Tysk Bundesliga 2019/2020

  • Marerittkamp for Jarstein

    Rune Almenning Jarstein hadde ein svært tung dag på jobben for Hertha Berlin laurdag. Landslagskeeperen slapp inn tre mål og scora sjølvmål da det blei 0-5 mot Köln i tysk Bundesliga. Han var ordentleg på bærtur da Florian Kainz skaut mot mål og Jarstein sparka ballen via stolpen og i eige mål. Per Ciljan Skjelbred satt heile kampen på benken for Hertha.

    Jarstein og Hertha
    Foto: Michael Sohn / AP
  • Lewandowski redda Bayern

    Bayern München sleit lenge mot botnlaget Paderborn og såg ut til å miste viktige poeng i tittelkampen i Bundesliga. Paderborn kjempa seg heroisk til 2-2 på bortebane med eit kvarter igjen å spele. Men da det var to minutt igjen på klokka dukka Robert Lewandowski opp og scora sitt 25 mål for sesongen. Dermed vann Bayern 3-2 og har fire poeng ned til Leipzig med ein kamp meir spelt.

    Robert Lewandowski
    Foto: Matthias Schrader / Matthias Schrader
  • Skjelbred klar for Rosenborg

    Per Ciljan Skjelbred gjør comeback i Rosenborg til sommeren, melder klubben på sin hjemmeside. Han har skrevet under på en 2,5-årskontrakt.

    – Det var rett og slett på tide å komme hjem nå. Jeg har savnet Trondheim, sier Per Ciljan Skjelbred til RBK.no

    Trener Eirik Horneland er svært fornøyd med å styrke laget og midtbanen med en gammel kjenning.

    – Kjempesignering. Jeg er veldig glad for at vi klarer å få han tilbake mens han fremdeles er en veldig god fotballspiller. Vi gleder oss til å ta fatt på han og at han kommer tilbake 1. august, sier trener Eirik Horneland til NRK.

    Per Ciljan Skjelbred gjør comeback i den hvite og sorte trøya.
    Foto: RBK.no

Siste nytt

  • Liverpool snudde og tangerte rekord

    Med 3-2 over West Ham tangerte Liverpool rekorden med 18 strake sigrar i Premier League. Det er like mange som Manchester City hadde i 2017-18.

    Liverpool tok leiinga ved Georginia Wijnaldum, men Issa Diop og Pablo Fornals gav West Ham overraskande 2-1-leiing.

    Men Mohamed Salah og Sadio Mané sikra poenga for sigersvane Liverpool.

    Liverpool leier med 22 poeng på Manchester City når 11 kampae står att.

    Mohamed Salah
    Foto: Paul Ellis / AFP
  • Bryants enke går til sak

    Kobe Bryants enkje Vanessa går til sak mot eigaren av helikopteret som krasja i skodda då Bryant og dottera omkom i utkanten av Los Angeles 26. januar.

    Vanessa Bryant meiner piloten var uforsiktig då han flaug i dei vanskelege tilhøva. Ho meiner han burde ha avbrote flyuturen. Piloten sjølv var blant dei ni som omkom i styrten.

    Helikopteret som krasja
    Foto: Jayne Kamin-oncea / Reuters
  • RBK-kvinnene tapte sin første kamp

    Rosenborg Kvinner tapte 1-0 for Sandviken i sin aller første kamp. Den blei spela på La Manga, og målet kom etter 39 minutt.

    Rosenborg Kvinner er same laget som tidlegare heitte Trondheims-Ørn. Frå i år er dei ein del av Rosenborg BK.

Sendeplan

Kl. Program Kanal