Hopp til innhold

Norske Tobias herjar i Nederland: – Mange er sjokkerte over at vi gjer det så bra

Tobias Lauritsen (25) blir hylla for prestasjonane i Nederland sin store overraskingsklubb. Men det såg lenge ut til at han aldri ville få ein karriere som fotballproff.

Sparta Rotterdam

MYKJE Å JUBLE FOR: Sparta Rotterdam-spelarane feirar skåringa til norske Tobias Lauritsen.

Eg ser jo rundt meg at det plutseleg er ein norsk 18-åring som blir seld til Benfica for 100 millionar. På den alderen spelte eg i 3.-divisjon, så eg blomstra litt seint, men det er betre seint enn aldri, seier Tobias Lauritsen.

Og blomstrar, det gjer han for alvor no.

25-åringen, som gjekk frå Odd til Sparta Rotterdam i sommar, står med seks nettkjenningar og to målgivande pasningar i den nederlandske toppdivisjonen denne sesongen.

Nettstaden whoscored.com har nordmannen på sitt draumelag etter halvspelt sesong.

Laget gjer det veldig bra, eg gjer det veldig bra, ja det er gøy om dagen, seier ein nøgd Lauritsen til NRK på telefon frå Nederland.

Tobias Lauritsen - Sparta Rotterdam

FEIRAR SKÅRING: Tobias Lauritsen i Sparta Rotterdam-drakta

Nesten som ein sensasjon

Den tradisjonsrike klubben Sparta Rotterdam vart av fleire ekspertar spådd til å rykke ned.

Fasiten er ein heilt annan. Klubben ligg på 6.-plass og pustar lag som Ajax, Twente og PSV Eindhoven i nakken etter 20 rundar.

Mange er sjokkerte over at vi gjer det så bra, seier Lauritsen.

Les også: Ut mot Berisha etter Molde-avtale: – Har oppført seg som et «rauhål»

Eliteserien 2022: Viking - Sandefjord (1-2)
Eliteserien 2022: Viking - Sandefjord (1-2)

Viaplay-kommentator Paul Thomas Clay stadfestar det Lauritsen seier. Sparta-suksessen er ein stor snakkis i Nederland denne sesongen.

Det er nesten som ein sensasjon å rekne med i nederlandsk fotball at klubben ligg der oppe. Dei held fram med å prestere godt òg. Det var ikkje berre eit blaff i starten av sesongen. Det skal Lauritsen ha mykje av æra for, seier Clay til NRK.

Kommentatoren har følgt toppdivisjonen i Nederland tett dei siste åra.

Det å lykkast som spiss i æresdivisjonen er krevjande. Det er eit mykje høgare nivå enn i Eliteserien, fortel Clay vidare.

Paul Thomas Clay

IMPONERT: Viaplay-kommentator Paul Thomas Clay er imponert over prestasjonen til Tobias Lauritsen.

Foto: Privat

For Lauritsen har det vore ein draum å flytte ut av Noreg for å spele fotball. No bur han saman med kjærasten og dei to hundane deira i Rotterdam.

– Burde sagt ifrå at eg kunne spele spiss

I ein alder av 18 år spelte Lauritsen som midtbanespelar for Skien-laget Odd, men vart ikkje tilboden proffkontrakt av den dåverande trenaren Dag-Eilev Fagermo.

Eg signerte for Pors Grenland i 3. divisjon for å satse i eitt år til. Berre for å sjå kva det skulle føre til. Mange hadde nok gitt opp på det tidspunktet, men eg hadde alltid lysta og trua, seier Lauritsen.

Han søkte seg samtidig inn på vernepleiarstudiet for å kombinere det med speling i 3. divisjon. Det varte ikkje så lenge.

– Første skuledag var det ei forelesing der dei forklarte korleis det kom til å bli dei komande åra.

Les også: Toppserie-spilleren ble gravid: – Jeg følte meg som en byrde som ikke lenger var ønsket i klubben

Victoria Ludvigsen med barna
Victoria Ludvigsen med barna

Tilrådinga frå forelesaren om å legge inn 40 timar i veka, skremde fotballspelaren.

– Plutseleg sa dei at det var 15 minutts pause. Då sprang eg berre ut døra, og etterpå ringde eg dei og sa at eg aldri kom tilbake.

Det var slump som gjorde at Lauritsen vart angrepsspelar.

– Vi mangla ein spiss på laget. Så eg spelte der ein kamp, det resulterte i nokre skåringar. Eg heldt fram med å spele der resten av sesongen og skåra mange mål. Det var slik det vart til, hugsar han.

Berre eitt år etter at han vart vraka, ville Odd ha han tilbake. Han signerte dermed ein ny kontrakt med eliteserielaget – og vips var karrieren på rett veg igjen.

Det var Fagermo som var trenar. Det første han sa til meg var at eg burde sagt ifrå at eg kunne spele spiss, flirer Lauritsen.

