Hopp til innhold

Norsk langrennsstjerne hardt ut mot premienivå – måtte ta til takke med mummikopp

Vilde Nilsen (22) er lei av manglande premiepengar, og tilbyr mummikoppen ho vant i verdscupen til høgstbydande. Utøvarane etterlyser betring frå FIS.

Vilde Nilsen Mummi

SIGER: Vilde Nilsen fekk ein Mummikopp i premie etter å ha vunne eit verdscuprenn arrangert av FIS.

I sommar overtok Det internasjonale Skiforbundet (FIS) ansvaret for ei rekkje vinteridrettar frå Den internasjonale paralympiske komiteen (IPC).

Under IPC har parautøvarane måtta sjå langt etter premiepengar for verdscupsigrar. No håpa dei på betre tider. Førebels er det ingen teikn til endring.

Vilde Nilsen er blant dei beste langrennsløparane i verda, men etter verdscupsigeren i Finland tidlegare denne sesongen vart ikkje bankkontoen fylt opp.

– Eg har ikkje motteke noko premiepengar frå FIS. Så langt har eg fått mummikopp og ein pakke med konfekt. Ein blir ikkje rik av det, fortel ho til NRK.

– Det er lite pengar i sporten. Vi kan ikkje gjere anna enn å heve interessa og håpe at det kjem litt meir. Det vil hjelpe for oss som satsar, seier Nilsens lagkamerat, Thomas Karbøl Oxaal.

Han fekk ei eske med sjokolade etter å ha enda på pallen i Finland. Til samanlikning har langrennslandslaget, leidd an av Johannes Høsflot Klæbo, tent over 9 millionar i verdscupen denne sesongen.

  • NRK sender ski-VM for parautøvarar 22.–29. januar.
Sjokolade

SJOKOLADE: Dei svenske, finske og norske utøvarane fekk ikkje pengar, men sjokolade for prestasjonen deira i verdscupen i Finland.

Fekk Mummikopp – blir lagt ut for sal

NRK har tidlegare skrive om paraalpinisten Jesper Saltvik Pedersen, som fekk ein ost i premie etter ein siger. Han la han ut på auksjon og fekk 50 000 kroner for delikatessa. Nilsen lèt seg inspirere.

– Eg veit at det er nokon mummikopper som er verd ganske mykje, så kanskje eg skal prøve. Eg får leggje han ut på auksjon. Høgstbydande får han, smiler ho.

I ein e-post til NRK forklarer FIS at dei overtok ansvaret for paraidrettane før førre sesong, og at dei framleis held på å integrere idrettane i organisasjonen. Førebels har dei overført mykje frå korleis IPC handterte paraidretten.

– Dette inkluderer premiepengar som blir tildelte utøvarane. Etter denne sesongen er over, skal strukturen for premiepengar blir diskuterte vidare og blir utvikla for kommande sesongar, seier FIS.

Les også Denne osten kostet henne 50.000 kroner: – Responsen har vært helt utrolig

Margaret Hystad og Jesper Saltvik Pedersen

Reidd for framtida til idretten

Men det er ikkje berre dei manglande premiepengane det blir reagert på. Med FIS ved roret, hadde fleire norske paraprofiler håpa på ei meir profesjonell handtering av idretten deira. Så langt har det snarare vore tvert imot.

Kaoset starta tidleg då ski-VM for parautøvere først vart avlyst. Verdsmeisterskapen har seinare stått opp igjen, men i redusert utgåve. I Östersund denne månaden skal det berre konkurrerast i langrenn og skiskyting, medan alpint er flytta til Spania.

Også i verdscupen har det oppstått problem. Parautøvarane i langrenn har ikkje mange renn på kalenderen, men då verdscuprennet i Planica vart avlyst klarte ikkje FIS å finne eit alternativ.

– Eg hadde forventa meir av FIS. Det har vore litt mykje tull. VM rauk nesten og verdscupen i Planica vart ingenting av. Eg er skuffa, vi driv ikkje på med dette for moro og leik. Dette er jobben vår, og vi satsar 100 prosent for å bli best i verda, seier Vilde Nilsen til NRK.

Ho får støtte av lagkamerat Thomas Oxaal.

Les også Alpinisten er for låg til å stille i VM: – Diskriminerande

Thomas Daae

– Dei greidde å rote til det eine verdscuprennet vi skulle hatt i Planica. Vi klarte eigentleg å få flytta det til Lillehammer, men dei var ikkje så villig til å sende folka sine dit. Eg håpar verkeleg at arrangementsviljen løftar seg, seier han.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå FIS om kritikken til Nilsen og Oxaal, men har førebels ikkje lykkast.

Nilsen er berre 22 år gammal, men har allereie ei rekkje VM-gull og andre medaljar i premieskapet. Ho håpar å vinne meir i framtida, men då må ho ha ein arena å konkurrere på.

– Eg håpar verkeleg at dette har vore ein prøvesesong og at dei neste sesong er litt meir skjerpa. Viss dei skal halde slik fram, blir spørsmålet om det blir litt meir paraidrett i framtida, seier ho.

Siste nytt

  • United-manageren fyrte løs mot pressen: – En skam

    Manchester United-sjef Erik ten Hag langet ut mot journalistene da han stilte til pressekonferanse tirsdag.

    Nederlenderen ble spurt om han forstår kritikken som har kommet i etterkant av FA-cupsemifinalen mot Coventry der de rødkledde til slutt tok seg videre etter en dramatisk kamp.

    – Kommentarene er en skam, sa Ten Hag.

    – Fotball handler om resultater, og vi kom til finalen. Og vi fortjente det, ikke bare etter den kampen, men alle de andre kampene, sa Ten Hag.

    Manchester United ledet 3-0, men mistet hele overtaket i løpet av de siste 20 minuttene av ordinær tid. Coventry utlignet til 3-3, og senere traff de tverrliggeren og fikk et mål annullert etter en VAR-sjekk. På straffer vant United 4-2.

    Tidligere spiller Roy Keane var blant dem som var harde med klubben etter avansementet mot laget fra nivå to. Han kalte prestasjonen for «pinlig».

    – Det var en som spurte om det var pinlig. Nei, reaksjonen fra dere er pinlig, sa Ten Hag. (NTB)

    776131836
    Foto: GLYN KIRK / AFP
  • Stina Nilsson gir seg som skiskytter – bytter idrett igjen

    Det bekrefter Nilsson til SVT.

    – Jeg skal gå langløp neste år, og det føles veldig kult, sier Nilsson.

    For fire år siden la hun brått opp langrennskarrieren, og begynte å satse på skiskyting. Det ble ingen suksess, og nå sier hun stopp.

    – Geværet er lagt på hylla, sier Nilsson.

    Nilsson har signert for det norske langløpslaget Team Ragde Charge, og skal gå Ski Classics neste sesong.

    – Allerede da jeg gikk over til skiskyting så jeg på meg selv nesten som en tretrinnsrakett. Det blir langrenn, skiskyting og så skal jeg prøve meg på langløp. Og nå føles det veldig riktig og spennende.

    Nilsson fikk med seg en pallplass i skiskyting, og sier de to første sesongene var veldig bra. Deretter gikk det nedover. Til slutt gikk hun lei enkelte deler av sporten.

    – Man kan være i superbra form, skyte en veldig god liggende serie, og likevel skyte seg bort på stående. Jeg var ganske lei av det på slutten, at jeg hadde gjort det så bra, men likevel var det noe som ikke stemte.

    Stina Nilsson
    Foto: BILDBYRÅN
  • Sky Sports: Haaland ikke på City-trening

    Manchester City-spiss Erling Braut Haaland var ikke å se på trening i forberedelsene til Premier League-kampen mot Brighton.

    Det opplyser Sky Sports, som også melder at Phil Foden ikke var til stede.

    Haaland ble byttet ut før ekstraomgangene da Manchester City røk ut i Mesterligaens kvartfinale mot Real Madrid forrige onsdag.

    City-manager Pep Guardiola uttalte siden at Haaland hadde et muskulært problem, og lørdagens 1-0-seier over Chelsea i FA-cupsemifinalen gikk uten nordmannen.

    Manchester City er i førersetet i gullkampen i Premier League og møter Brighton torsdag kveld. De lyseblå ligger ett poeng bak Arsenal og Liverpool, men har én kamp mindre spilt.

    Champions League - Quarter Final - Second Leg - Manchester City v Real Madrid
    Foto: Carl Recine / Reuters

Sendeplan

Kl. Program Kanal