Hopp til innhold

Rasar mot Norges idrettsforbund etter rapport: – Dette er alvorleg

Ein handlingsplan for å førebygge eteforstyrring i idretten er noko fagmiljøet har etterlyst i nærare 30 år. Forslaget som no er på bordet møter krass kritikk.

Langrenn

TILTAKSPLAN: Ei arbeidsgruppe nedsett av Norges Idrettsforbund har sendt sitt forslag til tiltak for å forhindre kroppsmisnøye og eteforstyrringar i idretten.

Foto: NTB

– Det er mangel på konkrete forslag til tiltak. Og dei forslaga som er, er ikkje godt nok dokumentert at har ein effekt, seier professor Jorunn Sundgot-Borgen til NRK.

Jorunn Kaiander Sundgot Borgen

Jorunn Sundgot-Borgen, professor, Noregs idrettshøgskole.

Foto: Norges idrettshøgskole

Sundgot-Borgen har etterlyst ein handlingsplan for å førebygge eteforstyrring og misnøye med eigen kropp i lang tid.

Derfor blei ho både letta og glad da Stortinget bad Norges idrettsforbund om å leie utarbeidinga av ein ny handlingsplan hausten 2022.

Ein konsekvens av Dagbladets artikkelserie «En sjuk ski-nasjon», som blant anna avslørte at éin av tre unge, aktive, kvinnelege langrennsløparar står i fare for å utvikle eteforstyrring.

Men då professoren fekk sjå forslaget til arbeidsgruppa, som blei levert til Kultur- og likestillingsdepartementet i desember, blei ho mildt sagt skuffa.

Ernæringsfysiolog Therese Fostervold Mathisen

Therese Fostervold Mathisen ved Høgskolen i Østfold.

Foto: HiØ

Ho er ikkje aleine:

– Eg synest dette er alvorleg. Det er ei ansvarsfråskriving frå NIF å dytte dette «ned i rekkene», seier førsteamanuensis Therese Fostervold Mathisen frå Høgskolen i Østfold, til NRK.

– Eg opplever at rapporten sviktar idretten spesifikt og problemet han står i, men også på tiltak som er dokumenterte effektive i forhold til å førebygge eteforstyrring, legg ho til.

Les tilsvaret frå Vibecke Sørensen, leiar av arbeidsgruppa sat ned av Norges idrettsforbund, lenger ned i saka.

– Ansvarsfråskriving

Både Sundgot-Borgen og Mathisen er spesielt skeptiske til eit av tiltaka som har blitt foreslått:

«Særforbunda bør identifisere risikofaktorar og utarbeide planar for eigen idrett, og dessutan jobbe systematisk med strukturelle endringar som kan redusere risikoen for REDS og eteforstyrring i kvar enkelt idrett.» heiter det.

Kven i særforbunda er det som har kompetanse til å gjere dette? spør Sundgot-Borgen retorisk.

Samstundes påpeikar ho at det først og fremst jobbar frivillige under dei ulike særforbunda.

Les også Nye grep mot eteforstyrring i idretten: – Oppsiktsvekkjande

Prøve VM i Granåsen 20 km skialonprolog

Skyv ansvaret over på samfunnet

Sundgot-Borgen påpeikar at det må strukturelle tiltak til, som for eksempel konkrete regelendringar i dei ulike idrettane.

Men rapporten anerkjenner i liten grad at idretten har eit stort problem med eteforstyrring i utgangspunktet, påpeikar ho. I rapporten blir det først og fremst lagt fram som eit samfunnsproblem, meiner ho.

– Slik eg opplever det så tek dei ikkje innover seg at det er idrettsspesifikke forhold som bidrar til han høge førekomsten av eteforstyrring i idretten, seier ho.

– Kva tiltak er det som manglar?

– Dei tiltaka som lyser gjennom er undervisning. Kompetanseløft og undervisning heile tida. Og for dei som står i ulike idrettskulturar og konkurrerer under gitte forhold, så er det ikkje nødvendigvis det å vite at eg burde ha ete meir eller trena mindre som hjelper, påpeikar Sundgot-Borgen.

Les også Mathilde (30) flau over startnekten: – Frontet en kroppsfigur som er ekstremt usunn

Mathilde Theisen

– Kor alvorleg er det at du framleis må stå her å seie dette i 2024?

– Eg synest det er veldig alvorleg, fordi vi har hatt kunnskap som ligg føre om både risikofaktorar, utløysande faktorar og førekomst i mange år. I meir enn 30 år. Likevel har vi ikkje komme lenger enn at vi står og held foredrag og formidlar kunnskap, seier Mathisen.

Avviser kritikk

Vibecke Sørensen, som har leidd arbeidet med å utarbeide handlingsplanen, avviser at Norges idrettsforbund fråskriv seg ansvaret.

