– Om eg skal leve eit greitt liv, og ikkje minst prestere i idretten, så må eg stå fram. Dette var ein av tankane som kanskje skremde meg ut av skapet. Eg var redd for å ikkje få ut potensialet mitt fordi eg ikkje stod fram, fortel Stian Grastveit.
Langrennsløparen som fyller 23 år denne veka stod fram som homofil framfor familie og venner i april. For ein knapp månad sidan gjekk han også offentleg ut på sosiale media og fortalde om legninga si.
Dermed sette han punktum for ein prosess som starta for 10–12 år sidan.
– Fram til no har eg vore heilt sikker på at eg aldri kom til å kome ut av skapet. Eg har hatt tankar i hovudet som har sagt at eg heller vil gå heile livet med kone og barn, fordi det kjennast lettare. Men dei siste par åra har eg forstått at eg ikkje klarer å gjennomføre det, utdjupar Grastveit.
– Miljøet er raust
Han konkurrerer for Heming og er per no blant dei 30–40 beste langrennsløparane i Noreg. Målet hans er å bli best i verda på sikt.
Før Grastveit offentleggjorde at han er homofil grudde han seg til reaksjonane frå langrennsmiljøet. Frykta viste seg å vere heilt unødvendig.
– Eg har undervurdert folk. Langrennsmiljøet er veldig raust. Det er ikkje mindre rom for homofile i vårt miljø enn andre stader. Problemet ligg hos dei som opplever frykta for å stå fram, meiner Stian Grastveit.
Få står fram
22-åringen var til dømes redd for at lagkameratane ikkje ville bu på rom med han etter at han stod fram som homofil. Også denne frykta viste seg å vere heilt ugrunna.
Leiar i organisasjonen Fri (Foreininga for kjønns- og seksualitetsmangfald), Ingvild Endestad, har ikkje tal på kor mange mannlege toppidrettsutøvarar som har stått fram som homofile, men mange er det ikkje.
– Det er veldig bra at Stian står fram, både for jobben han sjølv skal gjere som langrennsløpar – og for han sjølv som person. Stian slepp å vere bekymra for å bli avslørt, misforstått eller utsett for fordommar. Han kan leve eit fullstendig liv, seier Endestad.
– Viktig med rollemodellar
Stian Grastveit håper at han ved å stå fram som homofil gjer kampen lettare for andre som kjem etter.
– Det hadde vore bra om nokon andre hadde stått fram då eg sjølv var i skapet. Eg trur det sit mange i idrettsmiljøet med dei same tankane som eg hadde. Eg håper dei no får nokon å relatere seg til, seier Grastveit.
Dette håpet deler han med Ingvild Endestad.
– Det er veldig viktig med gode rollemodellar, slik at andre i same situasjon ser at det går heilt fint å stå fram, seier Endestad.