– Det skal bli interessant og utfordrande. Eg gler meg til å kome tilbake til miljøet for det er noko eg har sakna, seier den nyutnemnde landslagstrenaren til NRK.
Skavik var på slutten av 90-talet og fram til 2004 tekniske trenar for dei norske verdscupalpinistane før han valte å slutte og gå over til det private næringsliv.
– Steve er ein fagmann som ønska seg tilbake til faget. Det måtte jo passe for han, og så var vi så heldig at det gjorde det no, seier sportssjef Claus Ryste.
Mellom annan jobba han nokre år i Narvikfjellet AS. På midten av 2000-talet var han også aktuell som trenar for det svenske alpinlandslaget.
Dei siste 11 år har han mellom annan vore sportssjef med suksess for alpinsatsinga til Heming IL i Oslo.
– Det var jo litt med familiesituasjonen som gjorde at eg slutta sist. No har eg fått eldre barn og vore lenge i min andre jobb, så då såg eg på dette som ei fin mogelegheit no.
Tilbake på øvste nivå
– Vi har jo eit veldig sterkt lag. Flotte utøvarar og vi har sterk kompetanse og ein kultur som vi vil bygge på, seier Ryste på spørsmålet frå NRK om kva som lokka Skavik tilbake til landslaget.
Han fortel vidare at han trass alt har vore med på dette tidlegare som mangeårig teknisk trenar for alpin-gutane.
– Han veit jo kva dette går i og han ivra for å bygge opp norsk alpin heile sitt liv. No får han vere med på øvste nivå att og bruke sin kompetanse, og eg trur det var det som lokka han, seier sportssjefen.
NRK kunne i går fortelje at Christian Mitter i går valte å slutte på det norske landslaget etter 12 år. Han reiser no heim for å overta som landslagstrenar for det austerrikske kvinnelandslaget.
Byrjar med blanke ark
Mitter oppnådde særs gode resultat, men den utfordringa skremme ikkje Skavik.
– Nei, det må ein jo berre ta. Mitter har gjort ein kjempejobb, men det må gå vidare. Enkelte ting kan man gjere på andre måtar og det trur eg er sundt.
Han seier han vil bruke den første tida på å bli kjent med laget og apparatet rundt, før han etter kvart startar med å legge dei store planane. Han har fått med seg at det siste tida har storma litt rundt alpinlandslaget, men det plagar han ikkje.
– Eg tenker å byrje med blanke ark på det området, seier Skavik.
Jansrud ønska Mitter vidare
Kjetil Jansrud seier at han og resten av løpergruppa hadde ønska at austerrikaren skulle halde fram som landslagssjef.
– Vi mistar ein som har gjort veldig mykje for kulturen på laget. Christian har vore ein pådrivar for profesjonalitet. No må vi bygge heilt nytt og det er trist, men samtidig ein mogelegheit.
33-åringen er likevel positiv og svært glad for at er Steve Skavik som kjem inn som ny landslagstrenar.
– Når du først skal miste ein verdscupsjef og skal hente ein frå Norge, så kjem Steve veldig høgt på lista over dei han vil hente, så eg er veldig glad for at har takka ja til det.
Han trur samtidig at den nye landslagstrenaren si viktigaste oppgåve er å rydde opp i det bråket som har vore kring landslaget, mellom anna med den sivile rettssaka til Henrik Kristoffersen.
– Eg trur han handterer dette veldig bra. Det er naivt å tru at det ikkje har vore gnistringar i eit alpinlandslag tidlegare. Det har han handtert før.
– Det første han må ta tak i er at det sportslege nivået er så høgt at vi kan halde fram med å vinne renn. Det er heldigvis ikkje så vanskeleg, seier Jansrud med eit smil.