Hopp til innhold

Trur på nye islandske mirakel i EM

Lillestrøms islandske trenarduo meiner Island no kan slå kven som helst. I går blei dei klare for sitt fyrste sluttspel nokosinne.

Island klar for EM

EM-KLARE: Torsdag slo dei Nederland på bortebane, i går tok dei det eine poenget dei trengte heime mot Kasakhstan og heile Island kunne juble for EM-plass.

Foto: JOHN THYS / Afp

– Ein har alltid trua på dei uansett kven dei spelar mot. Det islandske laget er godt nok til å slå kven som helst.

Siggi Eyjolfsson er heilt klar i si tale. Saman med Runar Kristinsson som står med flest landskampar for øynasjonen, trenar han Lillestrøm.

I går kveld kunne trenarduoen på Romerike sjå at landslaget deira tok det eine poenget dei trengte, og kunne juble for å vere eitt av fire lag som allereie er klare for EM i Frankrike.

Det er ingen tilfeldigheit.

Betre enn Noreg på tidleg spelarutvikling

– Me er det fyrste landet som slår Nederland både borte og heime. Ein må verkeleg vere eit godt lag for å klare det. Det er ingen tilfeldigheit at me har kvalifisert oss til EM, seier Kristinsson.

Kristinsson har trua på Island

INGEN TILFELDIGHEIT: Lillestrøm-trenar Runar Kristinsson nemner tidleg spelarutvikling og betre treningsforhold om vinteren som viktige grunnar til at Island for fyrste gong har kvalifisert seg til meisterskap.

Foto: Ekornesvåg, Svein Ove / NTB scanpix

Grunnane er mange til at det akkurat er dette laget som kvalifiserer landet med berre 50.000 fleire innbyggarar enn Bergen by, til sitt fyrste sluttspel. Før Eyjolfsson blei LSKs assistenttrenar kom han frå sju år i det islandske fotballforbundet som både landslagstrenar for kvinnene og utviklingssjef. Der har han fylgd dagens islandske heltar tett.

– Me har brukt 10-15 år på å byggje opp dette laget. Mange av desse spelarane reiste til utlandet då dei var 16-17 år og fekk verdifull erfaring der. Men ein kan ikkje nå langt i fotball utan å ha gode tekniske ferdigheiter. I alderen 8 til 12 år er Island betre på spelarutvikling enn Noreg, meiner Eyjolfsson som meiner spelarutviklinga på det alderstrinnet er meir tilfeldig i Noreg.

– Lars Lagerbäck skal også ha mykje av æra. Island kunne aldri hatt Guordiola som trenar. Dei må ha eit bra forsvar og god organisering. Der har Lagerbäck passa perfekt.

– I tillegg er dette den fyrste generasjonen som har kunne trent fotball heile året. Då me var unge sprang me rundt i snøen heile vinteren, legg Kristinsson til.

Island er sikret EM-plass etter 0-0 mot Kasakhstan.

Sjå den elleville feiringa i Reykjavik etter at Island i går kvalifiserte seg til EM.

– Heilt spesielt

No ventar to betydningslause kampar i EM-kvalifiseringa før Island kan begynne å førebu seg til sitt fyrste meisterskap og trenar Lagerbäcks sjuande. Men denne gongen er spesiell.

– Det har vore fantastisk kvar gong eg har vore i sluttspel. Men dette kjennes spesielt, eg føler verkeleg støtten og varmen frå folket. No kan me berre nyte at me er klare. Eg har ikkje ord, sa svensken etter kampen i går.

Heime på Rælingen utanfor Lillestrøm ser trenarane på bilete og videoar av feirande islendingar.

– Dei kjem til å feire heile veka. Det kjem til å bli eit stort problem for alle islandske verksemder, ler Eyjolfsson.

Lillestrøm-trenarane trur Island langt frå blir ein kasteball i Frankrike neste sommar.

– Normalt går ein til sitt fyrste meisterskap for å få erfaring, men me har eit godt nok lag til å gjere meir enn berre å delta, meiner Kristinsson.

Siste nytt

  • Chelsea bekrefter: Enzo mister resten av sesongen

    Chelseas Enzo Fernandez mister resten av sesongen, det melder klubben på sine nettsider.

    Argentineren har vært under kniven på grunn av et lyskeproblem, og Chelsea bekreftet at operasjonen var vellykket. Samtidig betyr det at han er ute resten av sesongen.

    23-åringen har spilt 62 kamper for klubben etter at de hentet ham i januar i fjor.

    Carabao Cup - Final - Chelsea v Liverpool
    Foto: HANNAH MCKAY / Reuters
  • Wada skal etterforskes etter kritikk i dopingsak

    Verdens Antidopingbyrå (Wada) har bedt om en uavhengig gjennomgang av byråets håndtering av saken om en mulig dopingsak med noen av verdens beste svømmere.

    Ifølge Wada skal sveitseren Eric Cottier få adgang til sakens innhold og gi sin vurdering av byråets behandling av saken. Wada opplyser at arbeidet ventes å være ferdig om to måneder.

    – Wadas integritet og omdømme er under angrep. I de siste dagene er Wada blitt anklaget for partiskhet overfor Kina, opplyser antidopingbyrået.

    Lørdag kom nyheten om at kinesiske svømmere hadde spor av hjertemedisinen trimetazidin i prøver avgitt noen måneder før sommerlekene i 2021. 13 av dem deltok i OL i Tokyo.

    Kinesiske antidopingmyndigheter har avvist anklagene og hevder at utøverne skal ha fått i seg stoffet i mat under et stevne.

    Senere stilte Wada seg bak den forklaringen. Det har fått blant andre Det amerikanske antidopingbyrået (Usada) til å reagere sterkt. Den amerikanske antidopingsjefen Travis Tygart gikk mandag hardt ut mot Wada og mente at de dekket over for kineserne. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP
  • Amnesty reagerer kraftig – Fifa forsvarer Saudi-avtale

    Amnesty reagerer kraftig på avtalen Fifa har inngått med det saudiarabiske oljeselskapet Aramco. Fifa peker på at den bidrar til global utvikling av fotballen.

    Avtalen mellom saudiarabiske Aramco og Fifa er den siste i rekken av oljestatens involvering i idrett.

    Nyhetsbyrået AP hevder at avtalen er den største Det internasjonale fotballforbundet (Fifa) har inngått med en sponsor om man regner per år.

    – Vi blir ikke lenger sjokkert over Saudi-Arabias bruk av sport som et PR-verktøy, og Fifa har til gode å imøtekomme bekymringer knyttet til saudiske myndigheters grove brudd på menneskerettighetene, sier prosjektleder Frank Conde Tangberg i Amnesty International til NTB.

    – Fifa har valgt å rulle ut den røde løperen for Saudi-Arabia som VM-vert og sponsor. Vi oppfordrer Fifa til å engasjere seg mer for å ta tak i risikoen knyttet til VM i 2034, sier Tangberg.

    NTB har kontaktet Fifa og spurt om forbundets respons på et samarbeid med Saudi-Arabia og bekymringene om brudd på menneskerettighetene.:

    – I tråd med vedtektene reinvesterer Fifa sine inntekter, inkludert inntektene fra Aramco-sponsingen, i å utvikle fotball over hele verden. Det er forventet at Fifa i 2023–2026 vil investere i overkant av 3,9 milliarder dollar i utvikling og utdanning, opplyser en talsperson i Fifa til NTB.

    – Dette inkluderer «Fifa Forward 3.0», fotballutviklingsfondet og andre initiativ som for eksempel å fremme kvinnefotball, dommerarbeid og teknisk utvikling. (NTB)

    Soccer FIFA 2034 World Cup
    Foto: Hassan Ammar / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal