– Det kjennast heilt utruleg. Det var enda større enn det eg trudde det kom til å vere, gliser ein svært stolt Johannes Thingnes Bø.
Han er tilbake i verdscupen og skal konkurrere for fyrste gong i 2020 etter at han sist veke blei far. Men Bø meiner han ikkje er i stand til å herje i løypa som han gjorde i Le Grand-Bornand like før jul.
Bonus å få verdscuprenn før VM
Til det har han fått sove for lite den siste veka.
– Eg er ikkje utkvilt og fekk ein liten knekk etter at eg reiste heimanfrå. Eg har ikkje gjort anna i dag enn å sove, flirer Bø.
Derfor går han inn mot helga med ei heilt anna forventing enn han brukar.
– Eg kan ikkje forvente å levere på same nivå som før jul. Nå må eg gå inn med låge skuldrer og prøve å gløyme at eg vanlegvis har lyst til å vinne.
Landslagstrenar Siegfried Mazet trur også han kan få det tungt på torsdagens 20 kilometer, men kjem til å vise seg betre fram på mixed-stafetten på laurdag og fellesstart på søndag.
– Eg håpar at han kan starte på same nivå som han gjorde før jul. Han har lagt ned god trening både før og etter fødselen. Sjølvsagt vil kanskje det fyrste rennet kanskje ikkje gå så bra, men seinare i helga trur eg han vil vere «back in business», seier Mazet.
Fourcade-siger fekk han ut på treningsøkt
Det var ikkje sikkert Bø skulle gå eit einaste verdscuprenn før VM, derfor føler han det er rein bonus å få stå på startstreken i Pokljuka.
Motivasjonen er også på topp etter å ha sett erkerivalen Martin Fourcade tilbake i toppslag den siste tida. Fourcade har vunne dei fire siste verdscuprenna og har tatt over leiartrøya.
– Det gjorde at eg kom meg ut på ei økt på kvelden etter å ha sett han vinne. Eg er glad for den konkurransen. Det er noko ein kjenner best på når ein er vekke, kor tent ein blir på å slå dei beste i verda, seier Bø.
Som han også sa før sesongen meiner 26-åringen at verdscupen samanlagt er tapt etter å ha stått over så mange renn.
– Han har tatt eit stort grep om verdscupen totalt og det er kjedeleg å kjenne på den kjensla. Me er bitre konkurrentar og det var kjedeleg å ikkje få utfordre han når han gjorde det så bra.
- 20 kilometer frå Pokljuka ser du på NRK1 og nrk.no torsdag frå klokka 14.05.