Hopp til innhold

Alexander Stöckl opnar opp om avskjeden: – Håpar det berre blir stille

Alexander Stöckl var landslagstrenar i ein av dei mest suksessrike periodane for hopplandslaget nokosinne. Han peikar på ei utvikling i rolla som grunn til avskjeden.

Alexander Stöckl

SNAKKAR UT: Alexander Stöckl er ferdig som landslagssjef for hopp etter 13 år.

– Det var ikkje nokre teikn i forkant på at ting var såpass ille. Og så sat eg med kjensla at: Ved å ta direkte dialog ved dag éin, så hadde vi funne ei løysing som var betre for alle, seier Stöckl som gjest i Dagsrevyen måndag kveld.

Hopptrenaren har blitt folkekjær sidan han tok over ansvaret som landslagstrenar i 2011. Førre veke kom den endelege bekreftinga på at han er ferdig i jobben, etter misnøye frå landslagshopparane.

Hopparane uttrykte for første gong misnøye i eit brev til hoppkomiteen etter VM i skiflyging i slutten av januar.

– Kva bør ein ny trenar gjere?

– Ein ny trenar burde kanskje vere meir trenar og meir fokusert på det som handlar om sjølve utøvarane.

– Var det der du bomma?

– Eg tok eit val. Og det var faktisk å sørge for at dei som er rundt meg: Trenarteamet og støtteapparat får gjort jobben sin, og dermed tok eg på meg mange andre arbeidsoppgåver som vi ikkje hadde personale til som da sannsynlegvis førte til at avstanden mellom utøvarane og meg blei større, seier Stöckl.

Hoppuka

SUKSESS: Dei norske hopparane har levert nokre strålande år under Stöckls leiing. 

Foto: Geir Olsen / NTB

Stöckl: Treng fornying

På spørsmål av kva han trur norsk hoppsport treng, svarer han:

– Det er sannsynlegvis ei fornying. Det er det moglegheiter for nå. Eg trur utøvarane og trenarane rundt skal prøve å få det til så godt som mogleg. Det er eit VM som kjem på heimebane. Det blir spennande. Det er nok ein stor motivasjon, seier han.

Dei siste åra har vore prega av opprivande konfliktar. Blant anna har den nå avgåtte sportssjefen Clas Brede Bråthen ved fleire gonger vore i konflikt med leiinga i Skiforbundet, i tillegg til prosessen rundt Stöckl sjølv dei siste månadene. Hoppgreina har også over fleire år hatt ein pressa økonomisk situasjon.

– Kva trur du om framtida til norsk hoppsport?

– Eg håpar berre det blir stille og at ein kan fokusere på det som eigentleg er viktig, og det er treningsarbeid og innsats inn mot konkurransar. Med gode prestasjonar så håpar eg at folk kjem til å sjå på og heie på, og at hoppsporten lever vidare på ein ordentleg måte.

Les også Stöckl fornøgd med sluttavtalen: – Har fått fleire jobbtilbod

Hopp, take off før sesongstart

– Eg kjenner vi alltid har prøvd å legge til rette så godt vi kunne. Vi har jobba veldig hardt i åra som har vore. På grunn av den store belastninga, så har det vore vanskeleg å vite at utøvarane har hatt stor misnøye. Har vore vanskeleg å sjå at det var noko som ikkje fungerte.

– Eg føler at vi har mangla litt ressursar dei siste åra. Det har vore ei utfordring med sponsorar. Det veit alle. Det har også ført til ein del som har oppstått undervegs.

– Er det noko du tar sjølvkritikk for eller angrar på i denne prosessen?

– Når ein endar opp i ein slik situasjon som eg gjorde nå, så tenker eg at det er viktig å reflektere og finne ut om ein kunne gjort noko betre. Eg har betraktningane mine rundt det, kva eg kunne gjort betre, men det ønsker eg å behalde for meg sjølv.

Takkar for støtte

Midt i stormen har den populære tidlegare trenaren opplevd at det norske folk har trykt han til sitt bryst.

– Det betyr mykje for meg som menneske. Så det set eg veldig stor pris på. Det bekreftar at eg har gjort noko riktig, seier han.

– Det er så utruleg mange meldingar og blomsterbukettar som er sendt heim til meg med handskrivne brev. Det har vore heilt magisk. Det har sjølvsagt vore ei fantastisk støtte, fortel 50-åringen.

Misnøye etter VM

Etter VM i Kulm var ikkje Alexander Stöckl å sjå på eit einaste hopprenn med det norske landslaget som trenar.

– Det har vore ei ganske krevjande tid for meg, eigentleg for alle. Det tok lang tid, men som eg har sagt tidlegare, så ville det vore betre om eg fekk prate med hopparane direkte frå starten. Men den mogelegheita fekk eg ikkje.

Stöckl var til stades som tilskodar under hopparane si avsluttninghelg i Planica i mars. Der snakka han og utøvarrepresentant Johann André Forfang ut. Men Stöckl har ikkje snakka med utøvarane no i seinare tid.

– Ber du nag til dei?

– Nei, det gjere eg ikkje. Vi har hatt eit fantastisk forhold over mange år. Vi har skapt store augneblink saman. Eg ønskjer dei lykke til vidare og håpar dei utviklar seg vidare.

Ryoyo Kobayashi setter ny verdensrekord på Island

Monsterhoppet skaper full splid: – Er ikke i henhold til reglene

Fått fleire jobbtilbod

I pressemeldinga fredag skreiv Skiforbundet at generalsekretær Arne Baumann var einig med Stöckl i at prosessen rundt misnøyene kunne vore handtert betre, og at Skiforbundet skulle ta læring av det.

– Sjølv om ting har vore litt vanskeleg, kjenner eg at gjennom god dialog med spesielt Arne Baumann, og gjennom den pressemeldinga som gjekk ut, der ting er framstilt rett, kjenner eg at eg har fått ei slags oppreising etter alt som har skjedd dei siste månadene, seier Stöckl.

Nå ønsker han å sjå framover. Han seier sjølv at han har fått fleire jobbtilbod, både innan og utanfor hoppbakken.

– Det er då snakk om trenarjobbar?

– Det kan eg ikkje sei noko meir om.

Men til NRK stadfestar han at det ligg svært spanande tilbod på bordet. No skal han rådføre seg med familie og vener før han bestemmer seg i løpet av dei neste vekene.

– Det er jo tenkeleg at det er på tide å gjere noko anna.

Ein ting er han likevel fast bestemt på. Han og familien kjem ikkje til å flytte frå Noreg.

– Absolutt ikkje. Vi trivest veldig her og er godt etablert. Vi har dottera vår på skule i andre klasse no, så vi har ikkje nokon tankar om å flytte frå Noreg.

– Men man kan bu i Noreg og jobbe i utlandet?

– Ja, det er mogeleg det, seier han med eit smil.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal