Hopp til innhold

Etappevinnar må bryte etter bisarr sjampanje-skade

Biniam Girmay (23) leverte ein spurt for historiebøkene – men feiringa gjekk ikkje heilt etter planen. No må han bryte Giro d'Italia.

Giro d'Italia

UHELL: Då Girmay skulle sprette sjampanjen på podiet, gjekk det ikkje heilt etter planen.

Foto: JENNIFER LORENZINI / Reuters

17. mai vart 23-åringen frå Eritrea den første farga afrikanaren til å vinne ein etappe i eit av trevekersritta. No må han stå av resten av rittet, etter å ha vore utsett for eit utruleg uhell i feiringa.

For då Girmay skulle sprette sjampanjen på podiet, gjekk det ikkje heilt etter planen.

Girmay stod med hovudet bøyd over flaska då han skulle opne den, og då spratt korken rett i auget på vinnaren.

Giro d'Italia

HIPP HIPP: Girmay feirar etappesiger på sigerspallen som den første eritrearen i historia.

Foto: JENNIFER LORENZINI / Reuters

Ifølgje Eurosport blei eritrearen først behandla for skaden i ein ambulanse, før han deretter blei frakta til sjukehus. Han måtte derfor stå over pressekonferansen etter sigeren.

– I dag startar eg ikkje løpet, fordi auget mitt treng kvile, seier Girmay i ein video på Twitter-kontoen til laget.

Han takkar lagkameratane for støtta han fekk etter tabben.

– Eg var litt lei meg for det som skjedde med sjampanjen, men då eg kom tilbake frå sjukehuset var alle på laget veldig glade.

Vant spurt

Afrikanaren enda opp i ein intens spurtduell med sykkelsensasjonen Mathieu van der Poel, som har gode resultat i både landevegssykling, sykkelcross og terrengsykling. Tysdag var Girmay fleire hakk betre på oppløpet, i den tiande etappen av Giro d'Italia.

Nederlendaren gav opp lenge før målstreken, sette seg tilbake og viste tommel opp – ein tydeleg hyllest til monsterspurten.

Større kvalitetsstempel finst knapt, seier Eurosports kommentator Theis Magelssen.

VG6xA6Ry8fM

TOMMEL OPP: Mathieu van der Poel gir tommel opp til Biniam Girmay allereie før målstreken.

Foto: JENNIFER LORENZINI / Reuters

Men eritrearen er utruleg nok ikkje den einaste som har hatt eit ublidt møte med sjampanjeflaska under årets Giro.

Allereie på den første etappen opplevde van der Poel nesten det same då han skulle opne flaska. Nederlendaren unngjekk riktignok ansiktet, men fekk korken hardt i halsen.

van der Poel (Giro d'Italia)

SMELL: Van der Poel fekk sjampanjekorken i halsen rett før dette biletet blei teke.

Foto: LUCA BETTINI / AFP

– Ein fabelaktig syklist

Før uhellet blei Girmay hylla for prestasjonen, og fekk kommentatoren til å hente fram store ord.

Det er ein av dei største triumfane i sykkelhistoria, sa kommentator Magelssen idet Girmays siger var i boks.

22-åringen sjølv smilte breitt etter å ha kryssa målstreken som første syklist i Jesi i Sør-Italia.

Kvar dag blir det skriven historie. Eg er utruleg takksam og glad for kva eg har gjort, seier han i eit sigersintervju med arrangøren.

– For ein fabelaktig syklist. Du er så viktig for sykkelsporten, seier Magelssen til Girmay etter spurten.

Girmays lagkamerat Aleksander Kristoff rosar av 22-åringen:

Litt av ein siger. Han er ein klasseryttar og ein ryttar vi kjem til å sjå mykje framover, skriv Kristoff i ein tekstmelding til NRK.

Les også: Konkurrentene reagerte kraftig – nå er OL-hemmeligheten bannlyst

Kristian Blummenfelt
Kristian Blummenfelt

VM-sølv i fjor

For dei som ikkje er tettast på internasjonal sykkelsport vart han kanskje best kjent etter ein spinnvill spurt i U23-VM i Belgia i fjor. På oppløpet manøvrerte han seg frå 12.- til 2.-plass i løpet av få sekund, og sikra VM-sølv i U23-klassen.

Dette betyr mykje for meg, nasjonen og Afrika, sa han den gong ifølgje Olympics.com.

Kanskje har vi ei lys framtid og at eg vinn kan gi motivasjon til heile kontinentet, utdjupar han.

I vår vann han også Gent-Wevelgem, ein av vårklassikarane på sykkelkalenderen, og med etappesigeren i Italia tysdag er det nok lite å seie på sykkelinteressa i heimlandet.

Tidlegare på etappen prøvde rittets einaste norske deltakar, Tobias Foss, eit frekt solobrot. Det heldt ikkje, og nordmannen trilla inn til 110.-plass. Juan Pedro López leiar Italia rundt med snaue to veker igjen.

Biniam Girmay

JUBEL: Slik feira Biniam Girmay etappesigeren.

Foto: LUCA BETTINI / AFP

Sportsnyheter

Everton

Absurd hendelse i nedrykksdrama: – Biter han ikke, da?

Med nød og neppe unngikk Everton en krisesesong og skal også spille Premier League neste sesong. I jubeleuforien ble også en glefsesituasjon og bitespekulasjoner heftig diskutert.

Siste nytt

  • Svak avslutning sendte Hovland ut av tetstriden

    Golfprofilen Viktor Hovland kjempet i teten på den siste runden av PGA-turneringen i Fort Worth i Texas, men en svak avslutning sendte ham nedover på listene.

    Hovland spilte de seks siste hullene fem slag over par og var på delt 16.-plass da han hadde spilt ferdig, seks slag bak lederne. (NTB)

    PGA Championship Golf
    Foto: Eric Gay / AP
  • Newgarden vant dramatisk Indy 500

    Josef Newgarden passerte tittelforsvarer Marcus Ericsson på siste runde og tok sin første seier i billøpsklassikeren Indianapolis 500.

    Foran 300.000 tilskuere så svenske Ericsson ut til å vinne løpet for annen gang på rad, men med tre runder igjen kom det røde flagget ut for tredje gang på de 16 siste rundene, og dermed måtte det omstart til.

    Det banet for et kort og vilt race til mållinjen over én runde da løpet ble startet om igjen. Ericsson fikk en god start og så ut til å skulle holde unna, men så kom Newgarden som en rakett forbi ham, og svensken rakk aldri å komme tilbake. (NTB)

    IndyCar Indy 500 Auto Racing
    Foto: Michael Conroy / AP
  • Milan sikret mesterligaplassen – slo Juventus

    Milan vant 1-0 over Juventus og er sikret å bli topp fire i Serie A denne sesongen. Det betyr mesterligaspill kommende sesong.

    Olivier Giroud scoret kampens eneste mål på bortebane søndag. Med triumfen er Milan seks poeng foran femteplasserte Atalanta med én serierunde igjen.

    Dermed er det seriemester Napoli, Lazio, Inter og Milan som tok de italienske plassene i kommende sesongs puljespill i mesterligaen.

    Juventus var lenge med i kampen om mesterligaplass etter at en poengstraff ble trukket tilbake, men for en uke siden ble klubben likevel straffet med ti poengs trekk. Det gjorde at de falt utenfor topp-fire-kampen.

    Juventus er anklaget for å ha manipulert overgangssummer for å få regnskapet til å se bedre ut i perioden mellom første kvartal i 2019 og tilsvarende kvartal i 2021.

    Lazio slo nedrykksklare Cremonese 3-2 søndag etter en måldobbel av Sergej Milinkovic-Savic. Han ble dessuten matchvinner i det siste ordinære spilleminutt.

    Kristoffer Askildsen spilte fra start da Lecce sikret plassen i Serie A med 1-0-seier over Monza. Askildsen er på lån fra nedrykksklare Sampdoria.

    Seriemester Napoli spilte 2-2 borte mot Bologna. Leo Skiri Østigård satt hele kampen på benken for gjestene. (NTB)

    Italy Soccer Serie A
    Foto: Tano Pecoraro / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
NRK forklarer: Rasismeskandalen i Spania 02:41
Neste