Det er første gong ein nordmann får spele på eit så høgt nivå i det mest prrestisjetunge ishockey-sluttspelet i verda.
Men det betyr også at Thoresen er uaktuell for Noreg i VM.
I semifinalen blir det truleg lokaloppgjer mot Pittsburgh, som kan avgjere sin kvartfinale mot New York Rangers i kveld.
Det er samtidig conference-finale, altså kampen om å bli best i aust.
Thoresen fekk berre 4.58 minutt på isen i kampen natt til søndag. Ein av grunnane var at han pådrog seg to tominutts-utvisningar.
Tre raske for Flyers
Montreal opna best, og leia 3-1 midt i andre periode. Men tre mål på mindre enn tre minutt snudde kampen for bortelaget, som leia 4-3 før den siste perioden.
Montreal utlikna like etter siste pause, og fire minutt før slutt stod kampen framleis og vippa på 4-4.
Men 3.04 før full tid tok Flyers leiinga 5-4, og sette inn 6-4 i tomt bur 50 sekund før slutt. Scott Upshal og Mike Knuble sette inn dei to avgjerande måla.
Philadelphia Flyers - som var jumbo i NHL i forrige sesong - vann dermed kvartfinale-serien 4-1 i sigrar. Dei er klare for semifinale for første gong på 11 år. Og det med ein nordmann på laget.