Hopp til innhold

Trudde han skulle døy for 13 månader sidan – no toppar han utruleg målliste

Fredrik Gulbrandsen har vore i eineståande form for Molde dei siste månadene. Molde-trenaren trur returen til Noreg har gjort 31-åringen godt etter ei dramatisk tid i Tyrkia.

Fredrik Gulbrandsen

MÅLKONGE: Fredrik Gulbrandsen har pøst inn mål til nå i 2024. Her saman med Eirik Haugan frå kampen mot Legia Warszawa tidlegare i år. Haugan må stå over kampen mot Club Brugge med skade.

Foto: Reuters

Djupt inne i overtida sørgde Fredrik Gulbrandsen for at Molde vann 2–1 over Club Brugge førre veke. Dermed lever også håpet om avansement i aller høgaste grad før returoppgjeret i Molde torsdag kveld.

Og akkurat Gulbrandsen har dei siste kampane vist seg som ein nøkkelspelar for Erling Moes lag.

I cupfinalen i desember i fjor avgjorde han kort tid før slutt mot Bodø/Glimt. I 2024 har det blitt fem mål på berre tre kampar i Serieligaen, etter to mål både heime og borte mot Legia Warszawa og den nemnde skåringa mot Club Brugge.

Med fem mål er Gulbrandsen den spelaren med flest mål i alle europacupane til no i 2024. Nærast følger Pierre-Emerick Aubameyang, som har skåra fire mål på tre kampar i Europaligaen for Marseille i år.

– Gulbrandsen har vore ei draumesignering for Molde heilt sidan han kom. Han har vore heilt avgjerande nå i fleire viktige kampar, seier NRKs fotballekspert Kristoffer Løkberg.

Fredrik Gulbrandsen

KLAR TIL DYST: Fredrik Gulbrandsen under Moldes trening i Brugge onsdag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Nær døden i Tyrkia

For etter åtte år i utlandet, vende Gulbrandsen heim til Noreg i fjor sommar. Til slutt enda han opp i gamleklubben Molde, der han også spelte i 2013 til 2016.

Blant årsakene til at han kom heim var jordskjelvet han opplevde i Tyrkia 6. februar i fjor.

Gulbrandsen var ute med skade og var heime i leilegheita i 14. etasje i Adana da jordskjelvet ramma midt på natta og leilegheitsblokka begynte å svinge.

Over 50.000 døydde som følge av jordskjelvet. På veg ut av bygget frykta Gulbrandsen at bygningen skulle kollapse og at han skulle døy.

Nordmannen har tidlegare forklart til Romsdals Budstikke korleis han gjennom Lillestrøm i fjor kom kontakt med ein psykolog som hjelpte han med å komme tilbake på topp etter jordskjelvet.

– Vi gjekk gjennom traumet eg hadde vore gjennom. Eg sleit med å sove ein periode, og vakna med ei kjensle av at bygningen rørte på seg og rista. Det var litt panikk i starten, men det hjelpte veldig å snakke med psykologen, sa Gulbrandsen til avisa i fjor haust.

Han snakka igjen om korleis jordskjelvet hadde påverka han i vekas episode av Mush Hour, podkasten til tidlegare lagkompis Mushaga Bakenga.

– Eg har jo jobba med det. Eg har vore hos psykolog og prata om det, for det var ganske tøft i starten. Eg var 100 prosent sikker på at eg skulle døy da eg var oppe der, sa han.

– Når eg forklarer det, så kjenner eg ikkje at folk forstår kor sjukt det er. Eg var hundre prosent sikker på at bygningen berre skulle rase, sa han vidare om jordskjelvet.

Adana

STORE ØYDELEGGINGAR: Fleire bygningar i Adana var øydelagde etter jordskjelvet.

Foto: Reuters

– Fekk verkeleg støkken i seg

Effekten av å komme heim til Noreg trur Molde-trenar Erling Moe har hjelpt for Gulbrandsen.

– Eg trur at når livet smiler utanfor banen, med barn og at han trivst i kvardagen, så er det eit viktig aspekt når du skal prestere ute på banen. Dei to tinga trur eg heng saman, seier Moe.

Trenaren beskriv at Gulbrandsen fekk ei tøff avslutning på tida i Tyrkia.

– Han fekk verkeleg støkken i seg (etter jordskjelvet). Eg trur han hadde ein svolt og ei lyst til å komme heim og vise at han framleis kunne, seier trenaren vidare.

