– Briljant. Eg elskar det. Eg bare elskar det, seier Sir Dave Brailsford om Ole Einar Bjørndalens rullande treningssenter.
Den mektige sykkelbossen i Team Sky har lagt sin elsk på tidenes vinterolympier og hans spesialbygde trailer.
Også to gangar Tour de France-vinnar Chris Froome er imponert over den kreative 42-åringen.
– I Team Sky treng vi bare å tenke på å komme oss på sykkelen og trene. Eg tar av meg hatten for dei som gjør ting på eiga hand. Det er ikkje enkelt, seier Froome og siktar til Bjørndalens ambisiøse prosjekt.
– Møte til våren
No jobbar verdas beste sykkellag med å få nordmannen med på samling for å lære om skiskyttarkongens omfattande treningsopplegg - og studere løysingane i Bjørndalens buss.
– Du kan ikkje forvente å komme med dei beste idéane sjølv heile tida. Du kan heller ikkje forvente at dei dukkar opp innad i laget, seier sportsdirektør Brailsford entusiastisk til NRK.
– Derfor ser ein andre stader. Ein får inspirasjon av andre som prøver andre ting. Ein ser ut med eit opent sinn og tenker «Vi kan bruke det og det og det for å forbedre oss sjølve». Akkurat det der er heilt fantastisk, seier Brailsford og peikar på biletet av Bjørndalen på trening i traileren.
VM-klare Bjørndalen er klar for å inspirere Team Sky framfor ein sesong der Chris Froome på ny er den største favoritten til å vinne Tour de France.
– Det er hyggeleg det. Vi får sjå om det kan bli eit møte til våren, seier Bjørndalen, som skal jakte medalje for Norge i Holmenkollen neste veke.
Meiner Bjørndalen er sjelden vare
Før OL i Sotsji flytta Bjørndalen inn i en bubil for å optimalisere førebuingane til leikane. Men det var ikkje nok. Derfor bygde han traileren, som gir han både optimale trening- og restitusjonsmoglegheiter.
– Det valet som eg no har gjort med å bygge denne traileren med optimale treningsmoglegheiter, trur eg er riktig for meg. Eg kan trene med god kvalitet heile tida, og det trur eg gjør at eg kan halde på med høg kvalitet ut karrieren, sa Bjørndalen då NRK var med på omvisning før sesongstart.
Sportsdirektør Brailsford meiner Bjørndalen er sjelden vare i toppidretten.
– Ein ting er å ha idéen. Det er noko heilt anna å gjennomføre det. Det er eit fåtal menneske som gjør slikt til ein realitet, seier Brailsford.