Hopp til innhold

Ut mot arrangøren etter disking – meiner VM-løypene er ekskluderande

Det norske VM-håpet Trygve Toskedal Larsen (50) meiner han blir diskriminert av VM-arrangøren. At han i tillegg vart diska, gjer frustrasjonen endå større.

Trygve Toskedal Larsen

KRITISK: Trygve Toskedal Larsen meiner VM-arrangøren i Östersund lagar ekskluderande løyper.

Foto: KARL NILSSON / Karl Nilsson

– Eg er frustrert over at dei ikkje kan lage til løyper som passar for alle, fortel han til NRK.

Toskedal Larsen reagerer på at VM-arrangøren i Östersund har laga ein bratt, kupert og svingete trasé, som han meiner favoriserer ein viss type utøvarar.

Sjølv har 50-åringen ein fem kilo tung protese på det venstre beinet. Han beskriv den som «dødvekt» som gjer det ekstra tungt for han å komme seg opp bakkane.

Rogalendingen meiner arrangøren fint kunne gjort løypetraseen lettare.

– Det er berre viljen det står på. Eller om dei rett og slett ikkje klarer å setje seg inn problematikken. Eg veit ikkje, seier Toskedal Larsen.

Forklaringa til arrangøren

– Ei VM-løype skal vere tøff og utslagsgivande, seier arrangementssjef Tommy Jirhed til NRK.

Han viser til løypereglane til Det internasjonale Skiforbundet (FIS) og fortel at løypetraseen er innanfor kva som er tillate. Jirhed har likevel forståing for Toskedal Larsens synspunkt.

Kvar runde er nesten tre kilometer lang, der utøvarane må klatre 51 høgdemeter. Denne vart gått seks gonger i det 18 kilometer lange rennet på søndag.

Løypekart

TØFF LØYPE: Slik ser det totalt 18 kilometer lange løpet ut.

– Det er ei veldig tøff løype. Den er like lang for kvinner og menn, og for enkelte utøvarar kan ho opplevast vanskeleg, seier Jirhed.

Han viser vidare til klassifiseringssystemet i paraidretten og seier at Toskedal Larsen skal bli kompensert tidsmessig for den funksjonsnedsetjinga han har.

Vart diska: – Kan ikkje godta dette

Etter løpet vart vondt til verre for Toskedal Larsen, som fekk beskjed av juryen av at han var diska.

Juryen meiner at han brukte skøyteteknikk i oppoverbakkane. Nordmannen forklarer at han hoppa - ikkje skøyta - opp bakkane, og at dette er ein teknikk utøvarar med protesar har brukt i alle år.

Toskedal Larsen er sjølv heilt avhengig av å gå på denne måten for å komme seg opp bakkane.

– Eg kan ikkje springe diagonalt som dei andre, så dette er måten eg løyser bratte bakkar på. Eg kan ikkje godta dette, eg er så varsam med å ikkje gli på skia, fortel han.

Trygve Toskedal Larsen

BRUKER PROTESE: Trygve Toskedal Larsen.

Foto: Heiko Junge / NTB

Må stake ut framtida til sporten

Landslagskoordinator Ulf Morten Aune besøkte juryen etter avgjerda, og fekk forklart at dei sat på bilet- og videobevis av den påståtte juksen.

Etter samtaler med trenarar frå andre nasjonar fekk Aune stadfesta det Toskedal Larsen hadde forklart; det er ein uskriven regel om at utøvarar med slike funksjonsnedsetjingar bruker ein slik teknikk for å komme seg opp bakkane.

– Vi vart veldig overraska over avgjerda til juryen. Då vil Trygve ha endå dårlegare føresetnader for å hevde seg i framtida, seier Aune.

Han meiner at paraidretten må tenkje nøye over korleis framtida til sporten skal sjå ut, og at dei må finne ein fornuftig balansegang mellom kommersialisering av idretten og inkludering av flest mogleg.

Ulf Morten Aune

MÅ INKLUDERE: Det meiner landslagskoordinator Ulf Morten Aune.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Vi må ha to ting i hovudet samtidig. Vi må inkludere, ikkje ekskludere, seier han.

Han opplyser at han har prata med juryen på nytt, som lovar at dei skal setje seg grundig inn i saka og vurdere Toskedal Larsens disking på nytt.

– Det er ingen som mistenkjer Trygve. Det er den teknikken han må bruke i bakkane, seier Aune.

Utøvarane med protesar forsvinn

Toskedal Larsen meiner at det har vorte ein trend å lage hardare løyper i para-langrenn. Han har merka at det stadig blir færre utøvarar med protesar som stiller til start.

– For nokre år sidan var vi nesten dobbelt så mange folk til start. No er det nesten ingen igjen. Løypene blir berre hardare og hardare, seier han.

I eit verdscuprenn i Finland tidlegare denne sesongen var det fire med protesar med. Under VM-opninga dukka ikkje proteseløparane frå dei andre nasjonane opp. Toskedal Larsen reknar med at dei harde løypene er årsaka til fråværet.

Les også Norsk langrennsstjerne hardt ut mot premienivå – måtte ta til takke med mummikopp

Vilde Nilsen Mummi

Den rutinerte para-utøveren konkurrerte tidlegare i kjelke, men har seinare fått laga protesar. Toskedal Larsen angrar ikkje på overgangen til ståande skigåing, men ber om at arrangørane i framtida tilpassar løypene etter behova og funksjonsnedsetjingane til alle utøvarane.

– Eg håpar dei kan lage løyper som kan passe alle. Det blir meir rettferdig og du får fleire deltakarar. Viss du berre skal ha folk med friske bein, blir det få utøvarar etter kvart, meiner han.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal