Hopp til innhold

Trur spesial-behandlinga av Haaland er ein tabbe

Landslagstrenar Ståle Solbakken er open om at Erling Braut Haaland (21) skal få særbehandling på landslaget. No blir Noreg-sjefen åtvara om at dette fort kan slå feil ut.

Football, Norway, training

blir SKJERMA: Erling Braut Haaland har mykje på tankane i desse dagar. Her med Martin Ødegaard på trening på Ullevaal denne veka.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

– Utfordringa er det enorme fokuset som vil vere på Erling heile tida. Han ha ei spesialbehandling, seier Solbakken til NRK.

Haaland kom til denne landslagssamlinga i privatfly som han sjølv betalar for.

Så kom det fram at superspissen skal skjermast frå pressa. Tysdag vart det og klart at han overtek Alexander Sørloth sitt draktnummer 9 på landslaget av kommersielle omsyn.

– Legg ekstra press

Tidlegare eliteserie-trenar Tor Thodesen er blant dei som meiner denne Haaland-handteringa er ein tabbe og ei bjørneteneste.

– Det bidreg til å leggje eit ekstra press på spelaren, seier Thodesen til NRK.

Han la ut denne twittermeldingen etter pressekonferansen tysdag:

t
Foto: Skjermdump Twitter 23.03.2022 / Twitter

Thodesen står fast på kritikken når NRK ringjer.

Det er desse tinga som får oppslag sjølv om det isolert sett ikkje er viktige hendingar. Det byggjer på den oppfatninga pressa har av publikummet sitt. Dei forventar at folk vil reagere, og det er akkurat det eg har gjort, seier Thodesen.

– Er det ikkje naturleg at ei verdsstjerne må ha spesialbehandling?

– I prinsippet må alle bli behandla ut frå dei føresetnadane som finnes, og det ligg sikkert nokre utfordringar i dette. Det er openbert òg nokre utfordringar ved å vere Haaland, med det presset han har på seg. Men det vil ikkje akkurat minske med desse sakene som kjem opp, svarer fotballtrenaren.

bHLHxg_SjZQ

Tor Thodesen åtvarar mot at spesialbehandlinga av Haaland er ei bjørneteneste.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

– Blir ingenting i forhold

Tidlegare toppfotballsjef og landslagstrenar Nils Johan Semb og NRKs fotballekspert Carl-Erik Torp er begge usamde i at spesialbehandling kan medføre ekstra press på Haaland.

– Det er ein del av spelet når ein blir rangert som ein av dei beste spelarane i verda. Då blir det viktig å finne ein rett balanse, og eg har full tillit til at Ståle handterer det, seier Semb til NRK.

– Her er det ein totalpakke og eit press vi aldri har sett på ein norsk spelar tidlegare. Så då er det naturleg at ein ønskjer å avgrense det litt om ein kan. Og eg tror ikkje presset blir noko større når han byter draktnummer eller kjem til ei landslagssamling i privatfly. Det er verkeleg ingenting i forhold til det presset han vil ha på seg når han snart signerer for ein ny klubb, seier Torp.

Likevel kjem han med ei åtvaring:

Det blir viktig at det ikkje skal vere sånn kvar landslagssamling, for då distanserer han seg frå det norske laget og folk generelt, åtvarar Torp.

Fotballandslaget med pressetreff.

Nils Johan Semb.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Ein unik situasjon

Dette blir Haaland sin første landskamp sidan 7. september i fjor, då han skåra tre mål mot Gibraltar. Spissen mista resten av kvaliken på grunn av skadeproblem.

No er han tilbake, men Ståle Solbakken understrekar at landslagsleiinga ikkje kjem til å la Haaland dure fram som han sjølv vil.

– Vi må vere klar over at dei reglane som gjeld for andre må òg gjelde for han. Men eg har alltid vore tilhengjar av at ein må behandle spelarar ulikt. Det sat ein her i stad (Ødegaard) som óg har sine behov. Men det er ein unik situasjon at Noreg har ein av dei to–tre mest attraktive spelarane i den største idretten i verda. Det må vi takle, seier Solbakken.

Han ber samstundes Haaland om å vere klar over rolla si som den suverene superstjerna i laget.

– Alt han gjer både internt og utetter vil det vere stort fokus på. Han kan prege det miljøet og den salen her (pressa) mykje meir enn vi kanskje kan førestille oss, både han, eg og de, meiner Solbakken.

Football, Norway, training

Erling Braut Haaland er endeleg tilbake på landslaget.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Semb trur Solbakken kan ta det heilt med ro, og at særbehandlinga neppe vil føre med seg nokre negative følgjer, anten for spelargruppa eller Haaland sjølv.

– Dette er folk som har vore med i «gamet» lenge og kjenner den internasjonale fotballen. Det vil overraske meg viss det skulle få negative konsekvensar, det har eg ikkje noko tru på, seier Semb.

Endrar reisemåte

Landslagssjefen er open om at det for lengst har vorte merkbart at laget har fått ei internasjonal superstjerne. Solbakken fortel at laget allereie må leggje opp utanlandsreisene sine på ein annan måte.

– Vi kan ikkje berre vase gjennom kva flyplass som helst med han, det fungerer ikkje, det har vi fått bevist. Og vi må ta omsyn til at det er ei verdspresse som er interessert i han, seier han.

Då Solbakken blir bede om å utdjupe kva som skjedde på flyplassen den gongen, svarer han:

– Det eg kan seie er at, i alle fall i koronatider, hadde heile laget vorte smitta viss vi hadde halde fram den gongen.

At Haaland blir skjerma ekstra akkurat på denne samlinga kjem i forlenginga av rapportane om at avgjerda om eit klubbskifte skal nærme seg med stormsteg.

Haaland er venta å forlate Dortmund til sommaren, og omtrent det som kan krype og gå av storklubbar skal liggje langflate etter han.

– Må verne vedkommande

Difor ber Solbakken det norske folket om å ha forståing for at Haaland blir pakka litt ekstra inn denne gongen.

Eg er tilhengjar av openheit og tilgjengelegheit, men nokre gonger må ein ha respekt for at ein person er i ein situasjon som er ekstraordinær, og som nokre gonger gjer at ein må verne vedkommande – anten fordi han vil det, vi vil det, eller nokre av hans næraste vil det. Eg kan ikkje seie kven som vil mest. Men så kan det godt hende at han dukkar opp likevel, men eg vil ikkje late som at det ikkje er eit problem, for det er det, seier Solbakken.

Noreg møter Slovakia fredag og Armenia tysdag. Landslagssjefen garanterer at det blir speletid allereie fredag for den skadeplaga spissen.

– Han speler i alle fall den første kampen. Så ser vi korleis laget ser ut og korleis kroppen hans er. I utgangspunktet er han tilgjengeleg til begge kampane, men han speler definitivt den første mot Slovakia, seier Solbakken.

Siste nytt

  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • KBKs Max Williamsen ute resten av sesongen

    Et avrevet korsbånd i venstre kne gjør at sesongen er over for Kristiansunds Max Williamsen.

    Etter 15 minutter i onsdagens cupkamp på Reknesbanen, gikk KBKs høyreback i bakken etter en duell med en Træff-spiller, skriver Tidens Krav.

    – Det er bare å forberede seg på det verste, sa 20-åringen til da han hinket inn i KBK-bussen for å reise hjem til Kristiansund en liten time etter kampslutt.

    Etter MR-undersøkelse torsdag kom bekreftelsen på at 20-åringen ikke kan spille mer fotball denne sesongen. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Kristiansund - KFUM Oslo (1-1)
    Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
  • City herjet mot Brigthon - Foden hylles etter måldobbel

    Phil Foden storspilte og stjal showet da Manchester City vant 4-0 borte mot Brighton i Premier League.

    Etter storseieren uten Erling Braut Haaland skiller det bare ett poeng opp til serieleder Arsenal, som har én kamp mer spilt. Søndag gjester Pep Guardiolas menn Nottingham Forest.

    Oscar Bobb ble sittende på benken hele kampen.

    City fikk en fantastisk start på kampen da Kevin De Bruyne stanget et innlegg fra Kyle Walker rett i krysset etter bare 17 minutter.

    Ni minutter senere doblet Phil Foden gjestenes ledelse da han slo et frispark via muren og i mål.

    Briten var imidlertid ikke ferdig der. Med ti minutter igjen av omgangen satte han inn sitt andre etter at Brighton rotet det til i forsvar. Bernardo Silva snappet opp ballen og spilte den til City-juvelen, som banket inn 3-0-målet.

    Det var Fodens 50. Premier League-scoring, som fikk en legende til å logge seg på:

    – Er Phil Foden årets spiller? spurte tidenes toppscorer i Premier League, Alan Shearer, på X.

    Etter hvilen fortsatt City målfesten da Julian Alvarez banket inn returen på et skudd fra Walker.

    – Dette er ordentlig stygt for Brighton, men for et signal til resten av verden og Premier League, utbrøt Viaplay-kommentator Eivind Bisgaard Sundet.

    I forkant av målet ropte også vertene på straffe etter at Pascal Gross gikk i bakken i en duell med Rodri. Dommeren vinket imidlertid spillet videre.

    – Jo, dommer. Og jo, VAR. Det er klar og tydelig straffe til Brighton, skrev Viaplay-ekspert Lars Tjærnås på X.

    Det ble også det nærmeste Brighton kom et mål, og de må dermed se seg fornøyd med 11.-plass på tabellen.

    (NTB)

    Bpk8eLb85F0
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal