Hopp til innhold

Sykkelstjerner i offentleg feide: – Han er ein forbanna klovn

Midt under Giro d' Italia har det blussa opp ein skikkeleg sykkelkrangel. No har også Lance Armstrong meldt seg på.

lance

HARDT UT: Lance Armstrong nøler ikkje med å komme med kraftige karakteristikkar om Jonathan Vaughters.

Ein hyggjeleg gest vart nemleg starten på ein offentleg krangel mellom nokre av dei store profilane i sporten.

Etter søndagens etappe av rittet, nølte ikkje EF Education-ryttar Ben Healy med å gratulere Brandon McNulty med sigeren. Men den episoden fekk EF Education-sjef Jonathan Vaughters til å tenkje tilbake på ei hending frå Giroens 13. etappe.

Då kjempa Groupama-FDJs Thibaut Pinot og Jefferson Cepeda i ein heftig duell. Etter rittet langa førstnemnde ut, og Pinot sa han var «rasande» over den manglande draghjelpa frå colombianaren.

Giro d'Italia

SUKSESS: Thibaut Pinot er i ferd med å gjere ein sterk Giro, men kranglar litt på Twitter mellom etappane.

Foto: JENNIFER LORENZINI / Reuters

– Stolt over å sjå at Healy gratulerte vinnaren i staden for å gå til media og grine over at livet er urettferdig. Herleg innstilling. Fantastisk person. Stor syklist, skreiv Vaugthers på Twitter.

Han vart raskt bede om å rette meldinga mot den alle skjønte at han meinte var grinete. Dermed vart Pinot også gjord merksam på kva den fritalande sykkelsjefen meinte om han.

– Kven er du? svarte han på Twitter-meldinga til Vaughters.

Det var på dette tidspunktet at Lance Armstrong melde seg på i samtalen. Den dopingtekne amerikanaren er blant dei mest kontroversielle karakterane i sykkelhistoria, men verkar ikkje å ha særleg høge tankar om Vaughters.

– Kven han er? innleidde Armstrong overfor Pinot.

– Han er ein forbanna klovn. I alle fall basert på dei over 30 åra eg har kjent han.

Lance tweet

– Veldig fritalande

NRKs sykkelekspert Sondre Sørtveit seier at Vaughters er kjend for den fritalande veremåten sin, og at det kan vere morosamt for fansen at det blir litt krangla blant sykkeltoppane.

– Vaughters er jo ein veldig fritalande, karismatisk og eksentrisk lagsjef. Han er ikkje redd for å seie det han meiner ut i media, seier han og held fram:

Portrettbilde av Sondre Sørtveit

EKSPERT: Sondre Sørtveit.

– Det at Thibaut Pinot blir litt kritisert for at han ikkje vil gratulere vinnaren og vere skuffa sjølv når han ikkje vinn, slik er det med mange syklistar. Men det er klart at viss Vaughters meiner sine ryttarane har betre sportsånd og aksepterer nederlag på ein betre måte, så må han berre meine det.

Avviser konflikt

NRK var måndag med på pressekonferanse med både Groupama-FDJ og EF Education. Førstnemnde lag ønskte ikkje å kommentere utspelet mot Pinot.

Hos EF stilte Healy opp til pressemøte. Han meiner kranglinga på Twitter berre er moro og avviser at det er dårleg stemning mellom han sitt lag og Groupama-FDJ.

Armstrong Vaughters

EIN GANG VENNER: Vaughters og Armstrong har ikkje alltid vore uvenner.

Foto: Michel Spingler / AP

– Det er berre sykling. Pinot er ein mann med mykje kjensler. Det er ikkje noko gale ved det. Han har ein lidenskap for det han gjer. Nokre gonger hemmar det han, men slik er syklinga. Han er ein sterk ryttar og han har teke nokre store sigrar, så eg trur ikkje han skal vere for skuffa. Eg har nokon venner i Groupama og det er berre noko vi kan le av, seier Healy.

Pinot legg opp etter denne sesongen, og Giro d'Italia er ein av hans siste høve til å vinne noko stort.

Tidleg i karrieren vart han kåra til årets ung ryttar i Tour de France, eit ritt han totalt har tre etappesigrar frå. Han har også to etappesigrar frå Vueltaen og éin siger i Giroen å sjå tilbake på.

Sportsnyheter

U21 EM-kvalifisering i fotball: Norge - Latvia (7-0)

Guardiola-spøk om Bobb: – Må ta med en flaske vin til meg

Manchester Citys Oscar Bobb (20) skal for første gang vise seg frem på A-landslaget. Markus Solbakken må bli hjemme denne gangen.

Siste nytt

  • Billettsalet til fotball-EM i gang

    Billettsalet til neste års EM-sluttspel i fotball starta tysdag. Celia Sasic, visepresident i fotballforbundet i Tyskland, melder om stor interesse.

    – Etterspurnaden er veldig stor. Det ligg an til å bli mange fleire kjøpsførespurnader enn det er billettar, seier ho.

    Om lag 1,2 millionar billettar er tilgjengeleg i den første salsperioden, som varer til 26. oktober.

    Prisane varierer frå 30 euro (342 kroner) for billigaste billettkategori i gruppespelet til 1000 euro (11.400 kroner) for høgaste billettkategori til finalen i Berlin. Det finst også VIP-billettar som kostar 2000 euro.

    Bortsett frå vertslandet Tyskland er ingen av deltakarane i sluttspelet kjent. EM-kvalifiseringa går føre seg til november, og dei tre siste plassane fordelast først gjennom nasjonsligaomspel i mars.

    Gruppetrekninga blir gjennomført 2. desember. Neste salsomgang skjer etter trekninga.

    Totalt er det 2,2 millionar billettar til de 51 kampane mellom 24 lag i ti tyske byer. EM avviklast i tida 14. juni til 14. juli 2024. (NTB)

    Pressekonferanse med Ståle Solbakken
    Foto: Martin Solhaug Standal / NTB
  • Russland varsler 300 Paralympics-deltakere

    Det kan bli inntil 300 russiske deltakere i Paralympics i Paris, anslår Pavel Rozjkov, som er leder i Russlands paralympiske komité (RPC).

    Han legger til at antallet vil bli null dersom utøverne må signere en erklæring om at de fordømmer Russlands krigføring i Ukraina.

    Generalforsamlingen i Den internasjonale paralympiske komité (IPC) stemte i forrige uke for bare delvis suspensjon av Russland og Belarus. Det betyr at utøvere fra de landene kan delta i Paralympics som nøytrale og uten bruk av nasjonssymboler.

    – Omkring 300 utøvere kan få delta. Vi håper at særforbundene lar våre utøvere være med i konkurranser slik at de kan kvalifisere seg, sier Rozjkov til nyhetsbyrået Tass, gjengitt av nettstedet Insidethegames.

    – Kriteriene for deltakelse er svært generelle. IPC-styret vil med det første formulere dem klarere, legger han til. (NTB)

    VbGBwnS13AI
    Foto: NTB
  • Dommerne fra Liverpool-kampen vrakes

    De to VAR-dommerne som feilaktig annullerte en Liverpool-scoring mot Tottenham i helgen, får en pause fra kampene i neste runde, skriver BBC.

    Darren England og hans assistent Dan Cook har måttet tåle hard kritikk etter at de lot være å bryte inn da Luis Diaz feilaktig ble avvinket for offside. VAR-feilen kostet Liverpool et ledermål, og laget endte med å tape 1–2 i en kamp der det også fikk to røde kort.

    Dommerforeningen PGMOL har uttalt at målet burde blitt stående, og at tabben i VAR-rommet var en «betydelig menneskelig feil».

    Verken England eller Cook blir involvert i kommende helgs kamper i Premier League. Det blir derimot hoveddommeren og fjerdedommeren fra den nevnte kampen, Simon Hooper og Michael Oliver.

    BBC skriver at Hooper skal være VAR-dommer i kampen mellom Everton og Bournemouth, mens Oliver blir VAR-dommer i Luton – Tottenham og hoveddommer i toppkampen mellom Arsenal og Manchester City.

    (NTB)

    Britain Soccer Premier League
    Foto: Alberto Pezzali / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal
Sportsvideoer
Spiller nå
Hovland med hole-in-one - bilder med tillatelse fra Viaplay 01:16
Neste