Moe legg til:

– Så langt, så bra. Så vil eg igjen påpeike at det er i kollektivet at individ skin. Så lenge vi klarer å hugse det, så kjem det til å gå bra for oss, seier han med eit smil.

– Kva har Fredrik Gulbrandsen tilført dette laget og kva forventa de eigentleg av han da han kom tilbake til Noreg?

– Det var vel dette eg forventa. Eg må kunne vere så kjekk og seie det, for vi kjente jo Fredrik godt frå før. Vi syntest han passet bra inn saman med dei andre vi har her. Det er klart det er lettare å vere god viss du er i eit lag som speler deg god, seier Moe.

Kampen i Brugge torsdag startar kl. 21.00. Den kan du høyre på radio på NRK Sport. Kampen blir også send på TV på Vsport1.

null
Spiller nå
Scorer fra egen banehalvdel (!) 00:28
Neste

Sportsnyheter

Ben White

Oppsiktsvekkjande Arsenal-grep felte rivalen: – Idiotisk av Spurs

Arsenal senka Tottenham i jakta på ligagull. Eit oppsiktsvekkjande daudballgrep frå «The Gunners» blir hylla av NRKs ekspert.

Siste nytt

  • Haaland tilbake med scoring i City-seier

    Erling Braut Haaland startet på benken, men kom inn og scoret da Manchester City slo Nottingham Forest 2-0. Det er jærbuens 21. ligamål denne sesongen.

    City er nå nummer to i Premier League, ett poeng bak Arsenal, men med en kamp mindre spilt. Forest er i andre enden av tabellen, ett poeng over nedrykksstreken.

    Haaland har slitt med en muskelskade den siste tiden og mistet to kamper, men var tilbake på benken mot Forest. Der satt også Oscar Bobb.

    Gjestene slet lenge med å skape sjanser, men tok ledelsen etter 32 minutter da Josko Gvardiol headet en corner fra Kevin De Bruyne i mål.

    Få minutter senere burde Chris Wood utlignet for hjemmelaget, men spissen avsluttet utenfor fra fem meter. Rett før pause fikk også stopper Murillo en kjempemulighet fra kort hold, men skuddet gikk i tverrliggeren og over.

    Like etter hvilen fikk Wood nok en stor mulighet, men klarte ikke å utligne.

    Haaland kom inn like etter timen og brukte kun ti minutter på å doble ledelsen for gjestene. De Bruyne spilte han igjennom, og Haaland var iskald foran mål.

    Bobb kom inn i det 89. minutt, men rakk ikke utrette stort.

    Erling Braut Haaland
  • Ny Bjørlo-perle da FFK imponerte igjen

    Igjen ble Fredrikstads Morten Bjørlo avgjørende da de hvitkledde tok sesongens andre seier. Sandefjord ble slått 1-0.

    FFK har ikke tapt siden serieåpningen mot Bodø/Glimt og imponerer i sitt første år i Eliteserien siden 2011. Seieren gjør at Fredrikstad er på 6.-plass. Sandefjord står fortsatt uten seier.

    Morten Bjørlo ble dagens mann.

    Bjørlo tok en berøring, orienterte seg og chippet ballen over den utrusende Sandefjord-keeperen.

    – Det er en klassescoring, fastslo TV 2-ekspert Yaw Amankwah.

    Sandefjord hadde noen kjempesjanser i den første omgangen, men maktet ikke å få ballen over streken. (NTB)

    Fredrikstad
    Foto: NTB
  • Molde holder følge med Bodø/Glimt – slo Haugesund 2-1

    To tidlige mål sørget for at Molde fikk en kjempestart på vei mot 2-1-seier over Haugesund i Eliteserien søndag.

    Med trepoengeren holder stadig Molde følge med serieleder Glimt. De har begge 13 poeng, men nordlendingene har bedre målforskjell og i tillegg én kamp mindre spilt.

    Magnus Wolff Eikrem var søndag tilbake i startelleveren etter skadetrøbbel og scoret kampens første mål. Deretter la Kristian Eriksen på til 2-0. Sory Diarra sto for gjestenes scoring i annen omgang.

    Både Fredrik Gulbrandsen og Eikrem var tilbake i startelleveren etter skadeopphold. Gulbrandsen hadde en flott målgivende pasning på Eriksens mål. (NTB)

    Molde
    Foto: NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal