Hopp til innhold

Tour de France-vinnar: – Feil å kaste ut Sagan

Den amerikanske sykkellegenda Greg LeMond rasar mot Tour de France-juryen og meiner det var feil å kaste verdsmeisteren ut av «touren».

Greg LeMond

UEINIG: Tidlegare Tour de France-vinnar Greg LeMond.

Foto: CHRISTIAN HARTMANN / Reuters

– Peter Sagan er ein agressiv ryttar, men han fortente ikkje å bli diskvalifisert frå Tour de France. Han dytta ikkje Mark Cavendish i bakken med vilje, seier Greg LeMond til Reuters.

Greg LeMond

VINNAR: Greg LeMOnd vann Tour de France i 1990.

Foto: Laurent Rebours / Ap

LeMond vann Tour de France i 1986, 1989 og i 1990 og jobbar som ekspert for Eurosport under rittet Frankrike.

– Har blitt dratt av bil

Juryen kasta ut Sagan fordi dei meinte han pressa og alboga Mark Cavendish ut i gjerdet i spurten på den 4. etappen.

Grunngjevinga til juryen var at han satte andre kollegaer i fare i sprinten.

– Eg synest avgjerda er for tøff. Nokon ryttarar har holdt seg fast i ein bil og blitt dratt framover i Tour de France, utan at dei har blitt diskvalifisert, seier LeMond vidare, og meiner at utkastinga er eit tap for rittet.

Også den doptatte Lance Armstrong rasar mot juryen på si eiga Facebook-side, ifølge Dagbladet.

Eg er ueinig. Deplassering, ja. Men å bli kasta ut? Eg er fullstendig ueinig, skriv Armstrong.

Sagan spurta inn til ein andreplass, men blei deplassert etter løpet.

- Eg var ingen sprintar, og vil aldri bli det, og klarar ikkje å tenkje som dei. Det er så mykje som skjer heile tida og du ser nye detaljar frå ulike vinklar på tv-skjermen. Mi meining er at Sagan ikke er skitten eller gjer noko ulovleg, skriv Armstrong vidare.

Peter Sagan er disket fra Tour de France

PRESSA UT: Mark Cavendish går i bakken.

Også Tour-kollega Andre Greipel meiner utkastinga er feil, og ber om orsaking for at han skjelte ut Sagan for å ikkje vere hans venn etter rittet.

Laster Twitter-innhold

– Rett avgjerdsle

Alexander Kristoff spurta inn til ein gledeleg tredjeplass bak Sagan, men blei naturleg nok flytta til andreplass.

Kristoffs stefar og trenar Stein Ørn meiner disken av Sagan er ei tøff avgjerdsle.

– Det var overraskende, fordi bildene viser at Sagan brukar albogen, men samstundes så prøvar Cavendish å gå i eit rom der det ikkje er plass, seier Stein Ørn til NRK.

– Sagan brukar armen. Og det er det ingen tvil om at han må få straff. Men Cavendish er borti Sagan før Sagan kjem ut med armen. Så det er også ein trugande situasjon for Sagan, når det kjem ein ryttar bak der. Så det er tøft å diske han slik, seier Ørn vidare.

NRKs sykkelekspert, Dag Erik Pedersen meiner derimot at utkastinga var riktig.

– Eg vil berømme juryen, som har satt hardt mot hardt, og seier at sånn oppførsel kan vi ikkje ha. Det Sagan gjorde var frykteleg, seier Pedersen.

Peter Sagan ville ikkje kommentere saka tysdag kveld.

Siste nytt

  • Storhamar knuste Vålerenga

    Storhamar var klart best og vant den tredje kampen 4-1 i NM-finaleserien mot Vålerenga.

    Laget fra Hamar leder nå 2–1 i kamper, og mangler to seire på å sikre seg kongepokalen.

    Storhamars Sverre Rønningen ble kampens store spiller med to mål for vertene.

    NM-sluttspillet ishockey menn, finale 1. kamp (best av 7), Storhamar -Vålerenga (5-1)
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Norsk hockey-tap i Ungarn

    Norge tapte 1–2 mot Ungarn i en privatlandskamp i ishockey fredag kveld.

    Viktor Granholm scoret Norges mål i overtall i det som NTB omtaler som en kamp som «ikke vil bli husket lenge».

    Norge møter Ungarn til ny kamp lørdag.

    Ishockey, treningskamp: Norge-Frankrike (3-4)
    Foto: Alf Simensen / NTB
  • Lyn vant etter kjempetabbe

    Lyn tok sesongens første seier da LSK Kvinner ble slått 1–0 i Toppserien fredag kveld.

    Kampens eneste scoring kom etter en fæl tabbe fra LSKs forsvarsspiller Camilla Huseby. Hun spilte ballen rett i beina til Lyns Jenny Røsholm Olsen, som vippet ballen over keeper og i mål.

    Lyn står dermed med fire poeng på fire kamper, mens LSK Kvinner står med to seirer og to tap etter fire runder.

    Toppserien i fotball 2024: Portretter av Lyn
    Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal