Hopp til innhold

Skremmande kroppstrend blant gutar: – Var villig til å kappe av meg fingeren

Kasper Kvello var villig til å ofre alt for å oppnå proffdraumen som fotballspelar. Løysinga blei å slanke seg, men så sa alt stopp.

Kasper Kvello

KUNNE GJORT ALT FOR DRAUMEN: Kasper Kvello oppsøkte hjelp etter den psykiske knekken han gjekk på i jakta på fotballdraumen.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

– Eg gjekk på ein psykisk smell.

Det seier Kasper Kvello som har fortalt NRK om det som skulle bli slutten på eit desperat forsøk for å oppnå fotballdraumen.

Nokre år seinare er Kvello ein profil for mange unge menneske på TikTok, der han har over 114.000 følgarar og over 4,2 millionar såkalla likarklikk på videoane sine under profilen Styrketreneren.

Kvello har også to bachelorgrader frå Noregs idrettshøgskole i «Trening, coaching og idrettspsykologi» og i «Trening, helse og prestasjon».

På kunstgrasbanen på Hasle i Oslo kan ein høyre 10-åringar rope «Kasper Kvello», når 27-åringen dukkar opp for eit intervju med NRK.

Frå 50 meters avstand kjenner dei igjen eit forbilde.

Kvello, på si side, kjenner seg igjen i gnisten i auga til det som kan bli fotballspelarar i framtida. For ein gong har dei delt den same draumen:

Draumen om å bli fotballproff.

Les også Advarer mot «Ronaldo-effekten»: – Overopptatt av sunnhet

fUZ9VKMzS4M

Gjekk i kjellaren

Hausten 2022 bad Stortinget om at Noregs idrettsforbund skulle utarbeide ein ny handlingsplan for å forhindre kroppsmisnøye og eteforstyrring i idretten. Den blei levert til Kultur- og likestillingsdepartementet i desember 2023. Men planen har fått kritikk av ekspertar, som meiner han har openberre manglar.

Kvello er ein av dei som har fått kjenne på nettopp kva kroppsmisnøye i idretten kan føre til.

Eg har ordrett sagt til fetteren min at eg var villig til å kutte av meg ein veslefinger for å få ein proffkontrakt ein stad, der eg kan leve heilt av å vere fotballspelar, fortel Kvello vidare til NRK.

Men for å utvikle seg begynte han å slanke seg. I rein desperasjon.

Den desperasjonen etter å ta steg gjorde at eg bestemte meg for å slanke meg. Eg ville gå ned eit par kilo for å kunne prestere enda betre på banen, utdjupar han.

Men Kvello hadde ingen kilo å miste. Han var allereie slank. Bra trena var han òg.

Likevel ville han kneppe inn dei små prosentane der det var mogleg.

Kasper Kvello

Kasper Kvello mista gleda med fotballen.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Det gjekk over stokk og stein. Det gjorde at prestasjonen på banen blei dårlegare. Og eg gjekk enda lenger ned i kjellaren når det gjekk dårleg. For min del så kom det ikkje noko godt ut av det i det heile teke, understrekar han.

For med konstant energiunderskot hadde han ingenting å gi. Verken på trening, under kamp eller i kvardagen generelt.

Kvar morgon bestod av å sjekke om vekta var lågare enn dagen før. Men da pila peika i feil retning starta dagen med eit nederlag.

Og det var tungt, understrekar han.

Les også Rasar mot Norges idrettsforbund etter rapport: – Dette er alvorleg

Langrenn

Eit aukande problem blant unge gutar

Sjølv om det nå er foreslått tiltak i ein ny handlingsplan for å førebygge eteforstyrring og kroppsmisnøye i idretten, kunne NRK fortelje tidlegare i veka at ekspertar fryktar for den såkalla «Ronaldo-effekten». Ein ser òg at stadig fleire gutar har eit anstrengt forhold til kosthald og kropp.

Sunn Idrett ser òg at utfordringa knytt til mat og trening, som ofte har vore knytt til typiske uthaldsidrettar, har spreidd seg inn i lagidrettar som fotball og handball.

– Kor ein eigentleg ikkje hadde tenkt på dette som eit stort problem, sa ernæringsfysiolog Kristin Jonvik i Sunn Idrett til NRK, og påpeika at eit garderobemiljø kan skape ein uønskt kultur der det å sjå bra ut er vel så viktig som å prestere på banen.

Kristin Lundanes Jonvik

Kristin Jonvik, ernæringsfysiolog i Sunn Idrett.

Foto: Kristin Lundanes Jonvik

Kvello gir dagleg råd til følgarane sine på sosiale medium, både når det gjeld trening og kosthald.

Han får òg førespurnader frå unge menneske som har kjent på dei same kjenslene som han gjorde.

– Det er 14–15 år gamle gutar som har lyst til å slanke seg. Lyst til å miste feitt. Det er ikkje berre sjølve meldingane, men det er talet. Det er så mange. Det er så ofte, påpeikar Kvello.

Ville sjå ut på ein bestemt måte

Kvello ser, til liks med Sunn Idrett, ein skremmande trend som spreier seg i samfunnet.

Sjølv var han like opptatt av korleis han såg ut, som korleis han presterte på banen.

Kasper Kvello

Kasper Kvello ser ein skremmande trend utvikle seg i samfunnet.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Eg hadde brukt mykje tid på å bygge mykje musklar i overkroppen, blant anna fordi eg hadde lyst til å sjå ut på ein viss måte. Men det er jo ikkje heilt samsvarande med det å skulle prestere som ein fotballspelar, seier han.

Styrketrening måtte derfor prioriterast bort. Noko som sat langt inne.

Det tok likevel ei stund før han la opp som fotballspelar. Men etter å ha drive både hovud og kropp til vanvit over ein lengre periode kom den psykiske knekken.

Kasper Kvello

For Kasper Kvello tok kroppsfokuset i fotballen overhand.

Foto: Truls Alnes Antonsen / NRK

Det blei berre altfor mykje, seier han.

Kvello oppsøkte derfor psykolog for hjelp. Han valde òg å vere open med familie og vener. Noko som blei avgjerande for kven han er i dag:

Eg trur i botn og grunn det viktigaste var å opne meg opp om kor anstrengt forholdet mitt var til mat og vekt, seier Kvello som oppfordrar ungdom til å vere meir i lag.

Kvello, mest kjent som «Styrketrenaren», avsluttar:

Eg bruker hovudsakleg ting eg har lært frå utdanninga mi. For det er viktig at alle råd eg gir er faglege og gode. Men det er jo klart, det er nok mange som har kjent seg igjen i historia mi. Eg har fått mykje tilbakemeldingar på det òg.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal