Mandag ettermiddag sprang Norges beste skiskyttarar 3000 meter testløp. I forkant hadde dei allereie diskutert Johaugs fart, og om dei klarte å halde følge.
Under Impossible Games førre veke leverte Johaug 31:40.69 på 10.000 meter. Det betyr tre minutt og ti sekund per kilometer.
Johannes Thingnes Bø leverte 9.14 på 3000 meter måndag, og heldt dermed eit tempo på litt over 3.04 per kilometer, litt raskare enn Johaug.
– Det skil bare fem sekund. Det er ingen tvil om at han hadde fått grundig juling av Johaug, han hadde ikkje halde den farten i 10.000 meter, seier NRKs friidrettskommentator Jann Post.
Måtte kjølast ned
– Eg synest ikkje han er ein imponerande løpar, men det hadde eg ikkje forventa heller. Eg håpa han skulle springe raskare, men det ser ut som han er eit stykke unna toppforma, seier Post.
Post meiner han har mykje å hente på å disponere løpet. Bø følgde Bjøntegaard i starten, men gjekk tom då han nærma seg målstreken.
– Det hjelper ikkje at han opnar for hardt. Han spring den tyngste måten du kan springe på.
Bø sjølv er einig. Han slit med å finne ut av kvardagen med nyfødde Gustav og husbygging ved sida av livet som toppidrettsutøvar.
– Det er ikkje bra nok, jobben eg har gjort den siste tida. Eg slit med å gjennomføre treninga. Eg kjenner på skuffelsen av ikkje å ha gjort jobben, seier Bø til NRK.
Ein eventuell duell med Johaug hadde neppe gått i favøren hans, spår han.
– Det toget hadde passert meg etter 4 kilometer. Ho trenar godt og fortener all hyllest ho kan få. Det er utruleg bra, seier Bø.
– Ho har verkeleg ofra alt for å få mest ut av talentet. Det er vanskeleg å slå eit talent som også trenar hardast, seier han med eit smil.
Jann Post seier at Johaug trenar langt meir løping, og at det sånn sett ikkje er heilt rettferdig å samanlikne.
– Bø er ingen løpar, han er skiskyttar. Skøyting på ski er nok ikkje det som går best overens med løping. Det som er viktig er å vise framgang på eigne testar, seier Post.
Ei veke unna gullform?
Johannes Thingnes Bø pleier å trone øvst på resultatlista i langrennstid, men når skia blir bytta ut med joggesko blei han mandag slått av fleire av lagkameratane. Erlend Bjøntegaard klokka inn først på 3000-meteren.
Tarjei Bø måtte stå over løpet med ein strekkskade. Han er likevel ikkje veldig bekymra for veslebroren, som har for vane å ta det piano om sommaren og slå knallhardt tilbake om vinteren.
– Eg har ikkje sett han så mykje i det siste, og det er eit dårleg teikn. Johannes treng at trenaren heng over han. Gi han ei veke, så er han tilbake i gullform, seier Tarjei Bø.