Fem medaljar på fem løp. Det var utbytte sist ho gjekk meisterskap. Sånn sett ville det vore naturleg å proklamere Ingvild Flugstad Østberg som medaljekandidat på alt i Planica.
Men når VM for hennar del i år startar med 15 km skiatlon laurdag, er det fire år sidan dei fem medaljane i Seefeld. To meisterskap, eit VM og eit OL, blei borte for 32-åringen frå Gjøvik.
STORFANGST: Sist Østberg gjekk meisterskap, blei det medalje i alle renn.
Foto: Terje Pedersen / NTBDå verdseliten, inkludert hennar eigne lagvenninner, kjempa om medaljar i Oberstdorf og Beijing, hadde ho ikkje lov til å konkurrere. Ingvild Flugstad Østberg sleit med balansen mellom trening og eting, og innfridde rett og slett ikkje krava til den obligatoriske helseattesten som blir nytta i norsk langrenn.
– For eit år sidan var eg ganske langt frå å sitje her no, og det har vore langt frå sjølvsagt at eg skulle vere her eg er no. Eg visste jo liksom ikkje om eg skulle klare det igjen. Så det har vore veldig spesielt, seier Østberg.
Trøyttleiksbrot
Det var på Beitostølen i november 2019 ho først fortalde om startnekten. Ho kom tilbake i konkurranse den sesongen, men i mars 2020 måtte ho igjen kalle inn media til pressekonferanse. Østberg hadde pådrege seg eit trøyttleiksbrot, ein klar indikasjon på at problema ikkje var under kontroll.
TRØYTTLEIKSBROT: Sommaren 2020 bestod i alternativ trening med skjene på venstrebeinet.
Foto: Eskil Wie Furunes / NRKSeinare same år skulle det dukke opp eit nytt trøyttleiksbrot. At Oberstdorf-VM i 2021 kom til å ryke, låg allereie då i korta.
Men fram mot OL i Beijing, kjende Østberg at ho verkeleg tok tak i problema. At ho likevel ikkje klarte å innfri krava til helseattest, var brutalt å akseptere.
– All jobben du har lagt ned kjennest veldig, veldig, veldig, veldig bortkasta. Og det er vondt. Du har gjort alt ditt beste for å gå fortast mogleg på ski, for å representere Noreg, for å ha det gøy saman med lagvenninner og andre, og så får du på ein måte han i fleisen, så då er det sånn ..., seier Østberg, og lèt det henge i lufta.
– Då var det liksom berre å telje til ti – og meir enn det, for å seie det sånn. Eg har vore veldig nedfor, men eg har liksom ikkje – trur eg – gått heilt sånn i ... Eg har ikkje gått heilt i svart, liksom. Og eg har klart å halde hovudet over vatnet og ha det bra med folka rundt.
Frustrasjon
Og apropos «folka rundt». Eit av dei store dilemmaa har vore at dei næraste, dei som har prøvd å hjelpe henne, òg er dei som har nekta henne å gå skirenn.
– Det der er jo ein vanskeleg situasjon både for meg og dei. Dei påpeikar jo – og eg kjenner – at dei ønsker mitt beste, og så samtidig skal jo dei fortelje deg at «nei, du får ikkje gjere det du har mest lyst på, det du har jobba så inderleg hardt for å få til.» Så det har vore litt krevjande til tider, erkjenner Østberg.
– Har du nokon gong blitt sint på nokon for at nokon har sagt nei?
– Ja ... Det er på ein måte ein sjølv ein er mest sint på, men så går det jo ut over ein bodbringar eller ein som tek ei avgjerd, utan at eg har vore usamd. Eller usamd, kva skal eg seie ... Eg har jo uttrykt frustrasjon, noko anna hadde kanskje vore rart.
– Kvifor har du orka?
– Det har både eg og andre spurt meg om mange gonger òg, og kanskje spesielt dei rundt som berre «fytti rakker'n, eg skjønner ikkje at du har gidda og orka å gjere alt det du har gjort og ikkje visst om du i det heile fekk gå skirenn», seier Østberg.
Tullete motivasjon
Men lysta til å vere skiløpar har ikkje drukna.
– Viss motivasjonen ikkje hadde vore der, då hadde eg jo ikkje gjort alt eg har gjort heller, så han har jo vore tullete til stades.
DUKKAR OPP IGJEN: Fire år etter førre meisterskap, er Østberg endeleg tilbake.
Foto: Terje Pedersen / NTBNo er altså Ingvild Flugstad Østberg i VM igjen. Og med resultatserien 2-4-4-3 i dei siste verdscuprenna ho gjekk før VM, har ho alle høve til å halde fram medaljerekkja der ho slapp i Seefeld for fire år sidan.
Å vere tilbake er ein siger i seg sjølv. Men sjølvsagt håpar Østberg å kjempe om medaljar.
– Samtidig som det ikkje er ein medalje som definerer om VM har vore vellykka for min del. Og sånn som eg ser det no, sånn heilt oppriktig, så vil ein medalje vere veldig bonus. Eg er veldig stolt av at eg har klart å komme meg dit eg er no, så det vil faktisk kjennast som det.
Laurdag går Ingvild Flugstad Østberg 15 km skiatlon saman med Silje Theodorsen, Anne Kjersti Kalvå og Astrid Øyre Slind.