Hopp til innhold

Ungdommen blir påverka av «Ronaldo-effekten»: – Ikkje optimalt at førebilete frontar sånne ting

Fleire unge fotballspelarar synest det er vanskeleg å få i seg nok mat når dei trenar 12 økter i veka. Dei har også fått kjenne på «Ronaldo-effekten» ekspertar har åtvara mot.

4NriHuwZrUg

FREMJAR KROPP: Cristiano Ronaldo er ein av fleire store førebilete som fremjar kropp og feittfrie diettar i sosiale medium.

Foto: Reuters

Ein kan tenke at han (Cristiano Ronaldo) er ein av dei beste i verda, så då burde eg også gjere det, seier Casper Bachke til NRK.

Bachke, som er fotballspelar og elev ved NTG ungdomsskule i Bærum, er ein av mange ungdommar som ser opp til både arbeidsmoralen og mentaliteten til portugisaren.

Men 16-åringen har også lagt merke til korleis Ronaldo eksponerer kropp i sosiale medium.

Les også Advarer mot «Ronaldo-effekten»: – Overopptatt av sunnhet

fUZ9VKMzS4M

NRK har tidlegare skrive om den såkalla «Ronaldo-effekten». Eit nytt omgrep ekspertar bruker for å beskrive ein skremmande trend som spreier seg i samfunnet.

For både Ronaldo og fleire andre store idrettsprofilar viser fram kropp og feittfrie diettar i kanalane sine. Det kan ha ein negativ smitteeffekt på unge menneske, meiner ekspertane.

– Ikkje optimalt

Det har Bachke og fleire av kompisane på ungdomsskulen lagt merke til.

Det er jo ikkje optimalt at eit førebilete for mange frontar sånne ting. Det kan jo føre til at nokon utviklar litt usunne vanar med tanke på mat, seier Oscar Brannsten Strevens.

Han vil jo gjerne vise den «packen» sin, men for unge folk som oss, som er i ein vekstfase, er det ikkje smart å tenke på å ha den «packen». Det viktige er å få i seg nok mat, supplerer Bror Kildahl.

Ungdommer på NTG ungdomskole.

OPNAR OPP OM TABU: Casper Backe, Oscar Brannsten Strevens, og Bror Kildahl er opne om utfordringar dei har rundt mat og trening.

Foto: Petter Larsson / NRK

Dei har alle ein draum om å bli fotballproffar. Dei har alle sett gutar på same alder som slit med mat.

– Det er jo fleire som har litt utfordringar med det, sånn som eg opplever i alle fall, seier Strevens openhjarta.

– Dei er stressa

Kjersti Rolfsen, klinisk ernæringsfysiolog på NTG Bærum, merkar at utfordringane rundt mat gjerne utviklar seg når elevane er skadde.

– Dei er vande til masse, så blir dei sette i ein situasjon der dei kjem ut av treningsvanar og kan kjenne dei andre skyt frå prestasjonsmessig. Dei blir meir sårbare og kan ta dette utover mat, forklarer ho til NRK.

Les også Skremmande kroppstrend blant gutar: – Var villig til å kappe av meg fingeren

Kasper Kvello

Mange av ungdommane kjem også fordi dei er slitne og lurer på om dei et nok. Andre syns mat er vanskeleg, dei veit dei må ete nok, men er redde for å legge på seg på grunn av prestasjon og utsjånad. Dei endar med å ete for lite. Dermed oppstår det ein klinsj mellom helse og prestasjon, forklarer ho.

– For lite mat over tid kan endre tankesettet, og ein kan låse seg i eit mat- og treningsmønster som ikkje er bra. Det kan vere vanskeleg å endre, seier Rolfsen, som understrekar at dette ikkje representerer fleirtalet av elevane ho hjelper på NTG ungdom.

– Elevane lærer at dei ikkje lykkast utan å ete nok, men det er ikkje alltid så lett å få til i ein hektisk kvardag, påpeikar ho.

På NTG ungdomsskule har dei i samarbeid med foreldre og lærarar begynt å ha samtalar med elevane frå 9. trinn, såkalla «helsetider». Der kan elevane prate om utanomsportslege tema i grupper.

Les også Rasar mot Norges idrettsforbund etter rapport: – Dette er alvorleg

Langrenn

Rolfsen meiner det er viktig å snakke ope med elevane om mat og kropp, vekst og utvikling og kjensler, i eit trygt og fritt rom. Det vil vere førebyggande og bra for mental helse, påpeikar ho.

– Dei er jo stressa fordi dei skal prestere på to arenaer. Dei har både idrett og skule, og dei blir slitne.

Det er gutar som også tenker mykje på kropp og mat, konkluderer Rolfsen.

Slit med å få i seg nok

Bror Kildahl trenar opptil 12 økter i veka, og er blant dei som innrømmer at det kan vere vanskeleg å få i seg nok næring i ein hektisk skule- og treningskvardag.

Bror Kildahl

– VANSKELEG: Bror Kildahl fortel at det tidvis er vanskeleg å få i seg nok næring.

Foto: Petter Larsson / NRK

Av og til slit eg gjerne med mengda. Eg har lyst til å ete. Eg kjenner at eg er svolten, men magen må stoppe, seier Kildahl, som påpeikar at han gjerne kjenner seg slappare enn vanleg i desse periodane.

Vidare påpeikar 16-åringen at dette berre gjeld i korte periodar. Men at energinivået går ned ved å ikkje få i seg nok mat i forhold til treningsmengde, er Kildahl klar over.

Det same gjeld Bachke.

Det kan vere ei utfordring ein gong iblant, ein vil jo ha i seg nok næring på ein rett måte. Også må du samstundes tenke på treningar. Viss du et for nær treningar, så kan du kjenne deg litt full og tung. Men viss du et for tidleg, så er det ein stor sjanse at du ikkje har nok energi på treninga, seier Bachke.

null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Sportsnyheter

Tar æren for gedigen Selnæs-tabbe: – Den er jeg veldig fornøyd med

Det gikk fullstendig galt for Rosenborg-veteran Ole Selnæs foran et fullsatt Lerkendal. Etter Selnæs-tabben gikk det fra vondt til verre for Rosenborg mot ustoppelige Bodø/Glimt.

Siste nytt

  • Lund på 5.-plass i EM

    Bergensroeren Maia Emilie Lund (29) fikk en tøff finale og ble nummer fem i lettvekt singlesculler i ro-EM i ungarske Szeged.

    Det ble ikke helt finalen medaljekandidaten Lund hadde drømt om. I tøff motvind ble avstandene store, og den norske roeren kom aldri nær en plass på seierspallen.

    Lund havnet 38,76 sekunder bak vinneren og 21,04 sekunder bak bronseplassen. (NTB)

    Roing Mediedag
    Foto: Javad Parsa / NTB
  • Burnley tar affære etter fansens United-hets

    Enkelte Burnley-supportere kan være i trøbbel etter å ha oppført seg dårlig under bortekampen mot Manchester United i Premier League lørdag.

    I etterkant av kampen har Burnley publisert en uttalelse der klubben opplyser at den samarbeider med politiet for å få identifisert og straffet de involverte.

    Det var mot slutten av kampen at det kokte over for Burnley-patriotene da Zeki Amdouni scoret på straffe og utlignet til 1-1 på Old Trafford. Ufine tilrop og bevegelser, tilsynelatende for å minne United-supporterne på flyulykken i München i 1958, var blant ingrediensene på bortetribunen.

    I bilder som spres i sosiale medier, er det særlig en Burnley-tilhenger som åpenbart lager flybevegelser med armene, og samme mann roper angivelig «Munich», ifølge britisk presse. (NTB)

    td82kbnivsA
    Foto: AP
  • Messi herjet foran rekordpublikum

    Over 65.000 tilskuere møtte opp for å se New England Revolution i aksjon mot Inter Miami og Lionel Messi i MLS. Argentineren ga hjemmefansen en sur kveld.

    Messi var nemlig i toppslag og noterte to mål og en målgivende pasning på veien mot en 4-1-seier på bortebane. Det ga tross alt en minneverdig kveld for rekordpublikummet på 65.612 , selv om de fleste tilskuerne nok hadde ønsket seg et annet resultat.

    Det startet som en drøm for bunnlaget New England på eget gress. Tomas Chancalay gjorde 1-0 allerede i kampens første spilleminutt. Men derfra og ut handlet det meste om en stor, liten trollmann fra Argentina.

    – Jeg føler at i første omgang, etter målet, så hadde vi ganske god kontroll på dem. De fikk ikke mange sjanser, og de fant ikke tid eller rom å operere i. Så gjorde Messi det han gjorde, sa Revolution-trener Caleb Porter etter kampen. (NTB)

    6Qza6mzjKT8
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal