Det er fem små veker til ein litt spesiell skisesong får sine fyrste stavtak. Ikkje berre fordi det ikkje er meisterskap, men denne verdscupsesongen blir sterkt prega av heile tre etappetourar, der halvparten av vinterens sprintrenn blir avgjort:
- 27.-29. november: Minitour Kuusamo
- 1.-10. januar: Tour de Ski
- 1.-12.mars, Tour de Canada
13 mann på ni plassar
Heile seks av vinterens tolv verdscupsprintar er ein del av desse tre etappeløpa. Og skal dei seks løparane på sprintlandslaget nå sesongens hovudmål som for dei fleste er å vinne sprintcupen totalt, blir det svært viktig å kome på laget.
Men det er lettare sagt enn gjort. Sju mann på allround-laget og dei seks nemnte sprintarane, i tillegg til eventuelle kometar utanfrå, kjempar om ni plassar.
– Det blir jo ein brutal kamp, ingen tvil om det.. Eg har sett litt på det tidlegare og prøvd å ta litt steg på distanse i år, seier Tomas Northug.
Har endra treninga
Og akkurat det kan bli spesielt viktig. Etter det NRK erfarer vil det til slutt berre vere plass til ein eller to «spesialsprintarar» i troppen. Det har gjort at fleire på sprintlaget har sett seg nøydde til å endre treninga i sommar.
– Eg har nok endra treninga for å bli ein betre allroundløpar i år, seier Eirik Brandsdal.
Lagets mest rutinerte som har vunne alt som er å vinne som sprintar, har gjort det same.
– Me har nok trappa opp enda meir og hatt større fokus mot distanserenn både som lag og for min eigen del. For å overleve distanserenna i tourane og vere fresh til sprintane, trur eg det er viktig å heve kapasiteten, seier Ola Vigen Hattestad.
33-åringen er klar på at det er å vinne sprintcupen samanlagt som er hans store mål i vinter. Då er han nøydd til å kome gjennom det svært tronge nålauget uttaket til dei tre tourane er.
– Dei beste sprintarane får gå uansett, der har me fått beskjed om. Signalet frå leiinga er at det er lettare for oss sprintarar å få sjansen i Canada der det er tre sprintar. Samtidig har eg veldig lyst til å gå Tour de Ski, sjølv om eg nok ikkje må gå der for å vinne sprintcupen.
– Ei stor utfordring
Sprinttrenar Arild Monsen vil ikkje love plass til nokon av gutta sine.
– Det blir ei stor utfordring med uttak i vinter. Eg har vore klar til gutta om at det ikkje blir plass til alle.
– Blir det vanskeleg for deg å få med spesialsprintarar i det heile tatt?
– Ja, det blir ikkje mange reine sprintarar som får plass. Det er absolutt ein fordel å vise at ein har kapasitet til å gå bra på ein 15 kilometer, melder Monsen.