Hopp til innhold

Sjekk den spinnville Ingebrigtsen-effekten

Jakob Ingebrigtsen (21) har blitt den beste løparen i verda. I kjølvatnet av suksessen til nordmannen er den afrikanske dominansen brote.

Jakob Ingebrigtsen under EM i München

SUVEREN: Jakob Ingebrigtsen har vunne nesten alle konkurransar dette året. Rett bak han har det vorte stadig færre afrikanarar.

Foto: Javad Parsa / NTB

Nordmannen var i ei eiga klasse då han avslutta sesongen på topp i Zürich. Men Diamond League-finalen viste igjen korleis verdseliten på 1500 meter har endra seg i løpet av nokre år. Afrika er ikkje lenger det dominerande kontinentet.

Beste afrikanar vart nummer seks i VM. Og berre tre av årets 15 raskaste løparar på distansen er afrikanarar. Samtidig har Europa blitt stadig meir dominerande.

«Henrik-effekt»

Sjølv peikar Jakob Ingebrigtsen på ein «Henrik-effekt». Storebror Henrik Ingebrigtsen sprang seg inn i verdseliten under OL i 2012, som einsam europear i finalen.

– Med den femteplassen i OL såg ein at «oi, han var veldig kvit». At ein skil seg litt ut og at det faktisk er mogleg å bli bra i Noreg, som ikkje er så vanleg, om ein berre prøver hardt nok, seier Jakob Ingebrigtsen til NRK.

Sebastian Coe, Jakob Ingebrigtsen

FØR OG NO: Sebastian Coe (til venstre) var den beste mellomdistanseløparen i verda på 80-talet. No har Jakob Ingebrigtsen (t.h) følgt i hans fotspor.

Foto: VEGARD GRØTT / BILDBYRÅN

Jakob Ingebrigtsen meiner det har versert mange gode unnskyldningar om at afrikanarane er best og trur det kan ha gitt ei feig haldning.

– Ein må nesten vere litt dum for å prøve ting som eigentleg ikkje er mogleg. Så ser ein at mange følgjer etter og ser at ein kan bli gode til å springe vi og, seier Ingebrigtsen.

21-åringen berre spydspissen i utviklinga.

Jake Wightman vart i år den første verdsmeisteren på 1500-meter, som ikkje er fødd i Afrika, sidan Steve Cram i 1983. Bak Wightman følgde Ingebrigtsen og tre europearar til.

– Dei siste åra kan vi i stor grad takke Jakob på vegner av Europa. Han har gitt mange utøvarar grunn til å tru at det er mogleg å trene smart og hardt, og å vere konkurransedyktige i eit veldig globalt miljø. Det er bra, seier Sebastian Coe.

Coe er no president i Det internasjonale friidrettsforbundet (IAAF). Men på 80-talet var han den beste mellomdistanseløparen i verda. Dette var sist gong europearane dominerte mellomdistanseløpinga.

Snudd på hovudet

Utviklinga no er stikk i strid med historikken:

  • Afrikanske løparar har åtte av dei ti raskaste løparane på distansen gjennom tidene.
  • Dei 19 raskaste tidene er alle sett av afrikanske løparar. Jakob Ingebrigtsen har den 20. beste tida.
  • Afrika har inntil nyleg dominert listene over dei beste løparane kvart år.

Sjølv om den kenyanske rivalen hans Timothy Cheruiyot var nærast Ingebrigtsen torsdag kveld har verda forandra seg. Kenyanaren forsvann gjennom pressesona utan å stoppe torsdag kveld.

Jakob Ingebrigtsen foran i feltet under Diamond League-finalen i Zürich.

OVERLEGEN: Jakob Ingebrigtsen vann etter å ha lege føre alle rivalane sine undervegs i løpet i Zürich. Rett bak Ingebrigtsen spring kenyanske Timothy Cheruiyot.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP

– Eg trur at ein i fleire tiår har tenkt at resultatet var gitt på førehand då ein sprang mot Afrika. Men no er det meir konkurranse og det er bra, seier Sebastian Coe.

Coe fastslår at afrikanarane kjem til å halde fram med å vere sterke. Men han påpeikar at den nye konkurransesituasjonen på distansen er veldig viktig for friidretten.

Femdobbelt

Då storebror Henrik Ingebrigtsen (31) var i starten av karrieren si var biletet eit anna. Då kenyanaren Ašbel Kiprop tok det tredje VM-gullet sitt på rad i 2015 var det afrikansk totaldominans. Dei fem første løparane var alle afrikanarar. Og 11 afrikanarar var blant dei 15 raskaste løparane det året.

Henrik Ingebrigtsen løper mot mål og blir nummer fem i OL i 2012.

STOREBROR: Henrik Ingebrigtsen sprang inn til femteplass under OL i 2012. Han var då einaste europear i finalen. Taoufik Makhloufi frå Algerie vann.

Foto: Lise Åserud / NTB

Sidan har det gradvis skjedd eit skifte samtidig som Ingebrigtsen-brørne nærma seg verdstoppen. Men andre følgde også etter nordmennene.

Dette biletet har vorte kraftig forsterka dei to siste åra. Det vart spesielt tydeleg då gullvinnar Jake Wightman og fire andre europearar var framfor første afrikanar under VM. Ni av dei femten raskaste løparane i år er også frå Europa.

Britiske Josh Kerr (24) ser korleis Ingebrigtsen-brørne har høgna nivået i europeisk mellomdistanseløping. Sjølv tok han bronse under OL i fjor sommar.

