- Se kvinnenes 15 kilometer direkte på NRK1 og NRK.no fra klokken 14.10!
– Slike nederlag brukar ikkje påverke oss så mykje, slår Tarjei Bø fast.
Den etter kvart erfarne skiskyttaren tok over for veslebror Johannes Thingnes Bø på stafetten torsdag. Veslebror sine tre strafferundar, etter seks bom på første skyting, gjorde det umogleg for Noreg å hevde seg i Ruhpolding.
Ein knust 20 år gammal Johannes gjekk rakrygga rundt til diverse medium og forklarte seg i etterkant.
– Skjøna ingen verdas ting
Til NRK sa han at han rett og slett ikkje veit kva som skjedde.
– Eg budde meg godt til skytinga. Eg pusta godt og låg godt på matta. Så skaut eg fem gode skot midt i og skjøna ingen verdas ting av kvifor eg bomma og kvifor det stod igjen fem blinkar etterpå. Hadde den skytinga blitt gjort på ein pappblink, hadde eg sagt at det var fem treff før eg fekk anvisinga.
Slik forklarte Thingnes Bø sjokket. For han forstod rett og slett ikkje kva som hadde gått gale.
– Det verste er jo at eg ikkje veit kva som faktisk gjekk gale. Etter skytinga var eg sikker på at det var noko feil med blinkane, fortalde 20-åringen.
Men bom blei det, og plutseleg låg Vetle Sjåstad Christiansen – som gjekk ein god tredjeetappe – hakket betre an enn Thingnes Bø i kampen om plassen på OL-laget.
- Les også:
- Les også:
Har vist at han taklar presset
Tarjei Bø, som er éin av tre sikre kort saman med Ole Einar Bjørndalen og Emil Hegle Svendsen, er klar på at han vil backe veslebroren.
– Men han er sjølv ganske god til å preppe seg sjølv, slår Tarjei fast.
Han meiner det at broren no er i angrepsposisjon er ein fordel.
– Det å vere i angrepsposisjon er vel best for alle utøvarar. Forsvarsposisjon er meir medieskapt, men klart; det handlar mest om forventningar til oss sjølve. Vi stiller høge forventningar, og når vi ikkje innfrir dei så blir vi skuffa.
Tarjei fortel at lista til broren har blitt liggande høgt oppe etter fleire gode resultat.
– Då er bom ... det er mislukka. Slik er det for meg òg, og slik er det for dei fleste på vårt lag, meiner Tarjei.
– Blir det meir nervar når alle ventar at du skal gå eit toppløp?
– Ja, og så gjeld det å takle dei. Men det viser jo Johannes at han taklar i Frankrike på andre dagen, når han etter å ha vunne ikkje ser påverka ut. Stafetten no var eit arbeidsuhell, avsluttar eldstebror Bø, som meiner veslebroren vil slå hardt tilbake.