– Eg var litt uviss på om eg skulle reise hit. Det har vore litt mykje for hovudet mitt. Så drog eg hit fordi eg følte eg trong å få utfordra meg i konkurranse. Eg skal ikkje seie at eg reiser heim med noka god kjensle, seier ein skuffa Ingrid Landmark Tandrevold til NRK.
Med åtte bom på dei tre ståande-skytingane, enda Tandrevold på 15.-plass, over tre minutt bak Tiril Eckhoff på fellesstarten på søndag. Laurdag skaut ho fire bom på dei fem ståande skota på sprinten.
– For min del har det vore eit ståande-spøkelse som har hengt over meg. Det jobbar eg kvar dag for å få til å forsvinne. Eg føler sjølv at eg har teke store steg i år. Eg har bytt våpen og jobba veldig hardt. Eg prøver å tenkje at ein må ta eit steg tilbake før ein tek eit fram.
– Blir frustrerte og skuffa
For nettopps ståande skyting er noko Tandrevold har slite med før. I fjorårets verdscup hadde ho ein treffprosent på 73 på ståande skyting. Til samanlikning hadde Marte Olsbu Røiseland ein treffprosent på 82.
Søndag var treffprosenten på ståande under 50 prosent.
– Konkurranse er konkurranse, og ein vil gjerne prestere når ein stiller til start. Det har eg ikkje gjort denne helga, særleg på skytebanen. Ein blir litt frustrerte og skuffa over ikkje å få til det ein trenar på, seier Tandrevold.
I målområdet etter løpet, vart ho sitjande gråtande og bli trøysta av Tiril Eckhoff.
– Eg sa at sommar-NM er sommar-NM. Det er noko anna til vinteren. Vi trenar kvar einaste dag saman heime. Det her er det berre å stryke, det er ikkje relevant, ho er mykje betre enn det her. Så er det berre å halde fram med å jobbe, fortel Eckhoff.
– De trenar saman kvar dag. Korleis kan det slå så ulikt ut i NM?
– Det er framleis nokre år mellom oss, men Ingrid har teke eit kjempesteg i år. Det kjem til å synast til vinteren, det er eg heilt sikker på.
– Treng ein pust i bakken
Sjølv om Tandrevold har gjort nokre endringar før årets sesong, og mellom anna bytt våpen, hjelpte det lite til helgas NM-øvingar. Totalt vart det 12 bom på 20 ståande skot i løpet av helga.
– Ein ting er som i går, når det skjer ein gong, då tenkjer ein at det er ein ny dag i morgon. Men når det skjer igjen i dag, då får ein den dårlege kjensla, seier ho.
No skal Fossum-utøvaren ta nokre dagar fri frå skytetrening og gjere eit forsøk på å kople av.
– Eg har bursdag neste veke, så eg får jo feire den. Akkurat no har eg lyst til å reise heim, tørrtrene, skyte og nitrene fram til neste helg, men eg veit at det ikkje er det som er det som gjer meg betre akkurat no. No treng eg eit pust i bakken, seier Tandrevold.