Eliteserien 2022: Vålerenga-Odd (0-1)

MATCHVINNAR: Tobias Lauritsen vart matchvinnar mot Vålerenga for Odd i 2022.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Sjølv om han fekk proffkontrakt som 19-åring, var det ikkje før hausten i fjor at reisedraumen gjekk i oppfylling.

Det trur eg er veldig viktig for mange unge som ikkje får den første proffkontrakten dei er ute etter. At dei finn ein annan stad og kan blomstre der, og så heller få moglegheita litt seinare.

Tobias Lauritsen - Sparta Rotterdam

FEIRAR SKÅRING: Tobias Lauritsen i Sparta Rotterdam-drakta


– Liker spissar som han

Spissen er 194 centimeter høg og har imponert mange med ferdigheitene hans både i lufta og med beina.

– I Nederland liker dei den typen spiss som er bygd sånn som han. Den fysiske typen som har eit breitt spekter av eigenskapar og er litt multirolle-spelar, seier Clay.

Sportsnyheter

Women's Champions League - Quarter Final - Second Leg - Arsenal v Bayern Munich

Maanum hylles etter drømmescoring: – Ikke en keeper i verden som tar den

Det ble en stor jubeldag for to av Norges største landslagsstjerner.

Siste nytt

  • Norges Bordtennisforbund legger seg flate

    «Norges Bordtennisforbunds styre og administrasjon vil beklage til alle paraspillere som opplevde å måtte spille under dårligere forhold på fredag i NM», innleder forbundet pressemeldingen med.

    Videre skriver de at de ønsker at alle skal behandles likeverdig i norsk bordtennis og fremover blir det en tydelig innstramming med tanke på oppfølging av nasjonale arrangementer fra NBTF.

    NRK omtalte nylig at flere parautøvere opplevde å bli nedprioriterte under norgesmesterskapet i bordtennis for andre året på rad.

    Steffen Lande Salomonsen fra Stord var en av dem som raste. Han viste til at bordtennisnettet var skeivt og at det mangle skille rundt bordene for å stoppe ballene.

    Salomonsen skrev selv på Facebook at man ble møtt med direkte personangrep, som inneholdt diskriminering og nedlatende kommentarer. Han hevder blant annet å ha blitt kalt et «søppelmenneske»-

    NRK snakket med arrangørrepresentanten som var i munnhoggeri med Salomonsen, Olav Haraldseid.

    Han vedgår at det var høylytt diskusjon, men han mener Salomonsen har hørt feil og avviser på det sterkeste å ha kalla Salomonsen et «søppelmenneske».

    Også bordtennisprofil Tommy Urhaug reagerte på arrangementet.

    – Etter det vi opplevde på NM i fjor og etterspillet som var etter det, hadde vi som parautøvere et håp om at årets NM skulle bli bedre. Men det ble det dessverre ikke, skrev han på Facebook.

    Sommer-Paralympics i Tokyo 2021
    Foto: Torstein Bøe / NTB
  • Danmark avlyser fektestevne – ønsker ikke russisk deltakelse

    Det danske fekteforbundet (DFF) har avlyst et internasjonalt stevne i København. Årsaken er at DFF ikke vil ha russere og belarusere i aksjon.

    Det internasjonale fekteforbundet (FIE) har nemlig gitt russere og belarusere tillatelse til å delta igjen.

    Styreleder Jan Sylvest Jensen i DFF opplyser at avgjørelsen om avlysningen ble tatt onsdag kveld.

    – Vi kom fram til at vi dessverre ikke klarer å gjennomføre det. Det kan vi ikke gjøre når reglene er som de er nå, når russerne og belaruserne får være med, sier Jensen. (NTB)

  • Avis: PL-klubber vil forby bettingsponsorer på draktene

    Klubbene i Premier League er enige om en avtale som gjør at gamblingselskap ikke skal få lov til å fronte seg som hovedsponsor på klubbenes drakter.

    Ifølge The Times skal klubbene møtes torsdag, og en endelig avtale er ventet å komme på plass. Et eventuelt vedtak kan måtte vente til juni når Premier League har sitt sommermøte. Endringene skal foregå over en treårsperiode.

    8 av 20 klubber i toppdivisjonen har et gamblingselskap som hovedsponsor på drakten. Av de åtte er Fulham og Newcastle, men det er fra før bestemt at de skal ha andre sponsorer fra neste sesong.

    Det er likevel ventet at de klubbene som fortsatt ønsker det, vil få lov til å ha gamblingsponsor på ermene på drakten. Sponsorendringene i den engelske toppfotballen kommer av at den britiske regjeringen utarbeider et lovforslag som vil forby reklame for gambling.

    Ifølge The Times har en ikke navngitt klubb opplyst om at de mister rundt 130 millioner kroner i inntekt om de mister sin sponsor. (NTB)

    Britain Soccer Conference League
    Foto: Kin Cheung / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sport
Spiller nå
Nektet å prate om Haaland - så skjedde dette 01:00
Neste