Kampen om å vinne verdscupen totalt lever i beste velgåande med to rundar igjen. Og aller best an ligg Ingrid Landmark Tandrevold, 93 poeng føre Lisa Vittozzi.
Men beviset på at ho akkurat nå er den beste skiskyttaren i verda, altså det gule startnummeret, er ikkje 27-åringen vidare begeistra for.
– Du kjenner litt at den gule trøya avheng litt av korleis andre gjer det. Det er slitsamt dersom ein samanliknar det ein sjølv gjer mot andre. For at eg skal prestere i skiskyting, så handlar det om å berre gjere det beste eg kan, seier Tandrevold til NRK.
- Hør herrenes stafett kl. 20.20 på NRK Radio i kveld.
Aukande press
Ho har fått spørsmålet fleire gonger denne sesongen, om det gir ein ekstra sjølvtillit å ha gjort det så bra. Svaret har vore «nei», og også overfor lagvenninnene har ho erkjent at ho ikkje er så glad i trøya.
– Det er jo ei merksemd som er gøy på ein måte, men det kan auke presset òg. Du har lyst til å gjere det bra, men det kan vere vanskelegare å gjere det bra med den gule trøya, meiner Juni Arnekleiv.
– Det forventningspresset er ikkje berre, berre, påpeikar NRKs ekspert Marte Olsbu Røiseland.
Dei norske skiskyttarkvinnene blei omtalte som eit usikkert kort før sesongen, men allereie under andre verdscuprunde i Hochfilzen kunne Tandrevold ikle seg den mykje omtalte gule leiartrøya.
Ho hadde den også under VM, men da kom nedturen. Sidan meisterskapen ikkje talde i verdscupsamandraget, beheldt ho den til renna i Holmenkollen der Fossum-løparen slo tilbake.
– Akkurat i dag var det gøy (å gå i gult). Niesene mine er her og ser på, og dei er berre to år og skjønner ikkje heilt skiskyting, men dei skjønte at tante Ingrid var ho gule, fortel Tandrevold.
Må finne superkreftene
Røiseland vann sjølv verdscupen samanlagt i 2022. Ho har eit klart råd til den tidlegare lagvenninna si.
– Det året eg tok den brukte eg det til noko positivt – at han gav meg superkrefter. Det gjeld å snu det til noko positivt, og eg håpar Ingrid kjem til å bruke dei superkreftene på dei to siste rundane.
Det viser berre at ho har hatt ein god sesong. Så eg håpar ho tar ho på seg i USA og lèt superkreftene komme, seier den tidlegare skiskyttarstjerna.
Også Johannes Thingnes Bø leier verdscupen når fem individuelle renn står att, 59 poeng føre storebror Tarjei Bø.
– Det kan vere slitsamt når det går mot slutten av sesongen, men trøya er jo ein styrke. Alle ønsker å gå med han og ha poeng til overs, for vi har jo høve til å feile meir enn andre, poengterer Thingnes Bø.
Men samanlagdsigeren er ikkje noko Tandrevold vil tenke på før avslutninga.
– Om dei andre er betre meg kan ikkje eg styre. Da prøver eg berre å gjere mitt beste. Så får andre drive og rekne på dei poenga, seier kvinna i den gule leiartrøya.
- Verdscuprunden frå Soldier Hollow i USA høyrer du på NRK Sport fredag kl. 20.20, og laurdag og søndag. Renna blir sende på TV 2.