På tredjeplass havnet Daniel Stock.

    Johannes Høsflot Klæbo.
    Foto: Carina Johansen
  • Pirlo blir ny Juventus-trener

    Tidligere Juventus-spiller, Andrea Pirlo, tar over som trener for den italienske storklubben. Det bekrefter klubben på sin egen nettside.

    Bekreftelsen kommer samme dag som beskjeden om at den tidligere treneren Maurizio Sarri fikk sparken. Til tross for gull i hjemlig liga i sin første sesong fikk Sarri sparken da «den gamle dame» røyk ut av mesterligaen for franske Lyon på fredag.

    Andrea Pirlo
    Foto: Dylan Martinez / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal