– Kona skjønte ingenting da Norsk Tipping ringte her om dagen. Eg seier jo ikkje noko før ting er heilt sikkert, seier Tore Morten Rønning og ler.
I morgon kan ein tilfeldigheit bli til noko stort for ein fotballinteressert trønder.
Såg potensialet tidleg
I haust satt 48-åringen og fylgde starten av Premier League. Tidleg skjønte han at noko stort kunne skje denne sesongen.
– Eg såg jo potensialet i laget. Det var direkte artig å sjå på dei. Eg såg det var 1000 i odds på Leicester-gull og tenkte kvifor ikkje? 100 kroner var jo ikkje alvor.
Men nå har hundrelappen han spelte med konas tippekort blitt til alvor. I morgon kan Leicester sikre seriegullet mot Manchester United og nå veit endeleg også kona kva som står på spel.
– Ho er eigentleg ikkje interessert i fotball, men nå begynner ho å bli interessert, humrar Rønning.
Utan at kona har fått vite om det, har Tore Morten fylgd Leicesters gulljakt i spenning gjennom heile sesongen.
– Det har vore heilt forferdeleg. Eg har jo gått og venta på downperioden heile tida og eg er langt frå sikker på at dei tek gullet ennå. Dei har eit vanskeleg kampprogram igjen og det kan kome skader og karantene. Eg vil ikkje selje skinnet før bjørnen er skutt, seier han og ler.
Tippa på Mjøndalen-gull i fjor
Derfor tenkjer han meir på at toppscorar Jamie Vardy ikkje er ser ut til å bli klar til morgondagens kamp mot Manchester United, enn kva han skal bruke ein eventuell gevinst på.
– Eg blir litt bekymra for at han ikkje står i troppen. Det blir utruleg spennande og eg kjem ikkje til å ha kvilepuls under kampen akkurat. Sjølv om Manchester United er favorittlaget ofrar eg ikkje 100.000 for ein siger til dei, ler han.
– Angrar du på at du ikkje tippa meir enn 100 kroner?
– Hehe, nei da hadde eg vore meir crazy. Eg tippar aldri for mykje pengar, men likar å fylgje med og tippar ein del på liveoddsen. Men så mykje pengar som 100.000 har eg aldri vunne.
Dette er heller ikkje fyrste gongen Tore Morten har sett pengar på usannsynlege ligagull. I fjor tippa han at Mjøndalen skulle vinne serien.
– Dei hadde jo gjort ein god sesong året før og hadde 1200 i odds, så eg prøvde meg.
48-åringen frå Vuku i Verdal blir ikkje lottomillionær, men vinn Leicester ein av dei tre siste kampane vinn Tore Morten Rønning ein gevinst dei fleste ville sett på som usannsynleg før sesongen.