– Ted-Jan Bloemen er favoritt, seier Kramer til schaatsen.nl.
– Har du sett verdsrekord, er du favoritt. Det har han gjort denne sesongen, det har ikkje eg. Eg veit eg må grave djupt for å slå han, seier Kramer.
I Salt Lake City i november slo kanadiske Bloemen Kramers «uslåelege» verdsrekord med over fem sekund og senka rekorden til ufattelege 12.36,30.
Kramer er heller ikkje regjerande meister på distansen verken i VM eller OL. Han har rett og slett mista alt på skøytesportens manndomsprøve.
Det vil ikkje tidenes mestvinnande meisterskapsløpar finne seg i. Og går derfor «all in» på 10.000 m i VM i russiske Kolomna denne veka for å ta mil-trona tilbake.
Det får konsekvensar:
- Kramer satsar så stekt på 10.000 m torsdag at han står over lagtempoen fredag.
- Nederlands lag blir dermed svekka, og det aukar sjansane for andre lag – mellom andre Norge.
- Norges sterkaste løparar Sverre Lunde Pedersen og Håvard Bøkko står derfor over den klassiske distansen 1500 m for å gå «all in» på lagtempoen, i håp om endeleg å slå hittil uslåelege Nederland.
Nederland har vunne lagtempo for menn sju av dei åtte gongane øvinga har stått på VM-programmet. Til samanlikning har Norge bronsen frå 2005 som einaste medalje.
Det er ikkje med lett hjarte Sven Kramer står over lagtempoen. Men trenaren forklarer det med løpsprogrammet i VM.
– 10.000-meteren går første dagen (torsdag), og 5000 to dagar etterpå. Då blir det for stor belastning å gå lagtempo dagen imellom seier trenar Geert Kuiper til nos.nl.
Den rekkefølgja vart innført i fjor, og vart sterkt kritisert, også av Norge.
Langdistansekonge i ti år
Kramer har vore skøytesportens langdistansekonge det siste tiåret. Men dei siste sesongane har han stort sett satsa på 5000 m, ettersom han uansett har «eigd» 10.000 på grunn av sin nærmast uangripelege verdsrekord på 12.41,69 frå 2007.
Men han er ikkje regjerande meister på distansen verken i OL eller VM. VM-gull tok han sist i 2009, OL-gull har han aldri tatt.
Og då verdsrekorden vart knust av nederlandsk-kanadiaren Bloemen i november, sat Kramer att med ingenting.
Derfor er det store målet VM-gull på mila.
Comeback etter stygg skade
Då Bloemen gjekk sitt rekordløp i Salt Lake City, slo han Kramer med nesten åtte sekund.
To veker etter rekordløpet vart Bloemen stygt skadd av ei skøyteegg i leggen. Mange frykta at sesongen var over, men allereie i verdscupløpa i Stavanger i slutten av januar var han tilbake.
Då tok han tredjeplassen på 5000 m, berre 2,34 sekund bak Kramer, som vann.
– Der gjekk han godt, og han var nærmare meg då enn i Calgary i november, seier Kramer.
Som tviheld på at Ted-Jan Bloemen er favoitt.