Ikkje sidan 1–0 over Sogndal 23. oktober i fjor hadde Strømsgodset reist heim med tre poeng. Derfor smakte det ekstra godt for drammensarane i dag.
Trenar Tor Ole Skulleruds ekstatiste jubelsprang ved sidelinja etter sluttsignalet fortalde tydeleg kor viktig denne sigeren var for Strømsgodset.
– Vi var dårlege før pause, då har Stabæk store sjansar. Men vi gjennomførte ein god andreomgang, sa Skullerud til Europsort etter at han hadde roa seg litt.
– Det smakte utruleg godt, sa målscorar Eirik Ulland Andersen til Eurosport.
Stabæk styrte første omgang, men Marcus Pedersens scoring for Godset blei omgangens einaste.
– Vi hadde mange sjansar, men vi var ineffektive. Første omgang var god av oss, men ikkje den andre, seier Stabæk-trenar Tony Ordinas.
– Vi må bli meir aktive i presset lengst framme, legg han til.
Han scora på den aller første sjansen for bortelaget. Jonathan Parrs innlegg utmanøvrerte heile Stabæk-forsvaret, og Pedersen hadde ingen problem med å score frå kort hald.
Godset var langt meir med i spelet etter pause, og det var Eirik Ulland Andersen som sette inn 2–0 via tverrliggaren. Han fekk returen i beina etter først å ha skote i stolpen.
Midt i omgangen blei Ronald Hernandez felt av Henning Hauger, utan at Stabæk fekk den straffen tv-reprisen viser at dei truleg skulle hatt. Straffe og scoring då kunne gitt ei anna avslutning av kampen. Men dommaren var av ei anna oppfatning.
– Eg trudde også det var straffe, og slepp litt billeg unna. Det var ikkje med vilje, men eg sklir, seier Henning Hauger, som var tilbake på sin gamle heimebane.