Ho påpeikar at NIF ikkje eig særforbunda, men at dei er autonome forbund som eig sin eigen aktivitet.

Sjølv om det står som eit tiltak betyr ikkje dette at NIF ikkje skal hjelpe særforbunda i forhold til å få den kompetansen dei treng, seier Sørensen.

50kvp92fl84

Vibecke Sørensen, avdelingsoverlege ved Bærum sjukehus og tidlegare 1. visepresident i Norges idrettsforbund.

Foto: NTB

Nettopp derfor har dei foreslått å opprette eit kompetansesenter. I arbeidet med planen var det nemleg eit ønske frå fleire hald å få fagfolk og kompetanse samla på ein stad, påpeikar ho.

Men ein klarer ikkje å samle ulike aktørar som jobbar isolert med sine fokusområde, seier ho og fortset:

– Når eit av tiltaka vi foreslår seier at særforbunda må ta meir ansvar, skal ein sjølvsagt også bidra til at dei får hjelp til å auke kompetansen slik at dei kan ta det ansvaret.

– Sundgot-Borgen meiner rapporten først og fremst legg fram eteforstyrring som eit samfunnsproblem og i lita grad anerkjenner det som eit problem i idretten, kva tenker du om det?

Det meiner eg er ein heilt feilaktig måte å lese denne handlingsplanen på. Ho ser då ikkje at dei tiltaka vi foreslår er viktige i forhold til forbetring i idretten, seier Sørensen.

Det er ikkje alle idrettsutøvarar som har fri tilgang til Olympiatoppen. Dei idrettsutøvarane må ofte ta kontakt med fastlegane og legane sine. Idretten kan ikkje og skal ikkje ha ansvaret for medisinsk behandling av utøvarane våre. Då treng vi godt samarbeid med helsevesenet, seier Sørensen, og understrekar at det var ein del av oppgåva til mandatet å sjå på samarbeid utanfor idretten.

Siste nytt

  • Thiago Silva forlater Chelsea etter sesongen

    Forsvarsveteranen Thiago Silvas (39) dager i Chelsea-drakten er talte.

    Mandag opplyser klubben at brasilianeren gir seg der etter inneværende sesong. Silva har spilt for Chelsea siden 2020, og han har blant annet vunnet mesterligaen med den engelske storklubben.

    – Chelsea betyr mye for meg. Jeg kom hit med intensjon om å bli i bare ett år, og det endte opp med fire år. Sønnene mine spiller for Chelsea, og vi er stolte over å være en del av Chelsea-familien. Jeg håper de kan fortsette karrierene sine her, sier Silva til Chelseas nettsted.

    Premier League - Aston Villa v Chelsea
    Foto: Andrew Boyers / Reuters
  • Håndballkvinnene OL-åpner mot Sverige

    Norge innleder OL-turneringen for kvinner i Paris mot Sverige, mens Argentina er norsk åpningsmotstander i mennenes turnering.

    Det ble klart da Det internasjonale håndballforbundet la ut OL-programmet mandag.

    Slik spiller Norges kvinner i gruppe A:

    25. juli: Norge – Sverige 21.00.

    28. juli: Danmark – Norge 16.00.

    30. juli: Norge – Sør-Korea 11.00

    1. august: Slovenia – Norge 21.00.

    3. august: Norge – Tyskland 19.00.

    Slik spiller Norges menn i gruppe B:

    27. juli: Norge Argentina 16.00

    29. juli: Frankrike – Norge 19.00.

    31. juli: Norge – Ungarn 09.00.

    2. august: Norge – Egypt 21.00

    4. august: Danmark – Norge 19.00.

    Fra hver av de to gruppene tar de fire beste seg videre til kvartfinaler. Alle innledende kamper spilles i Paris, mens sluttspillet går i Lille.

    (©NTB)

    Henny Ella Reistad og Nora Mørk etter VM-kampen i hovedrunden mellom Frankrike og Norge i Trondheim Spektrum.
    Foto: NTB
  • Gulliksen usikker før den svenske cupfinalen

    Tobias Gulliksen måtte stå over Djurgårdens 1-0-seier over Gais grunnet en skade i kneet søndag kveld. Dermed står cupfinalen i fare for nordmannen.

    – Det har litt bedre, men vi får se. Kneet er hovent, så vi sjekker i morgen, sa han til Aftonbladet.

    Gulliksen var ikke med i kamptroppen etter at han pådro seg en skade. Allerede er det duket for cupfinale mot Erik Botheims Malmö.

    Europa conference leauge 2023/2024 : Bodø/Glimt - Ajax (1-2 e.e.o.)
    Foto: Mats Torbergsen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal