– Young Star-samlinga var viktigare enn eg trudde, men no er den tilbake, seier idrettssjef Odd-Bjørn Hjelmeset i Norges skiskyttarforbund.
– Eg trur alle blei litt sett ut av det som blei sagt. Mange blei skuffa, sa Marit Hareland frå Dombås IL til NRK i mars.
Overtala privat sponsor
Ordninga har vore populær fordi dei unge får lære av Norges beste skiskyttarar, som har tatt gull i VM og OL.
Tidlegare skiskyttarpresident Erlend Slokvik innrømma at nedlegginga delvis var på grunn av at Statkraft trakk seg ut som sponsor.
Ein av dei som reagerte på nedlegginga var Tarjei Bø, som fram til sesongstart har jobba for å gjenopprette ordninga som skal skape framtidas VM- og OL-gullvinnarar i skiskyting.
– Young Star-samlinga har vi hatt sidan eg var liten. Den er kjempeviktig fordi dei unge må ha noko å strekke seg etter, seier Bø.
No har han overtala sin private sponsor til å finansiere samlinga med ein halv million kroner.
– Vi fekk med Bama til å gjenopprette samlinga. I tillegg skal eg vere med som mentor for å lære dei unge om toppidrettslivet, seier Bø.
– Dyrt
At vegen til toppen er tøff blir bekrefta av Kristian Kongssund, ein av dei unge utøvarane som ønska ordninga tilbake.
– Skiskyting er dyrt å drive med. Det kostar å reise og det kostar å ha eit våpen. Med Young Star-ordninga aukar sjansen for at fleire held fram satsinga lengre enn dei ville gjort utan, seier Kongssund.
Eit anna argument for å legge ned satsinga var at det var for tidleg å plukke ut landets beste i 15-16-årsalderen.
– Ein meiner at det sender litt feil signal og at ein i den alderen ikkje veit kven som kjem til å bli gode. Vi har ingen dokumentasjon som viser at det er ein samanheng mellom kor god du er som 15- og 16-åringen og kor god du blir som voksen, sa tidlegare president Slokvik.
– Viktig
Argumentasjonen møtte kraftig motbør dagleg leiar og sportssjef på Norges Toppidrettsgymnas (NTG) på Geilo.
Torgeir Skrede frykta at dei unge ville miste viktig innsikt, og hadde eit konkret eksempel:
– 16-åringen skyt berre liggande og våpenet ligg på standplass. Når dei startar på NTG og blir junior må dei bere våpenet på ryggen og dei skal då også skyte ståande. Det er utruleg viktig at dei kjem i gang med den jobben som 16-åringar, sa Skrede til NRK.