Hopp til innhold

Ukjende Jon (21) blir spådd kometkarriere: – Målet er å bli verdas beste

Det «er forventa» at Jon Vetle Furuheim (21) skal bli best i verda. Både han sjølv og ekspertar meiner det er mogleg.

Jon Vetle Furuheim

KLAR: Jon Vetle Furuheim tek gladeleg på seg ansvaret med å vise kva kampsportlandet Noreg har å by på.

Foto: Mads Thygesen / NRK

– Målet mitt er å bli best i verda, og setje Noreg på kartet som Petter Northug i langrenn og Erling Braut Haaland i fotball.

Dette er store ord for ein 21-åring. Jon Vetle Furuheim fortel med sjølvtillit og med eit smil om munnen om det store målet sitt i karrieren.

For det å skulle bli verdas beste MMA-utøvar er langt frå lett for ein ung gut frå Oslo, men draumen har han hatt sidan han var berre seks år gammal.

Laurdag gjekk Furuheim sin femte profesjonelle kamp mot italienske Alberto Magris i Finland. Det enda med ein sterk siger i det som er hans største kamp til no i karrieren.

Debuterte som 15-åring

Som liten hadde han mykje energi. Foreldra såg etter ei moglegheit for at sonen skulle få utløp for han, og dei fall ned på kampsport.

– Eg byrja med taekwondo og thai-boksing då eg var fem, seks år, seier Furuheim.

Jon Vetle Furuheim - MMA

UNG: I mange år har Jon Vetle Furuheim vorte snakka om som Noregs moglegheit i MMA.

Foto: Mads Thygesen / NRK

At han byrja med MMA seier han sjølv er eit slumpetreff. Han såg nokon vaksne trene idretten på same treningssenter som seg sjølv, og bestemde seg for å prøve.

Etter mange år med trening, fekk han MMA-debuten som amatør i England allereie som 15-åring. På elleve kampar som amatør vann han ni og tapte to, før han i fjor haust vart profesjonell.

Der står han så langt med fire sigrar og eitt tap på fem kampar.

Vil bli best i verda

Noreg har hatt fleire MMA-utøvarar som har hevda seg, og gått kampar i den største organisasjonen UFC. Furuheim har som mål å bli større enn dei før han, og setje Noreg på kartet.

– Heilt sidan eg var liten har eg hatt som mål å komme inn i UFC og bli best i verda. Eg er framleis ung og er på rett veg mot målet mitt, seier han.

Jon Vetle Furuheim

MÅLRETTA: Saman med den mangeårige trenaren sin Chris Nilsen trenar dei med eitt mål for auge: UFC og verdsmeistertittel.

Foto: Mads Thygesen / NRK

Som ein del av målet om å setje Noreg på MMA-kartet ønskjer han større merksemd rundt idretten her til lands. Han vil rette fokus på at MMA-utøvarar er toppidrettsutøvarar på lik linje med annan toppidrett.

– Akkurat no er MMA lovleg i nesten alle land. Noreg er eit av få land der det er ulovleg. Så det seier jo sitt, seier Furuheim.

– Kan du forstå kvifor folk er skeptiske til idretten?

– Ja, eg kan forstå at mange er skeptiske til MMA, og at det ser ganske brutalt ut. Alle som driv kampsport er klare for å forsvare seg. Du får aldri gå ein kamp viss du ikkje er klar for det, seier han.

– Kva trur du skal til for at MMA blir lovleg i Noreg?

– Boksing vart ikkje lovleg i Noreg før Cecilia Brækhus vart verdsmeister. Eg trur det er same tilfelle med MMA, seier han.

– Enklare å bli den beste fotballspelaren i verda

MMA-ekspert og kommentator for Viaplay, Thomas Narmo, meiner Furuheim har alle føresetnadene på si side for å bli best i verda.

– Han kan sjølvsagt bli best i verda. Han har ferdigheitene, det mentale og apparatet rundt seg til å klare det, seier Namo.

Thomas Narmo

IKKJE I TVIL: Thomas Narmo meiner Jon Vetle Furuheim kan bli den beste MMA-utøvaren i verda. Han seier alt må klaffe, men at Furuheim har alt som skal til.

Foto: Mads Thygesen / NRK

Vidare seier han at kampsportverda forventar at han skal klare å slå seg inn i verdstoppen, om ikkje bli best i verda.

– For å forklare for mannen på gata kor god Furuheim er, kva kan vi samanlikne prestasjonane og talentet hans med?

– Du kan samanlikne Jon Vetle med landslagsspelarane våre i fotball. Han leverer på eit høgt nivå. Eg trur det er enklare å bli den beste fotballspelaren i verda enn å bli den beste MMA-utøvaren i verda, meiner Narmo.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal