Wetten skal kommentere alle løpa for NRK. Han trur Pedersens 10.000-meter er Norges største medaljesjanse.
VM opnar med milløpet, ein distanse som vanlegvis går til slutt i meisterskap. Det har blitt heftig diskutert, og kan kome til å gi seg utslag i resten av VM.
– Ja, det er ikkje tvil om at ein 10.000 sit i kroppen ei stund, og får dermed følgjer for dei neste distansane, seier Wetten.
Kramer droppar mila
Beste skøyteløparen i verda dei siste åra, Sven Kramer, står av den grunn over 10.000. I romjula gjekk han ut med
, og meinte det er første fase i å fjerne 10.000-meteren frå det internasjonale programmet.VM tek til i kveld med 3000 m for kvinner og blir avslutta med fellsstart for kvinner søndag ettermiddag. Her er Even Wettens tips for dei norske deltakarane.
Wettens vurderingar
Torsdag: – Sverre Lunde Pedersen skulle ha god sjanse på 10.000-meteren, ikkje minst fordi Sven Kramer ikkje stiller opp. Jorrit Bergsma blir nok den sterkaste. Eg trur Pedersen tek ein pallplass. På kvinnenes 3000-meter har nok ikkje Ida Njåtun medaljesjanse. Eg trur ho endar på ein plass mellom 6 og 10.
Fredag: – 1500 meter er heilt open. Sverre er sterk her, og han har ein verdscupsiger denne sesongen. Men mange av konkurrentane har også blitt mykje betre, og Sverre har 10.000-meteren i beina. Han og Håvard Bøkko er nok i beste fall outsiderar. Kjeld Nuis har vist enormt sterk form i det siste.
På 1000-meteren er det urealistisk å håpe på topplassering til Ida Njåtun.
Det er tvilsamt om Norge tar medalje også i lagtempo for menn, utan Sverre Lunde Pedersen på laget. Med Sverre hadde vi hatt medalesjanse, men han har valt å stå over.
Laurdag: – Sverre Lunde Pedersen er igjen vår største medaljehåp på 5000. Men her er konkurransen sterk, og han skal ha ein god dag for å kome på pallen.
– På 1000 m er Håvard Holmefjord Lorentzen outsider. Han er kapabelt til å gå under 1.10. Men konkurrentane med Kjeld Nuis i spissen er veldig gode, så tipset blir rundt 5.-6.-plass for Håvard.
Søndag: – Espen Aarnes Hvammen er outsider på 500. Han er i toppform, og då kan han ta medalje med eit feilfritt løp. Det betyr under 35,10, helst ned på 34-talet. Men nivået er høgt og marginane små.
– Ida Njåtun har sin beste distanse på 1500 m, men eg har liten tru på medalje. Nivået er tøft, og ho har vore sjuk. Men ho vil nok hamne lie bak pallen, 4.-6.-plass.
– Fellesstarten for menn er uforutsigbar. Sverre kan kjempe i teten med ei gunstig løpsutvikling. Det optimale er at han er med i eit brot seint i løpet, slik at han unngår massespurt. Men eg trur ikkje han klarer medalje, seier Even Wetten.