– Eg trur det berre trengst ein europear som viser andre at ein kan konkurrere på dette nivået. Og då vil ein tenkje at om han kan gjere det, så kan vi også gjere det, seier Kerr.

I år er han ein av fem britiske løparar som har sprunge under 3.33 på 1500 meter. Alle fem er inne på topp 15-lista i verda.

Jake Wighman vinner VM-gull foran fire europeere i 2022.

EUROPEISK DOMINANS: Jake Wightman tok VM-gullet i år. Det skjedde framfor Jakob Ingebrigtsen og tre andre europearar.

Foto: Christian Petersen / AFP

NRK-ekspert Vebjørn Rodal meiner Ingebrigtsen-brørne har vore viktige fordi dei har vist at treningsprinsippa deira er openbert effektive. Fleire har late seg inspirere.

Den tidlegare olympiske meisteren på 800 meter trur utviklinga også kjem av at systematikken til europeiske og australske løparar er betre og at sterke personlegdommar har gått i brodden som gode førebilete.

Dei viser at kvite europearar gjerne kan lukkast på mellomdistanse. Det var jo slik tilbake på 80-talet. Så kom det ein veldig afrikansk dominans. Så er syklusen i ferd med å snu, seier Rodal.

Han påpeikar likevel at afrikanske løparar har vunne Diamond League-finalen 11 gongar på rad før Ingebrigtsen vann torsdag kveld.

Fleire dopingsaker

Samtidig har også den afrikanske framgangen hatt eit mørkt bakteppe. Mellom anna vart 50 kenyanske løparar tekne for doping i løpet av fire år fram til 2018. Då var det igangsett ei større internasjonal etterforsking av doping i Afrika.

– Ein kan ikkje leggje skjul på at det har blitt betre antidopingarbeid i Aust-Afrika. Sjølv om ein ikkje er i mål med alt det, så kan det også spele ei rolle, seier Rodal.

Historia viser at Ašbel Kiprop og landsmannen Elijah Manangoi, som tok alle VM-gull mellom 2011 og 2017 seinare er utestengde for brot på dopingreglementet. Rashid Ramzi, som vann OL-gullet i 2008 vart fråteke gullet på grunn av bloddoping, eitt år etter triumfen hans i Beijing-leikane.

Rodal trur ein kjem til å sjå ein sterk konkurranse mellom kvite løparar og dei klassiske løpartypane frå Aust-Afrika i åra framover.

– Det er veldig bra for sporten og veldig bra for mellomdistanseløping, seier Rodal.

Siste nytt

  • «Moi» mister norsk duell i Mesterligaen

    Mohamed «Moi» Elyounoussi (31) blir ikke klar til FC Københavns kamp mot Borussia Dortmund i Mesterligaen.

    Navnet hans er ikke blant de 19 uttatte i FCK-troppen til tirsdagens oppgjør i Parken. Klubben skriver at «Moi» er på klubbens skadeliste.

    Dermed blir det ingen norsk duell mellom Elyounoussi og Julian Ryerson, som i helgen spilte fra start i Dortmunds 1-2-tap for Bayern München.

    Det kan fortsatt bli et norsk mesterligamøte i København, men da må Birger Meling få sjansen. Venstrebacken så begge FCKs to første mesterligakamper fra benken. (NTB)

    Mohamed Elyounoussi i aksjon for FC København i Serieligaen
    Foto: NTB
  • Brunstad Fet forlenget med Bodø/Glimt

    Sondre Brunstad Fet (28) har skrevet ny kontrakt med Bodø/Glimt fram til sommeren 2028.

    Midtbanesliteren sier at det er flere årsaker til at han forlenger kontrakten med nordlendingene.

    Det hjelper godt på at supporterne har mast om forlengelsen lenge. Brunstad Fet føler seg ønsket med videre.

    – Det er veldig mange grunner til at jeg vil fortsette å være i Bodø/Glimt. For det første trives jeg veldig godt i Bodø både på grunn av lagkamerater og folk i klubben, men også supportere og folk i byen som gjør at det er lett å trives her. Så er det ingenting som kan måle seg sportslig med det vi jobber med her, og jeg føler vi har mer å gå på og flere steg å kunne ta. Det vil jeg gjøre sammen med klubben, sier 28-åringen til klubbens hjemmeside.

    Brunstad Fet kom til Bodø/Glimt fra Aalesund foran 2020-sesongen. Siden overgangen er det blitt 18 scoringer og 22 assists totalt på snaut 170 kamper. (NTB)

    fotballspillere takker publikum
    Foto: Reuters
  • Godt nytt for Brann – Horn Myhre kan rekke Europa-kamp

    Felix Horn Myhre (26) trente mandag og kan bli spilleklar til torsdagens kamp mot skotske Rangers i ligaspillet i Europaligaen.

    – Det er håp. Han var med på trening nå, og så venter vi på hvordan kroppen reagerer på det, sier Brann-trener Freyr Alexandersson, ifølge Bergens Tidende.

    Også BA sitter inne på de samme opplysningene om Branns midtbanejuvel.

    Sistnevnte melder også om at Niklas Castro ikke rekker kampen mot skottene.

    Horn Myhre spilte sin forrige kamp for Brann mot Viking 5. oktober. Han var også tatt ut til landskampene mot Israel og New Zealand, men ble sendt hjem til Bergen igjen etter å ha vært ubenyttet reserve i kampen mot Israel 11. oktober. (NTB)

    en mann i rød skjorte
    Foto: Carina Johansen / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal